Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 2. april 2008 kl. 10

Dato:
President: Thorbjørn Jagland
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 8

Gunnar Kvassheim (V) [11:38:17]: Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«I snart 20 år har det vært arbeidet for ny jernbanetunnel i Drangsdalen i Lund kommune. Det er tale om en rasutsatt strekning på Sørlandsbanen hvor togtrafikken nå må gå med sterkt nedsatt fart. Forholdene hemmer transporten av folk og gods, og rasfaren utgjør også en sikkerhetsrisiko.

Hvilke forutsetninger må på plass for at jernbanetunnel i Drangsdalen skal kunne bli prioritert i Nasjonal transportplan?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:38:52]: Jernbaneverket arbeider kontinuerleg for å auke tryggleiken på jernbanen og med forhold knytte til ras. I etatane sitt forslag til NTP 2010-2019 er det prioritert 1,4 milliardar kr til tryggleikstiltak på landsbasis, der rassikring eller rasvarsling inngår. Fornya kartlegging av rasfare for heile landet går føre seg, og vernebuingsrutinar for å handtere togtrafikken på ein trygg måte ved ekstremvêr er etablerte.

Den delen av Drangsdalen som er mest rasutsett, er 7 km lang. Her går lina i svært sidebratt terreng. Det er montert tre rasvarslingsgjerde, og toga køyrer i lav fart gjennom området. Det er sett av midlar til ytterlegare eitt rasvarslingsgjerde i år.

Dei siste 10-15 åra er det gjort fleire utgreiingsarbeid og risikovurderingar i Drangsdalen både av NGI, Norges Geotekniske Institutt, og DNV, Det Norske Veritas. NSB utarbeidde òg i 1993-1994 planar for omlegging av lina, der ulike alternativ vart vurderte, m.a. eit alternativ med tunnel - totalt 8 km lineomlegging. Kostnadane for lineomlegging vart den gongen rekna til om lag 300 mill. kr. Dåverande regjering fann ikkje å prioritere prosjektet. Ei tilsvarande løysing i dag vil truleg ha ein kostnad i storleiksordenen 1 milliard kr, laust anslått.

Jernbaneverket har nyleg avslutta eit systematisk kartleggingsarbeid i Drangsdalen for å kunne avdekke og prioritere tiltak som kan redusere rasfaren i området. Planen beskriv tiltak for 35 mill. kr til rassikring og varsling. Strekninga Bjødnetødna-Fosskampen vil verte prioritert først, ettersom risikonivået der vert vurdert som størst.

Etter kvart er det ynskjeleg å auke køyrefarten på strekninga, men målet om reduksjon av risiko må heile tida liggje til grunn. Jernbaneverket meiner at samla sett, med overvaking, restriksjonar på køyrefarten, rasvarsling og rassikring, er risikonivået på strekninga akseptabelt.

Ei lineomlegging i tunnel vil i tillegg til auka tryggleik kunne redusere reisetida på strekninga. Eventuell prioritering av dette tiltaket må avvegast mot andre naudsynte tiltak på jernbanenettet. I inneverande NTP 2006-2015 og i etatane sitt forslag til NTP 2010-2019 er satsing på persontrafikk lokalt rundt Oslo, Trondheim, Stavanger, Bergen, mellomdistansetrafikken i intercityområdet på Austlandet og godstrafikken på hovudstrekningane prioriterte. Dei fylka det gjeld, har høyringsfrist til 30. april om NTP-utkastet.

Gunnar Kvassheim (V) [11:41:38]: Jeg takker for svaret.

Det er positivt at det jobbes med varslingstiltak og sikkerhetstiltak, men i et langsiktig perspektiv er det kun en tunnel som åpner for framtidsrettet trafikk på dette området, som er en god løsning.

Mitt spørsmål til statsråden vil være: Dersom Rogaland fylkeskommune i sitt arbeid med NTP prioriterer dette prosjektet på topp når det gjelder jernbane, hvilke forutsetninger når det gjelder de nasjonale rammene, må da på plass for at dette kan bli prioritert, gitt den forutsetning som statsråden har knyttet til storbytrafikk, og den prioritet som er gitt til det?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:42:23]: Når det gjeld dei totale rammene i Nasjonal transportplan, har ikkje eg pr. i dag grunnlag for å kunne gje eit svar på det. Det vil måtte sjåast i ein total samanheng, og vil sjølvsagt hengje saman med andre prioriteringar. Det vil jo vere slik at dei prosjekta som vert prioriterte på topp, vil skyve andre prosjekt nedover. Slik er det. Den endelege prioriteringa på dette vil eg måtte kome tilbake til fyrst etter at fylka har avslutta si høyring, men sjølvsagt òg etter at Regjeringa har gjort sine prioriteringar, både på ramma og på innretninga av ramma.

Gunnar Kvassheim (V) [11:43:06]: Det er en nokså spesiell situasjon på Sørlandsbanen at toget går i 30 km/t over en lengre strekning. Det er en ekstraordinær situasjon som har vedvart lenge, og som burde ha vært løst.

Føler statsråden at hun kjenner denne problematikken godt nok til å vurdere den opp mot andre investeringsbehov, og kan statsråden si litt mer om dette med prioriteringen av jernbaneutbedring knyttet til storbyene? Er det slik at det vil innebære at man i NTP-perioden ikke ser for seg andre store investeringsprosjekt enn dem som er knyttet til storbyområdene?

Det framstår som en litt merkelig situasjon når representanter for mange partier, også for regjeringspartiene, skaper inntrykk av man er beredt til å investere hundretalls millioner når det gjelder høyhastighetsjernbane, mens et prosjekt som dette kan risikere å måtte stå over nok en periode uten å bli prioritert.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:44:09]: Til det fyrste spørsmålet: Det er slik at dei høyringane som no er i fylka, forventar eg resulterer i at dei viktigaste prosjekta i det enkelte fylket vert lyfta fram, og at eg derigjennom òg sjølvsagt vil få den naudsynte innsikta i prosjekta, som eg då vil skaffe meg frå mine etatar på dei prosjekta som ein lokalt meiner er viktigast.

I tillegg til det må me som har ansvaret for å sjå landet samla, sjølvsagt vurdere kva for strekningar som samla sett er viktigast når me ser utover det enkelte fylket.

Så eg meiner at grunnlaget for å skaffe meg god informasjon både om dette og andre prosjekt er tilstrekkeleg.

Når det gjeld prioriteringane, refererte eg til etatane sine prioriteringar. Regjeringa sine prioriteringar, som eg skal leggje fram for Stortinget i desember, er ikkje gjevne. Det er klart at me òg må ha utbetringar på nettet elles, på grunn av at persontrafikken og ikkje minst godstrafikken er avhengig av at me får effektiv framdrift mellom dei store byane. Når det gjeld persontrafikk, meiner eg at dei folketette områda er dei aller viktigaste å prioritere. Det har eg gjenteke mange gonger.

: