Stortinget - Møte onsdag den 12. mars 2008 kl. 10
President: Carl I. Hagen
Spørsmål 13
Jan-Henrik Fredriksen (FrP) [13:47:19]: «Under og like etter krigen var det mange mennesker i Finnmark som ikke fikk en akseptabel skolegang. Dette fratok mange mennesker muligheten til videre skolegang, og mange fikk sin livskvalitet sterkt redusert som en følge av dette.
Er Regjeringen i ferd med å utvikle nye lover for å hindre diskriminering og forskjellsbehandling, mener statsråden denne gruppen er blitt behandlet på en akseptabel måte, og mener statsråden man skal miste sine rettigheter dersom man har norsk som morsmål?»
Statsråd Bård Vegar Solhjell [13:47:57]: Det er rett som representanten Fredriksen peikar på, at mange, både frå Finnmark og frå andre stader i Noreg, fekk skulegangen sin øydelagd under krigen og i åra rett etterpå. Skadar eller ulemper på grunn av krigen gir likevel ikkje grunnlag for rettferdsvederlag frå staten. Søknader om slikt vederlag fordi søkjarane har mista skulegang under eller rett etter krigen, er derfor avslått. Det gjeld i utgangspunktet heilt uavhengig av morsmål. Grunngivinga er at norske styresmakter ikkje kan klandrast for det som kan førast tilbake til krigshandlingane.
Stortinget vedtok i 2005, jf. Innst. S. nr. 152 for 2004-2005, å slutte seg til eit forslag frå Regjeringa, jf. St.meld. nr. 44 for 2003-2004, om å tilpasse ordninga med rettferdsvederlag slik at samar og kvener som tapte eitt og eit halvt skuleår eller meir under og rett etter krigen, likevel kunne få rettferdsvederlag frå staten, fordi desse etniske minoritetsgruppene hadde kome særs dårleg ut samanlikna med andre nordmenn. Dei som hadde samisk eller kvensk som morsmål, og som ikkje kunne norsk godt nok ved skulestart, fekk lite utbytte av ei undervisning som berre gjekk føre seg på norsk. Det var altså ein kombinasjon av fornorskingspolitikken og tap av skulegang på grunn av krigen som låg til grunn for stortingsvedtaket, og som skilde desse gruppene frå dei som hadde norsk som morsmål ulike stader i landet.
I den stortingsmeldinga som eg nett nemnde, vart det stipulert at om lag 800 personar kunne søkje rettferdsvederlag ut frå dei kriteria som vart lagde til grunn. Frå det tidspunktet då ordninga vart etablert, i 2005, og fram til i dag har Utdanningsdirektoratet hatt om lag 950 søknader til vurdering. Vi har ikkje endelege tal på kor mange som faktisk har fått rettferdsvederlag, for alle sakene er ikkje avgjorde enno. Men ut frå dei avgjerdene som er tekne, kan vi rekne med at 80-90 pst. har fått eller vil få rettferdsvederlag frå staten.
Det er viktig å peike på at eitt av kriteria for å få rettferdsvederlag etter denne særordninga er at søkjaren hadde samisk eller kvensk som morsmål og i tillegg ikkje kunne norsk godt nok ved skulestart. Særordninga er derfor berre aktuell for relativt få personar som ein meiner har kome spesielt dårleg ut. Alle søkjarar som fell utafor særordninga, må behandlast likt. Det inneber at dei frå Finnmark som har norsk som morsmål, og som ikkje fekk akseptabel skulegang under og like etter krigen, ikkje har kome dårlegare ut enn andre frå andre landsdelar når det gjeld å få rettferdsvederlag. Det var dessverre mange som på ulike stader i Noreg fekk tapt skulegang under og rett etter krigen.
Representanten spør til slutt om statsråden meiner ein skal tape rettane sine dersom ein har norsk som morsmål. Då gjør eg merksam på at ingen i utgangspunktet har krav på å få rettferdsvederlag frå staten. Ordninga med rettferdsvederlag er ei ordning som Stortinget sjølv har etablert. Det er mogleg å søkje, men det er Stortinget sjølv som tek endeleg avgjerd om ein søkjar fell innunder ordninga, og i tilfelle kor stort rettferdsvederlag søkjaren kan få.
Jan-Henrik Fredriksen (FrP) [13:51:06]: Man skulle tro at når man laget lover for å fange opp dem som ikke fikk en tilfredsstillende skolegang, skulle det i det ligge at man i utgangspunktet fanget opp flest mulig. Jeg registrerer og ser at det ikke har vært intensjonen her - i et fylke med mange ulike språk og etnisiteter som har valgt å forholde seg til to. Da kommer vi i en situasjon hvor man dessverre ikke fanger opp dem som har norsk som morsmål, og som også har tapt skolegang.
For den enkelte dette gjelder, er problemet det at noen får det, mens andre ikke får det. Jeg synes det er trist, og jeg synes det er beklagelig at det er tilfellet, for er det noe som er viktig i Finnmark, er det det å likebehandle alle som bor der. Derfor vil jeg spørre statsråden: Har man ingen planer om å følge opp denne skjevbehandlingen som er der i dag?
Statsråd Bård Vegar Solhjell [13:52:15]: Som sagt behandlar vi alle i Noreg som har norsk som morsmål, likt når det gjeld dette spørsmålet. Det er sterkt beklageleg at mange menneske fekk sin skulegang øydelagd under og etter krigen, men ein har altså slått fast at det i seg sjølv ikkje gir grunnlag for rettferdsvederlag frå staten.
Stortinget har vedteke å opprette ei særordning der ein kan søkje om rettferdsvederlag dersom ein har samisk eller kvensk som morsmål og ikkje kunne godt nok norsk til at ein kunne ha utbytte av opplæring på norsk når ein begynte på skulen. Dette er det mange i denne relativt vesle gruppa som har nytta.
Men eg gjentek: Dei som har norsk som morsmål i Noreg, vert likebehandla i dette spørsmålet utan omsyn til kvar i landet ein bur.
Jan-Henrik Fredriksen (FrP) [13:53:16]: Det er litt artig å høre at de blir likebehandlet med andre nordmenn, som det blir sagt. Men poenget med det jeg tar opp, er at de ikke blir likebehandlet med sine egne i Finnmark.
Personlig har jeg en søknad fra et menneske som har mistet fire års skolegang, og som ikke kan få billighetserstatning på grunn av at hun har norsk som morsmål. Jeg tror alle forstår at det føles rimelig urettferdig.
En annen side er at Finnmark ble mye mer utsatt for krigen enn de fleste andre steder. Det kan nevnes at det var bare én by i Europa som hadde flere bombeangrep enn Kirkenes; det var Valletta på Malta. Befolkningen hadde usle muligheter for å få seg utdannelse. Det er hevet over enhver tvil. Det gjaldt alle som bodde i Finnmark. Det er trist å leve i en verden der vi ser at noen mennesker ikke engang kan søke om billighetserstatning på grunn av morsmålet sitt.
Statsråd Bård Vegar Solhjell [13:54:23]: Finnmark var spesielt hardt ramma av krigen. Men eg trur eg tør seie såpass som at heile Noreg var hardt ramma av den andre verdskrigen, og at det innebar svært tøffe vilkår for mange i heile Noreg. Dessverre var det også mange som tapte skulegang i løpet av krigen eller i åra rett etterpå. Det er riktig at Finnmark var særleg tøft ramma av situasjonen. Det er likevel bestemt å likebehandle alle, på den måten at ein ikkje har rett til rettferdsvederlag
Ein kombinasjon av fornorskingspolitikken og krigen er grunnlaget for den særordninga som Stortinget tidlegare har vedteke. Det er fordi dei med samisk og kvensk bakgrunn som ikkje kunne norsk godt nok til at det var mogleg å ha utbytte av opplæringa, har fått moglegheit til å søkje om eit rettferdsvederlag, mens ei liknande ordning ikkje gjeld for andre som måtte ha tapt skulegang på grunn av krigen.
Presidenten: Vi går då til spørsmål 24.