Stortinget - Møte onsdag den 12. mars 2008 kl. 10
President: Carl I. Hagen
Spørsmål 9
Arne Sortevik (FrP) [12:09:32]: «Igjen er det fokus på at finansiering med bompenger er den dyreste måten å bygge vei på i Norge. Store finanskostnader og store administrasjonskostnader må dekkes av bilistene i tillegg til selve bompengebidraget til bygging av veiprosjektet. Kritikkverdige forhold knyttet til styring og drift av bompengeselskaper er igjen avdekket gjennom tilsyn som Vegdirektoratet fører med de mange bompengeselskapene i Norge.
Hvordan vil statsråden sikre at bompengeselskapene forvalter bompengene best mulig på vegne av bilistene?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:10:12]: Finansiering av vegar med bompengar har lang tradisjon i Noreg, og finansieringsforma vert i dag nytta i om lag 45 prosjekt. Driftskostnadene for innkrevjing har dei siste åra vore på omkring 10-12 pst. av bompengeinntektene. Det er viktig at kostnadene vert haldne så låge som mogleg. Statens vegvesen si årlege oppfølging av bompengeselskapa er eit ledd i dette arbeidet.
Statens vegvesen arbeider med å revidere standardavtalen som alle bompengeselskapa skal underteikne før innkrevjinga startar. Bompengeavtalen legg føringar for kva selskapa skal gjere, og kva dei ikkje har høve til å gjere. Malen som vert nytta i dag, vart utarbeidd for 15 år sidan. Statens vegvesen ynskjer difor å revidere avtalen ut frå dei erfaringane som er gjorde gjennom oppfølginga av selskapa samt Statens vegvesen sin bilagsrevisjon av ein del selskap i 2004 og 2005. Ein ny standardavtale vil m.a. kunne innehalde eit sett faste vedtekter som alle selskapa må halde seg til.
Det er for meg eit klart siktemål at innkrevjingskostnadene skal haldast så låge som mogleg, og eg har tru på at dei tiltaka Statens vegvesen vurderer i høve til bompengeselskapa, vil medverke til dette.
Vegdirektoratet meiner at kostnadene ved bompengeinnkrevjing kan knyttast til måten bompengefinansieringa er organisert på. I fyrste rekkje gjeld dette for bompengeselskapa sjølve, men òg for brukarane og for Statens vegvesen, som har ansvaret for å følgje opp prosjekta gjennom heile innkrevjingsperioden.
Samferdsledepartementet har tidlegare varsla at departementet vil vurdere organiseringa av bompengeselskapa og eventuelt kome tilbake til Stortinget. Ei sak om dette vil i tilfelle fyrst bli sendt på høyring. Eg vil i den samanhengen understreke at vi uansett må ha ei ordning som sikrar ei lokalpolitisk forankring knytt til bompengeprosjekt òg i framtida.
Arne Sortevik (FrP) [12:12:12]: Takk for svaret. Det er beklagelig at så mange som 45 bomselskaper opererer. Det er riktig som statsråden sier, at det er lang tradisjon for denne beklagelige finansieringen, men dessverre er det også lang tradisjon for at det påpekes en rekke kritikkverdige forhold.
Jeg vil understreke at dette ikke bare rammer den sittende regjering, men snur vi oss og ser en fire, fem, seks år tilbake, tror jeg vi hvert eneste år vil finne en rekke kritiske påpekninger knyttet til hvordan bompengeselskapene driver sin virksomhet. Det dreier seg bl.a. om lønnsnivået til daglig leder, og om at det faktisk er flere styremedlemmer i enkelte av disse styrene enn det er i børsnoterte, norske selskaper - kort og godt at man driver dyrt, og i en del tilfeller også i strid med den avtalen som statsråden i sitt svar sa er 15 år gammel og åpenbart moden for revisjon. Når kan saken om dette komme til Stortinget?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:13:21]: Statens vegvesen har arbeidd med ei sak på dette området som eg skal få til departementet. Når eg har fått den saka inn, vil eg vurdere om det skal gjerast endringar i organiseringa. Når det gjeld regelverket, ser eg for meg at eg vil vere positiv til å gjere endringar i det, i tråd med det eg sa i mitt hovudsvar.
Så har det på grunnlag av den revisjonen som vart gjord i 2003 og 2004, vore reist spørsmål om ein skal endre heile organiseringa av bompengeselskapa. Det er eit større spørsmål som eg ikkje har teke stilling til pr. i dag.
Arne Sortevik (FrP) [12:14:07]: Jeg har lyst til å vise til at Riksrevisjonen i sin rapport om årlig revisjon og kontroll for budsjettåret 2006 - det gjelder altså hele den statlige virksomheten - faktisk hadde et eget kapitel om bompenger på grunnlag av regnskapene for 2006. Det vises til 2005, og hvis jeg husker riktig, tror jeg også man går lenger tilbake.
Ny gjennomgang viser jo at det er liten bedring, så foruten at det er avdekket et behov for bedre og mer treffsikre regler for hvordan bilistenes penger brukes, er det åpenbart også et behov for å ha sanksjonsmuligheter som kan stoppe konkrete feil i forhold til regelverket, som faktisk fortsatt praktiseres av bompengeselskapene. Har departementet tiltak som kan stoppe dette, eller trengs det nye sanksjonsmuligheter for å få bompengeselskapene på en bedre og riktigere kurs?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:15:12]: I den gjennomgangen eg skal gjere, vil eg òg sjå på om dei sanksjonsmoglegheitene som ligg her pr. i dag, er gode nok. Eg er oppteken av at dei midlane som vert stilte til disposisjon frå bilistane, skal kome bilistane til gode og ikkje verte nytta i utrengsmål. Der er eg og representanten Sortevik heilt på linje. Difor vil eg sjå nøye på denne saka og vurdere korleis me kan få ein større del av desse midlane ut til nedbetaling, raskare nedbetaling.
Det er ikkje noko mål for denne statsråden at ein skal ha store styre for å drifte bompengeselskapa. Normalt er det ei forholdsvis enkel oppgåve når bompengeselskapet fyrst har fått drifta opp. Det er ein del jobb i etableringsfasen som sjølvsagt skal gjerast. Så det er eit arbeid me skal fokusere på, og som me kan ha ein dialog om i tida som kjem.