Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 7. mai 2008 kl. 10

Dato:
President: Carl I. Hagen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 5

Borghild Tenden (V) [11:43:57]: Jeg har følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«Mange kommuner, bedrifter og organisasjoner er engasjert i utviklingen av alternative og klimavennlige drivstoff. Flere av disse har gått sammen i prosjektet å realisere en hydrogenvei mellom Stavanger og Oslo. Flere ser arbeidet for en mer miljøvennlig framtid i sammenheng med et potensial for næringsutvikling. Mange av prosjektene ligger imidlertid på vent på grunn av manglende bevilgninger over statsbudsjettet.

Hvordan vil statsråden medvirke til realisering av «Hydrogenveien»-prosjektet?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:44:30]: Regjeringa prioriterer større summar til alternative og klimavenlege drivstoff enn det som har skjedd under noka tidlegare regjering i dette landet.

Det er store miljøgevinstar å hente gjennom å utvikle nye teknologiar som er meir energieffektive og meir miljøvenlege. Regjeringa prioriterer difor høgt tiltak og verkemiddel som kan framskunde bruken av nye drivstoff og teknologiar som kan redusere CO2-utslepp og andre miljøskadelege utslepp frå transportsektoren.

I 2008 har Regjeringa løyvd 33,6 mill. kr til prosjekt knytte til FoU og demonstrasjon av nye og meir miljøvenlege drivstoff- og transportteknologiar over Samferdsledepartementet sitt budsjett. Løyvinga i 2008 utgjer ein rekordstor auke på over 10 mill. kr, eller 45 pst., samanlikna med løyvinga i 2007.

Samferdsledepartementet sin stønad til FoU innan miljøvenlege transportteknologiar vert kanalisert gjennom Noregs forskingsråd og RENERGI-programmet. Det er Forskingsrådet som fordeler midlane mellom dei ulike FoU-aktivitetane og avgjer kor mykje som skal tilkome f.eks. HyNor-prosjektet, og kor mykje som skal løyvast til andre prosjekt.

Gjennom fleire år har hovudparten av stønaden gått til HyNor og andre hydrogenprosjekt. Frå 2007 til 2008 har Samferdsledepartementet sin stønad gjennom Forskingsrådet til hydrogenprosjekt auka frå 17,3 mill. kr til om lag 19,3 mill. kr. Løyvingane til HyNor auka frå 6,5 mill. kr i 2007 til 9,2 mill. kr i 2008. Samtidig har Regjeringa òg styrkt stønaden til forsking på andregenerasjons biodrivstoff.

Eg er òg glad for utfallet av klimaforliket, der det vart bestemt å etablere Transnova-prosjektet i 2009. I klimaforliket står det at Transnova skal disponere 50 mill. kr årleg i perioden 2009-2011. Samferdsledepartementet samarbeider no tett med eksterne fagmiljø om å definere oppgåveområda til Transnova. Sjølv om det er tidleg å seie noko bestemt om oppgåvene til Transnova, er det opplagt at prosjektet vil innebere ei vesentleg styrking av Regjeringa si satsing på miljøvenlege transportløysingar.

Når det gjeld andre verkemiddel retta spesielt mot hydrogenkøyretøy, vil eg nemne at hydrogenkøyretøy har fritak frå eingongsavgift. Hydrogenkøyretøy med brenselceller har òg fritak frå årsavgift, løyve til å passere bomringar på offentlege vegar gratis og løyve til å parkere på offentlege parkeringsplassar gratis. Regjeringa gav nyleg òg hydrogenkøyretøy med forbrenningsmotor løyve til å bruke sambruksfelt på lik linje med hydrogenkøyretøy med brenselceller og elektriske køyretøy.

Borghild Tenden (V) [11:47:09]: Jeg takker samferdselsministeren for svaret.

I år bevilges det kun 29 mill. kr til forskning på alternativt drivstoff over Samferdselsdepartementets budsjett, og kun 2 mill. kr er satt av til bygging av en pumpestasjon for hydrogen i Oslo. Manglende bevilgninger kan føre til at hele prosjektet blir lagt på is. Klimaforliket, som statsråden også var inne på, forutsetter at Regjeringen øker satsingen på forskning og utvikling av klimateknologi.

Kan statsråden garantere at Regjeringen vil øke satsingen på forskning og utvikling av hydrogenteknologi?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:47:50]: Som eg gjorde greie for i svaret mitt, har vi alt auka løyvingane til hydrogenprosjekt, òg i inneverande års budsjett, med 2 mill. kr, og løyvingane til HyNor eksplisitt er auka frå 6,5 mill. kr til 9,2 mill. kr. Det er ikkje Samferdsledepartementet som definerer korleis midlane eksplisitt vert brukte, kva som skal gå til å byggje pumpestasjonar, og kva som skal gå til andre utviklingsprosjekt. Den kompetansen sit i Forskingsrådet. Me syter for å gi løyvingar, som då har auka, til dette viktige feltet. Me er sjølvsagt opptekne av at dei skal verte godt brukte, og har ingen grunn til å tvile på at Forskingsrådet har kompetanse til å styre midlane inn der dei gjer best nytte for seg i utviklinga av framtidige løysingar med hydrogen.

Borghild Tenden (V) [11:48:41]: Jeg takker igjen for svaret.

Hydrogenprosjektet i Oslo, HyNor Oslo, håper på en tilleggsbevilgning på 10 mill. kr i revidert nasjonalbudsjett. Prosjektet, som innebærer bygging av produksjonsanlegg og fyllestasjon for hydrogen, og inntil fire busser og 20 biler på hydrogen, har søkt nettopp Forskningsrådet, ved RENERGI-programmet, om midler til å gjennomføre prosjektet. For 2008 er prosjektet tildelt 2 mill. kr, som det ble sagt, med tilsagn om ytterligere 10 mill. kr i 2008 dersom RENERGI-programmet tilføres tilstrekkelig friske midler i revidert nasjonalbudsjett.

Kan statsråden love å se på dette, og sette av midler til dette viktige prosjektet i revidert budsjett?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:49:36]: Kva som vert prioritert i revidert nasjonalbudsjett, vert diskutert i desse dagar i Regjeringa. Om det prosjektet som vart omtalt av representanten Tenden, vil kome opp i den konkurransen, kan eg sjølvsagt ikkje svare på i dag. Det svaret kjem ein tilbake til når revidert nasjonalbudsjett vert lagt fram. Men det er absolutt eit spennande prosjekt.

Eg har jo vore med på å opne pumpestasjon for hydrogen, og det same har statssekretæren min gjort, så me er absolutt opptekne av at me skal få «Hydrogenvegen» mellom Oslo og Stavanger på plass, for det er eit prosjekt som òg har internasjonal merksemd. Det er i fleire samanhengar sagt at her er Noreg faktisk fremst i verda når det gjeld å kome til slike løysingar. Så det er absolutt eit viktig prosjekt, men midlane lovar eg uansett aldri ut før budsjettet vert lagt fram.

: