Stortinget - Møte onsdag den 12. mars 2008 kl. 10
President: Carl I. Hagen
Spørsmål 22
Gunnar Gundersen (H) [13:31:50]: Jeg vil gjerne stille kunnskapsministeren et spørsmål:
«I flere skoler innføres ordninger med individuelle utviklingsplaner og mapper hvor elevers arbeider, mål, måloppnåelse, evalueringer, personlige utfordringer og lignende blir lagret.
Kan statsråden forsikre om at disse planer og mapper blir behandlet, oppbevart og slettet i henhold til personvernloven, og kan statsråden redegjøre for om det er noen form for retningslinjer når det gjelder hva slags informasjon slike mapper og planer kan inneholde?»
Statsråd Bård Vegar Solhjell [13:32:28]: Eg vil i innleiinga streke under at skulane er vande til å handtere ei rekkje opplysningar om elevane. Det er ikkje noko nytt, sjølv om skulane brukar individuelle utviklingsplanar og mappevurderingar.
Forskrifta til opplæringslova regulerer korleis vurderinga av elevane i grunnskulen og i vidaregåande opplæring skal vere. Dette gjeld både vurdering med karakterar, vurdering utan karakterar, undervegsvurdering og sluttvurdering. Når det gjeld vurdering utan karakter og undervegsvurdering, heiter det òg at «Elevane skal kunne delta i vurderinga av sitt eige arbeid».
Mange skular brukar individuelle utviklingsplanar og mappevurdering for å oppfylle kravet til undervegsvurdering og sluttvurdering i forskrifta. Utdanningsdirektoratet kartlegg no kva vurderingsopplegg skular og bedrifter i alle kommunar og fylkeskommunar brukar. Eitt tema i undersøkinga er bruken av ulike vurderingsverktøy, som m.a. omfattar mappemetodikk og arbeidsplan eller tilsvarande, som angir læringsmål for ein kortare periode. Rapporten vil liggje føre i mai 2008.
Individuelle utviklingsplanar kan vere viktige hjelpemiddel for å få elevane aktivt med i vurderinga av eige arbeid. Slike planar kan derfor vere eit ledd i tilpassa opplæring for den enkelte eleven. Her kan arbeidsmål verte tilpassa, slik at kvar enkelt elev på best mogleg måte skal kunne nå kompetansemåla. Det same gjeld mappevurdering, der det vert lagt vekt på læringsprosessar og på tilbakemelding undervegs i arbeidet, slik at elevane tydeleg kan sjå eiga utvikling og eigen læringsmåte.
Det er så langt ikkje gjeve føringar frå sentralt hald om korleis slike planar eller mappevurderingar skal brukast, eller kva dei kan innehalde. Dette høyrer til den lokale metodefridomen og må sjåast i samanheng med både skulestrukturen og elevane. Etter det eg kjenner til, er det vanleg at lærar og elev saman vert einige om innhaldet i mappene. Ei mappe kan t.d. bestå av ei systematisk samling av elevarbeid som viser innsats, framsteg og prestasjonar innanfor eitt eller fleire område. Samlinga kan omfatte elevmedverknad når det gjeld val av innhald, utvalskriterium og kriterium for å bedømme nivået i forhold til visse felles oppsette mål, og ho kan vise elevane sine refleksjonar og haldningar.
Mappevurdering har vorte brukt i mange år, medan digitale mapper er eit nyare fenomen. I dei siste åra har denne arbeids- og vurderingsforma ofte vorte understøtta av digitale verktøy, som digitale læringsplattformar eller vanlege nettsider.
Behandlinga av alle typar utviklingsplanar og mapper følgjer dei same reglane som for anna arbeid og for andre avtalar ved skulen. Opplysningane i slike mapper og utviklingsplanar er personopplysningar etter personopplysningslova. Opplæringslova har ikkje eigne reglar om personvern for elevar. Det er derfor reglane i personopplysningslova som må nyttast. Aktuelle spørsmål er kven som skal ha innsyn i utviklingsplanane/mappene, korleis tryggleiken skal takast vare på, og korleis opplysningar skal overførast til ny skule ved flytting.
Eg føreset at skuleeigarane, på same måten som for andre lover og reglar, held seg til gjeldande personopplysningslov i den daglege bruken av elevmapper og utviklingsplanar. Det er Datatilsynet som fører tilsyn med at reglane i personopplysningslova vert følgde.
Eg er oppteken av personvern for elevane. Dei opplysningane som vert registrerte, må vere nødvendige for å nå målet om best mogleg læringsutbyte for elevane. Opplysningane må behandlast på ein sikker måte og i samsvar med reglane i personopplysningslova. Eg vil vurdere om det er behov for meir informasjon til skuleeigarane om dette.
Gunnar Gundersen (H) [13:35:54]: Dette var et langt svar.
Jeg tror at statsråden kanskje bør våkne opp og se at man her behandler ganske vanskelige spørsmål. Én ting er å vurdere læringsresultater - det kan være vanskelig nok - men når man begynner å evaluere om elevene kan vise empati, om de har evne til å vise respons, noe som en del av disse mappene begynner å innholde, er man inne på ganske subjektive vurderinger. Hvordan den vurderingen faktisk gjøres, kommer an på personkjemi osv.
Jeg føler at man ikke har noen oversikt over hvor lenge denne typen informasjon vil bli hengende ved en elev. Man har egentlig ikke noen overordnede regler for hvordan dette skal behandles. Vi vet at norsk skole møter elevene med forskjellige forventninger, ut fra sosial bakgrunn osv. En slik mappevurdering ganske tidlig i et utviklingstrinn kan da komme til å henge ved en elev ganske lenge.
Jeg tror at statsråden må se på om ikke området er ganske så omfattende, og at det trenger noen regler.
Statsråd Bård Vegar Solhjell [13:37:05]: Eg er einig med representanten i at dette er eit viktig spørsmål.
Det er heilt riktig at i ein god og moderne skule er vi avhengige av å vurdere eleven og gje han/ho tilbakemelding om eit breitt sett av faktorar, alt frå konkrete, målbare resultat til meir allmenne vurderingar, som t.d. kvar eleven gjer det godt, og kvar eleven kan forbetre seg. Ein må vurdere eit breitt sett av ulike kompetansar.
Det er klårt at bruken av mappevurdering, og ikkje minst digitale mapper, gjev oss særlege utfordringar. Vi har ei streng personopplysningslov i Noreg som på ein god måte regulerer bruken av informasjon. Skulen er òg vand til å behandle denne typen data. Eg vil likevel gjenta det som eg slutta med i stad, at eg vil vurdere om det er behov for meir informasjon om behandling av den typen informasjon til kommunar og fylkeskommunar i framtida.
Gunnar Gundersen (H) [13:38:06]: Skolene er muligens vant til å behandle denne typen informasjon. Samtidig vet vi at skolene har store utfordringer i og med at én av fem elever går ut av skolen med lese- og skrivevansker, og man møter som sagt elever med forskjellige typer forventninger.
Jeg har et oppslag fra Hamar Arbeiderblad i går som er ganske interessant. Der sier professor Thomas Nordahl: «Skolen skaper diagnosebarn.» Jeg tror at hvis vi granskes nøye nok, vil nesten samtlige av oss få en diagnose. Det er en kjempeutfordring ikke å la en diagnose hefte ved lenger enn man faktisk trenger for å jobbe med det.
Jeg vet at Datatilsynet er ganske interessert i denne problematikken knyttet opp mot hva som skjer i skolen. Igjen vil jeg oppfordre statsråden til å gå skikkelig inn i problematikken rundt dette. Lokal metodefrihet og hjelp er veldig bra, men man må behandles med respekt.
Statsråd Bård Vegar Solhjell [13:39:16]: Eg gjentek at eg er einig med representanten i at dette er ei viktig problemstilling. Eg gjentek òg at eg vil vurdere om det er behov for å informere betre om denne typen problemstillingar til skulane, ikkje minst i lys av at det dei seinare åra har vorte meir vanleg med denne typen vurderingsformer.
Eg trur ikkje svaret er å sjå vekk frå at vi har ei kompleks verd, der menneska er komplekse. Eg trur nok heller svaret er å finne fram til gode måtar å treffe kvart enkelt menneske på for det ein er, og gje hjelp og støtte når det gjeld nettopp dei utfordringane kvart enkelt menneske har, for at ein skal lære meir, og for at ein skal utvikle seg betre i skulen.