Stortinget - Møte onsdag den 9. april 2008 kl. 10
President: Thorbjørn Jagland
Spørsmål 17
Arne Sortevik (FrP) [12:45:07]: Spørsmålet til samferdselsministeren er:
«I forbindelse med utlysing av ny anbudskonkurranse på Hardangerbrua varsler Skanska, entreprenøren som hadde det billigste tilbudet på bygging av tilførselsveier og tunneler til broen, at de vil kreve erstatning for utgifter til anbud og tapt fortjeneste. Også andre store prosjekter er stanset pga. kostnadssprekk.
Hva gjør statsråden for å bedre både prosjektarbeid og kvalitetssikring og unngå anbudstabber og erstatningsansvar dersom prosjekter må behandles på nytt grunnet kostnadssprekk?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:45:35]: Prisnivået i anleggsmarknaden var sterkt aukande i 2007, og interessa for den enkelte konkurranse var ofte mindre enn ynskjeleg. Utviklinga var svært uføreseieleg. Fleire konkurransar vart difor avslutta utan at det var inngått kontrakt.
For vegprosjektet rv. 7/rv. 13 Hardangerbrua var tilbodskonkurransen føresett delt i to hovuddelar, først arbeida med tilførselsvegane og deretter arbeida med sjølve brua.
Resultatet av konkurransen om tilførselsvegane gav prisar høgt over kostnadsoverslaget for denne delen av prosjektet. På dette grunnlaget vurderte Samferdsledepartementet at det var betydeleg risiko for overskriding av kostnadsramma for heile prosjektet, dvs. tilførselsvegane og brua samla. Då Samferdsledepartementet ikkje har fullmakt til å påføre staten plikter utover dei fullmaktene som er gjevne av Stortinget, vart Statens vegvesen bedt om at konkurransen om tilførselsvegane vart avslutta. Dette vart det nærare gjort greie for i St.prp. nr. 24 for 2007-2008.
Kostnadsoverslag for vegprosjekt vert utarbeidd ved hjelp av den såkalla anslagsmetoden. Metoden er utvikla av Statens vegvesen i samarbeid med NTNU og SINTEF. Metoden er basert på såkalla trinnvis kalkulasjon, ein godkjend måte å kalkulere overslag på. Kostnadsoverslaga for større prosjekt vert kvalitetssikra i fleire ledd.
For Hardangerbrua vart kostnadsoverslaget fyrst kvalitetssikra av regional kostnadsgruppe, deretter av Vegdirektoratet og til slutt av ekstern konsulent. Kvalitetssikringsprosessen for denne typen prosjekt er altså svært omfattande og gjev ekstra stor tryggleik for at styringsramme og kostnadsramme vert fastsett innanfor dei nøyaktigheitskrava og den uvissa som er fastsette.
Statistikk viser òg at kvaliteten på Vegvesenet sine kostnadsoverslag og prosjektarbeid/prosjektstyring dei seinare åra har utvikla seg svært positivt. Samla oversikt for avsluttande prosjekt på landsbasis viser at avviket mellom sluttkostnad og opphavleg kostnadsoverslag er svært lite.
I ein labil, uføreseieleg marknad som vi no har sett, vil det oppstå betydeleg risiko for kostnadssprekkar når nye prosjekt vert lyste ut på anbod. Statens vegvesen arbeider aktivt og systematisk med tiltak og med vidareutvikling av styringssystem, med det føremålet å redusere denne risikoen. I spørjetimen 19. desember 2007 vart det, som svar på spørsmål frå representanten Arne Sortevik, gjort detaljert greie for desse tiltaka.
Det er no utarbeidd nytt kostnadsoverslag for Hardangerbrua. Kvalitetssikringa av overslaget ved ekstern konsulent er i gang. Dersom resultatet av denne prosessen syner at kostnadsramma for heile prosjektet vert overskriden i høve til kostnadsramma som vart presentert for Stortinget, må saka leggjast fram for Stortinget på nytt.
Arne Sortevik (FrP) [12:48:33]: Takk for svaret.
Både svaret og de bakenforliggende omstendigheter kjenner både spørrer og svarer, altså statsråden. Det som er nytt i denne saken, er at ett av de firmaene som har vært involvert i anbudsprosessen, registrerer at det ikke blir skrevet kontrakt. De sitter igjen med laveste pris, og de lurer på hva som skjer.
Spørsmålet gjelder de to generelle forhold som berøres her, og som kanskje ble lite berørt i statsrådens svar, i hvilken grad staten og fagetaten har anledning til å si nei takk til innhentede anbud, om prisen blir for høy. Derfor er første oppfølgingsspørsmål: Hvordan mener statsråden at det kan gjøres og sikres på generell basis, og hvordan er det gjort i dette konkrete tilfellet? Iallfall er det åpenbart slik at entreprenøren ikke oppfatter det slik, men reagerer så kraftig at man faktisk vurderer å gå til sak.
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:49:38]: Samferdsledepartementet og etatane under Samferdsledepartementet, altså Jernbaneverket og Statens vegvesen, må halde seg til det regelverket som Stortinget har lagt. I det regelverket ligg det at dersom me ser at ei kostnadsramme kan kome til å sprekke, skal me stanse prosjektet, altså dersom me ser at det vert ein betydeleg sprekk. Når anbodet på dei to tilførselsvegane låg så høgt over, og når òg indikasjonane i marknaden på det tidspunktet var slik at prisane låg over det som var kalkylen, og slik braut med den gode trenden som Statens vegvesen har hatt over lang tid, var det Statens vegvesen si plikt, for å følgje regelverket, at ein stansa prosjektet. Dei som legg inn anbod på statlege prosjekt, er kjende med dette, og dei veit at det er ein risiko for at det må tilbake til Stortinget dersom ramma vert overskriden. Så det me har gjort i dette tilfellet, er rett og slett å følgje det regelverket som Stortinget sjølv har lagt opp til at me skal ha for den typen prosjekt.
Eg skjønar at entreprenørar synest dette er trasig, og at ein har gjort mykje arbeid som, i alle fall i augneblinken, kan sjå ut til å vere mislykka. No har jo anbodet gått ut på nytt, slik at ein kan vurdere om ein kan bruke det same opp att. Men så lenge ein ikkje endrar spelereglane, er dette rett og slett den måten me må gjere det på. Eg meiner at kvalitetssikring i framkant etter kvart er vorte svært omfattande, og i dette tilfellet var det samsvar mellom det som kom frå ekstern konsulent, og det som kom frå Statens vegvesen.
Arne Sortevik (FrP) [12:51:28]: Vel er det slik at Stortinget har et budsjettreglement. Men det er også slik at de som deltar i en anbudskonkurranse, har lover og retningslinjer å forholde seg til, bl.a. lov og forskrift om offentlige anskaffelser. Det vedkommende entreprenør er sterkt tvilende til, er om det faktisk foreligger saklig grunnlag for at man i dette tilfellet kan påberope seg å stoppe.
Jeg spør konkret: Bør det gis innsyn i kalkylegrunnlaget for entreprenøren som har laveste tilbud? Det er det ene oppfølgingsspørsmålet. Det andre går på anslagsmetoden, som statsråden berørte. I dette tilfellet, i denne saken og i dette prosjektet, var det også, på samme måte som det er i en del andre store prosjekter, kritikk av den eksterne kvalitetssikringen både mot bruk av anslagsmetoden ved kalkulering, og for manglende sporing i kalkylene. Derfor er det fortsatt en del usikkerhet knyttet til Statens vegvesens egen metodikk når det gjelder å regne kostnader på store prosjekter.
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:52:40]: For å ta det siste fyrst så har Statens vegvesen ein særdeles god statistikk på evna si til å treffe rett når det gjeld prisane som òg speglar seg i marknaden. Slik det var for byggjenæringa og for den totale anleggsnæringa i 2007, fekk ein ein svær kostnadsvekst som ingen føresåg, heller ikkje Statens vegvesen. Så der stiller ein likt i klassa med entreprenørar innanfor bygg og anlegg totalt sett. Dette vil statsråden gjerne stå opp og forsvare.
Når det gjeld innsyn, har me òg eit regelverk om det. Eg ser pr. i dag ikkje nokon grunn til at det skal endrast. Om entreprenøren vel å gå til ei sak på det grunnlaget som ligg føre, vil i så fall rettsapparatet måtte gå inn og vurdere om ein har noko som kan gje medhald for entreprenøren, eller om ein finn at Statens vegvesen har opptredd i tråd med det regelverket som gjeld, og ikkje har brote nokon regel.