Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 9. april 2008 kl. 10

Dato:
President: Thorbjørn Jagland
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 15

Borghild Tenden (V) [12:30:17]: Jeg har følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«Tre statsråder innkalte til pressekonferanse den 31. mars for å fortelle at Regjeringen hadde bestemt at det på statsbudsjettet for 2009 skulle bevilges penger til dobbeltsporet Barkåker-Tønsberg. Det er bra for de reisende på Vestfoldbanen.

Hvordan er fremdriftsplanen for den sterkt belastede Oslotunnelen og dobbeltsporet Oslo-Ski, som er en forutsetning for Oslopakke 3?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:30:48]: Som eg har opplyst tidlegare, m.a. i svar på skriftleg spørsmål nr. 817 frå representanten Tenden, har eg etablert ei prosjektgruppe som er sett saman av Jernbaneverket og dei største brukargruppene, som omfattar NSB, Flytoget og CargoNet. Prosjektgruppa har fått i oppdrag å identifisere og leggje fram forslag til tiltak som kan gjennomførast allereie i 2008, saman med tiltak som treng lenger tid på å gjennomførast, for å få forsert arbeidet med fornying av Oslotunnelen og tilgrensande togstrekningar. Eg vil vurdere å kome tilbake med forslag i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2008 dersom gruppa kan leggje fram tiltak som kan startast opp allereie i år. Tiltak som treng lengre planleggingstid, vil eg kome tilbake til i samband med 2009-budsjettet og seinare års budsjett dersom dette er naudsynt. Som eg tidlegare har opplyst i forskjellige samanhengar, prioriterer eg dette arbeidet svært høgt, då det her er snakk om å få orden på den viktigaste og mest trafikkerte jernbanestrekninga på det norske jernbanenettet.

Framdriftsplanen for dobbeltsporet Oslo-Ski er naturleg nok avhengig av både plansituasjonen og løyvingar over statsbudsjettet.

Når det gjeld plansituasjonen, er dobbeltsporet Oslo-Ski, samanlikna med Barkåker-Tønsberg, på langt nær kome så langt i planlegginga at det er mogleg å starte opp anleggsarbeidet i 2009. Jernbaneverket gjennomfører no utgreiingsarbeid knytt til traséføring og stoppmønster, bruk av tunnelboreteknologi, om det skal vere eitt- eller toløpstunnelar, og korleis innføringa til Oslo S skal løysast. Når dette er avklart, må det utarbeidast detalj- og byggeplanar for prosjektet som skal underleggjast ei ekstern kvalitetssikring før det kan takast opp til ordinær anleggsløyving. Kor lang tid ein treng for å få på plass plangrunnlaget, vil m.a. vere avhengig av den kommunale godkjenningsprosessen for naudsynte reguleringsplanar. På det noverande tidspunkt er det difor for tidleg å kunne gje noko nærare tidspunkt for når dobbeltsporet Oslo-Ski vil vere klart til oppstart. Dobbeltsporet Oslo-Ski er eit svært viktig jernbaneprosjekt, og eg vil følgje nøye Jernbaneverket si framdrift i planarbeidet.

Når det gjeld spørsmål om løyvingar til prosjektet, vil dette bli vurdert i samband med Nasjonal transportplan 2010-2019, som Regjeringa planlegg å leggje fram ved årsskiftet 2008/2009.

Borghild Tenden (V) [12:33:09]: Jeg takker statsråden for svaret.

I en pressemelding på Samferdselsdepartementets nettside står det at utbyggingen på strekningen Barkåker-Tønsberg, som er kalkulert til 1,37 milliarder kr, f.eks. vil redusere reisetiden tre-fire minutter på strekningen Tønsberg-Oslo.

På en åpen høring i går fikk komiteen kunnskaper fra Jernbaneverket om at ved å bevilge 100 mill. kr i revidert budsjett til våren vil Jernbaneverket kunne bøte på de akutte problemene i Oslotunnelen. Kan statsråden love at man bevilger disse 100 mill. kr som Jernbaneverket sier må til, og som jeg også vil tro at prosjektgruppen kommer fram til?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:33:59]: Kva som blir innhaldet i revidert nasjonalbudsjett når me kjem så langt, er det uansett altfor tidleg å seie noko om. Dessutan seier statsråden aldri noko om innhaldet i budsjettproposisjonar før dei kjem til Stortinget, så det kan eg ikkje kommentere.

Kva som vert resultatet av prosjektgruppa sitt arbeid, har eg heller ikkje svar på. Dei rapporterer jamleg til Samferdsledepartementet, og har pr. i dag ikkje lagt fram for oss materiale som samsvarar med dei opplysningane som vart gjevne i komiteen i går, utan at eg dermed har grunn til å tru at dei er feilaktige. Men me har bedt dei gjere ein jobb, ikkje berre i høve til kroner og øre, men òg for å sjå på kva type tiltak det er mogleg og praktisk å gjennomføre i sommar, då mykje av dette vil krevje at ein stansar enkelte ruter, og det er eit komplisert system. Det er òg årsaka til at me har ei breitt samansett prosjektgruppe. Så det må me kome attende til.

Borghild Tenden (V) [12:34:56]: Jeg takker statsråden for svaret. Til det er det å si at togoperatørene jo har sagt at de vil stille seg veldig velvillige til å stanse togene i store deler, og de er også pådrivere.

På den åpne høringen i går fikk vi også bekreftet at strekningen Oslo-Ski er et nasjonalt anliggende. Det er et sterkt befolket område. Det er en strekning ut i Europa og kan bli starten på den første høyhastighetsbanen. Det er også en forutsetning for Oslopakke 3 at det er en pakke som skal klimavurderes, så her sitter faktisk statsråden med nøkkelen til om vi skal greie å få klimavurdert og kommet i gang med Oslopakke 3.

Ifølge AftenAften i går sier Kristelig Folkeparti-representanten Hans Olav Syversen at statsråden satser på «feil dobbeltspor». Jeg er spent på å høre statsrådens politiske og faglige vurderinger av hva som ligger bak at hun nå bruker så mye penger på denne strekningen Barkåker-Tønsberg og skyver Oslo-Ski ut i tid.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:36:05]: Me har ein Nasjonal transportplan i dag som vart lagd fram av den førre regjeringa og vedteken av det førre stortinget. I handlingsprogrammet i denne nasjonale transportplanen står oppstart av Barkåker-Tønsberg inne i 2006. Det er dermed planlagt oppstart i denne perioden.

Oslo-Ski har ikkje ein slik horisont, verken i høve til handlingsprogrammet eller planlegginga, som eg òg gjorde greie for i mitt hovudsvar. Så det enkle, realistiske og rette svaret på spørsmålet er rett og slett at det førre stortinget i Nasjonal transportplan har prioritert Barkåker-Tønsberg langt høgare enn Oslo-Ski. I denne perioden følgjer me opp det førre stortinget sine vedtak, ikkje minst gjennom å løyve mykje meir pengar enn det ein har gjort tidlegare, og dermed får me òg opp hastigheita når det gjeld utbygging av jernbanar i Noreg.

: