Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 23. april 2008 kl. 10

Dato:
President: Thorbjørn Jagland
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 16

Anders Anundsen (FrP) [12:48:12]: Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kunnskapsministeren:

«Fremskrittspartiet har foreslått å gi Arbeidstilsynet større kontrollansvar og mulighet til å fremme pålegg til skoleeier for å sikre elevenes arbeidsmiljø. På 8 år har Arbeidstilsynet stengt 128 skoler fordi det er fare for liv og helse. Statsråden har avvist at Fremskrittspartiets forslag har noe for seg og vil hvile seg på eksisterende lovverk.

Hvorfor ser ikke statsråden behov for raske og konkrete endringer, og hvorfor aksepterer statsråden at mange elever daglig utsettes for et helsefarlig arbeidsmiljø?»

Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:48:52]: Lat meg først understreke at det er mi klare oppfatning at ikkje ein einaste elev skal få opplæring i eit skulemiljø som kan gi fysiske eller psykiske skadar. I denne samanhengen vil eg presisere at dersom kommunar eller fylkeskommunar og andre skuleeigarar ikkje har eit fysisk og psykososialt miljø som fremmar helse, trivsel og læring, bryt dei klart med fastsette, lovfesta plikter.

Til forslaget frå Framstegspartiet om å gi Arbeidstilsynet ansvar for skulemiljøet til elevane vil eg understreke at ei flytting av tilsynet frå Fylkesmannen og Statens helsetilsyn til Arbeidstilsynet ikkje i seg sjølv vil føre til endringar i det fysiske eller psykiske skulemiljøet ved skulane i landet. For å få til slike endringar er det nødvendig at dei som eig skulane, i større grad følgjer opp dei pliktene dei allereie har etter gjeldande lovverk. Ei ny organisering av det statlege tilsynet, slik Framstegspartiet ønskjer, er etter mi meining ikkje det rette tiltaket i dag.

I dag er det opplæringslova og forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular som lovfestar krava til skulemiljøet til elevane, og tilsynet er lagt til fylkesmennene ved utdanningsdirektørane og Statens helsetilsyn ved fylkeslegane. Dei to tilsynsorgana rår på bakgrunn av dei lovfesta oppgåvene, dvs. rettleiing og klagesaksbehandling og tilsynsarbeid, over ein særskild kunnskap om skulemiljøforhold. Arbeidstilsynet har i dag ikkje denne kunnskapen. Signal frå fylkesmenn som har ført tilsyn i samarbeid med Arbeidstilsynet, viser nettopp at dei statlege tilsynsorgana rår over kvar sin spesialkompetanse, og at eit samarbeid på tvers av sektorane med utgangspunkt i gjeldande regelverk er ei betre løysing enn å bryte opp den tilsynsordninga som no er godt etablert.

Det bør òg nemnast at Fylkesmannen har ein lovfesta funksjon som samarbeidsorgan for all statleg tilsynsverksemd retta mot kommunesektoren, inkludert det tilsynet Arbeidstilsynet gjennomfører. Dette stør etter mi oppfatning opp under at den gjeldande tilsynsordninga bør halde fram. Eg har heller ikkje kjennskap til at den organiseringa som vi har i dag av det statlege tilsynet med heimel i opplæringslova, kommunehelsetenestelova og arbeidsmiljølova, i seg sjølv er lite formålstenleg. Vegen vidare for å sikre skulemiljøet til elevane er derfor ikkje ny organisering av tilsynet, men at fylkesmennene og Statens helsetilsyn gjennomfører enda betre og meir effektive tilsyn retta mot kommunale, fylkeskommunale og private skuleeigarar ut frå det eksisterande lovverket.

Til slutt vil eg nemne at det allereie er teke initiativ for å auke kunnskapen om tilstanden til norske skulebygg. Det er gjort ei landsdekkjande undersøking for å sjå om skular er godkjende etter forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular. Resultata frå denne undersøkinga vert offentleggjorde om kort tid. Eg er oppteken av at både skuleeigar og tilsynsstyremakter nyttar resultata i det vidare arbeidet sitt.

På den eine sida føreset eg at skuleeigarane i oppfølginga si planlegg og set i verk dei tiltaka og forbetringane som er nødvendige for å oppfylle dei lovfesta krava til det fysiske og psykososiale skulemiljøet. På den andre sida vil eg be Fylkesmannen bruke resultata frå undersøkinga som eit indikatorsett i samband med prioriteringa og førebuingane til dei komande tilsyna som skal gjennomførast med heimel i opplæringslova. Både helse- og omsorgsministeren og eg er opptekne av å følgje utviklinga av dei tilhøva som undersøkinga avdekkjer. Av den grunn vil det hausten 2009 verte gjort ei oppfølgingsundersøking av det fysiske miljøet ved alle grunnskular og vidaregåande skular i Noreg.

Anders Anundsen (FrP) [12:52:23]: Jeg vil takke statsråden for svaret. Jeg er glad for at undersøkelsene kommer, og for at de skal bli fulgt opp. Bakgrunnen for at Fremskrittspartiet har fremmet dette forslaget og bakgrunnen for dette spørsmålet er jo at dagens ordning fungerer for dårlig.

I Tønsbergs Blad i dag er det et eksempel fra Horten kommune. Overskriften er «Muggsopp for millioner». Der står det:

«Så langt er regningen oppe i 75 millioner kroner. Kommunen har budsjettert med ni millioner. Muggsoppen skaper hodebry for Horten kommune. (…) En kombinasjon av eldre bygninger, dårlig vedlikehold, dårlige bygningsmessige konstruksjoner og økt fokus på inneklima, vil gi kommunene økonomiske utfordringer i mange år fremover. (…) Soppjegerne i Eurosafe er imidlertid ikke overrasket. Dårlig vedlikehold er et generelt problem. Kommunene sliter med små bevilgninger, i tillegg blir vaktmestrene nedprioritert.»

Dette er i en situasjon der den sittende regjering har fjernet rentekompensasjonsordningen. Det foreligger ingen statlige incitamenter eller økonomisk hjelp til kommuner som sliter sterkt med å bedre elevenes inneklima og arbeidsmiljø. Vil statsråden nå gjøre noe med dette?

Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:53:31]: Ja, det er eit stort problem at elevar rundt omkring i Noreg opplever eit fysisk og eit psykososialt skulemiljø som dei ikkje bør oppleve. Det er ingen tvil om at dei som ikkje sørgjer for eit akseptabelt fysisk skulemiljø, bryt lova. Det er vi nøydde til å jobbe systematisk med. Då må vi vere villige til å bruke pengar på å pusse opp skulebygg. Den ordninga som vi har hatt over ein del år, har bidrege til oppussing av langt over 1 000 skulebygg over heile Noreg.

Så er vi nøydde til å sjå på korleis kommunane og fylkeskommunane betre kan prioritere vedlikehald av bygningane sine, og vi er nøydde til å føre eit betre og meir effektivt tilsyn. Det som har overraska meg litt, er at Framstegspartiets svar er flytting av ansvar mellom to institusjonar. Regjeringa trur at både auka midlar, auka fokus på kommunane og betre tilsyn er svaret.

Anders Anundsen (FrP) [12:54:33]: Til det siste ber jeg bare statsråden lese forslaget på nytt. Det er en åpenbar misforståelse at flytting av ansvar er det eneste tiltaket.

Jeg opplever at statsråden gjør det han ofte gjør, nemlig at han ikke tar det ansvaret han har som kunnskapsminister. Han skyver ansvaret fra seg ned til den enkelte kommune, f.eks. Horten. Han innledet svaret sitt på det første spørsmålet med å si at ikke én elev bør oppleve å ha et helseskadelig miljø. Dette er alvorlig. Muggsopp skiller ut gasser og giftstoffer som kan være skadelige. Soppsporer kan føre til bl.a. utmattelse, immunsvikt, astma, allergier, øye- og luftveisproblemer og hodepine. Enkelte muggsopparter kan føre til kreft og nyresvikt. Dette er for alvorlig til at man hele tiden kan skyve ansvaret nedover og vente på nye forklaringer.

Jeg vil utfordre statsråden på nytt: Hvordan vil statsråden nå sikre at det ikke skal være én elev i dagens skole som skal oppleve et helsefarlig og skadelig arbeidsmiljø?

Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:55:35]: Elevane i Horten og alle andre stader i Noreg kan føle seg trygge på at dei har meg og Kunnskapsdepartementet i ryggen for å slåst for eit best mogleg skulemiljø, og at alle skal få oppfylt sine rettar. Vi har styrkt løyvingane til kommunar og fylkeskommunar i Noreg kraftig. Frå nedturen under den førre regjeringa har pila snudd til forbetringar. Løyvingane har òg gått til vedlikehald mange stader i Noreg. Så har vi òg i denne perioden hatt ei rentekompensasjonsordning, som no er gått ut, som har bidrege til oppussing av mange skulebygg.

Eg er oppteken av at vi må sjå på dei prioriteringane som ein gjer når det gjeld vedlikehald rundt omkring. Ikkje minst må vi vere opptekne av at det tilsynet som vert ført, dei kontrollane og sjekkane som vert gjorde, vert betre og meir effektive, slik at feil vert avdekte, og at ein så følgjer opp med oppretting. På den måten kan vi forbetre det fysiske skulemiljøet for elevar i Horten og andre stader i Noreg.

Presidenten: Det var siste spørsmålet i spørjetimen. - Møtet er slutt.

: