Stortinget - Møte onsdag den 13. februar 2008 kl. 10
President: Thorbjørn Jagland
Spørsmål 11
Per Roar Bredvold (FrP) [12:39:54]: Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:
«I Hedmark har det blitt drept mange dyr, spesielt elg, av tog og biler denne vinteren. Dette er et stort problem på mange måter.
Hvordan vil statsråden bidra til at antallet slike ulykker kan bli sterkt redusert?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:40:23]: Det store talet elgpåkøyrsler i Hedmark får ikkje berre følgjer for dyra som vert påkøyrde, men er også eit trafikktryggleiksproblem. I perioden 1998-2005 vart 22 personar drepne eller hardt skadde i elgulukker på vegane i Hedmark.
Talet på elgpåkøyrsler aukar i lange vintrar med mykje snø. Påkøyrslene aukar også med aukande elgbestand, aukande trafikkmengd og aukande køyrefart. Hedmark er det største elgfylket i landet og har fleire gjennomfartsårer med mykje trafikk. Derfor vert det mange konfliktar mellom viltet og trafikken.
Statens vegvesen har gjennomført mange tiltak for å redusere omfanget av ulukkene. Dei siste sju-åtte åra er det rydda skog langs 170 kilometer riksveg i dei mest utsette kommunane på Hedmarken og i Østerdalen. Her er vegetasjonen fjerna 10-12 meter på kvar side av vegen. I samarbeid med grunneigarforeiningar, kommunar og Jernbaneverket yter Statens vegvesen årlege tilskot til fôringstiltak i Stor-Elvdal og Rendalen for å halde elgen unna ferdselsårene. Statens vegvesen har denne vinteren fokusert på forvaltinga av elgstamma i Hedmark og reist spørsmål om det er for mykje elg.
Langs rv. 3 i Østerdalen har mange trafikantar ein utfordrande køyrekultur med høgt fartsnivå. Fartsgrensa er no redusert frå 90 til 80 km/t på 80 kilometer av riksvegen, og på einskilde strekningar er det innført vinterfartsgrense på 70 km/t.
Statens vegvesen er også i gang med eit program for evaluering av tiltak for å redusere viltpåkøyrslene. I dette programmet skal dei undersøkje effekten av ei rekkje ulike tiltak. Dette gjeld m.a. viltgjerde, siktrydding, skilting, viltreflektorar, lyd, luktstoff, fôring og informasjon til trafikantane. Det omfattar også overgangar og undergangar for vilt. Programmet vil vare i 2008 og 2009.
Når det gjeld Jernbaneverket, har dei sidan 2000 hatt fokus på førebyggjande tiltak som omfattar gjerding, brøyting og fjerning av vegetasjon. Det vert også køyrt opp snøscooterløyper slik at dyra kan følgje desse i staden for å gå langs jernbanelina. I tillegg har det vorte gjort forsøk med refleks, viltspegel og fôring. Talet på dyr som vart påkøyrde, gjekk ned i perioden etter år 2000, men har i dei seinare åra igjen vist aukande tendens. Det er med bakgrunn i denne utviklinga vanskeleg å vurdere om tiltaka som er sette i verk, er tilstrekkelege.
Vêr- og beiteforhold, samt storleiken på viltbestanden, er forhold som har stor betydning for talet på viltpåkøyrsler, og som det er vanskeleg for Jernbaneverket å gjere noko med. Jernbaneverket og togoperatørane, saman med lokale styresmakter, har felles interesser og arbeider aktivt med å avgrense talet på dyr som vert påkøyrde av toget, samt å minske lidingane til dyra som vert påkøyrde.
Arbeidet med å få redusert dyrepåkøyrsler, både på veg og jernbane, vil halde fram. Det er viktig at alle involverte partar arbeider aktivt for å finne løysingar som kan medverke til å få redusert dette problemet.
Per Roar Bredvold (FrP) [12:43:30]: Jeg takker statsråden for et fyldig og godt svar, hvor det ble nevnt hvor mye som er gjort, og litt om planene framover, som jeg skjønte.
Som statsråden sa, er det riktig at Hedmark er det største elgfylket i landet. Bare for å forklare litt om det: I løpet av én time for noen dager siden ble seks elger drept i Hedmark, fire av tog og to av biler. Det sier litt om hvor stort dette problemet er, både når det gjelder dyr som blir drept, dyr som lider, materielle skader og personer som blir involvert i dette.
Når seks dyr blir drept i løpet av én time - det er ganske sterkt - hjelper det ikke så mye hva som er gjort. Spørsmålet mitt er: Hva skal vi gjøre for å få ned dette tallet? Statsråden nevnte en rekke tiltak, men de tiltakene må komme nå. Det har aldri vært så mange ulykker i januar måned som nå i år i Hedmark. Hva vil statsråden gjøre nå straks?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:44:29]: Som eg gjorde greie for i mitt hovudsvar, er det ei rekkje tiltak som er sette i verk allereie. Eg snakkar ikkje om tiltak som skal kome fram i tid, men tiltak som alt er igangsette, og som ein arbeider aktivt med.
At trafikken aukar, at elgbestanden aukar, og at farten aukar, er nok dei tre hovudårsakene til at me òg ser at talet på ulukker aukar. Då gjer ein noko med farten. Elgbestanden må ein vurdere. Det ligg det ikkje til denne statsråden å gjere, men det skal òg gjerast.
Som sagt, når det gjeld fart og bestand, vert det gjort noko med det.
Me må sjølvsagt òg sjå på trafikkauken. Å gjerde inne alle vegar er umogleg - og å gjerde inne er det mest effektive tiltaket for å hindre desse ulukkene! Men det kan me rett og slett ikkje gjere langs alle vegane våre, dessverre.
Per Roar Bredvold (FrP) [12:45:32]: Jeg takker nok en gang for svaret fra statsråden.
Dette er et stort problem. Det er sikkert riktig, som statsråden sier, at vi ikke kan løse dette bare ved å knipse med fingrene. Men at vi må gjøre noe, og at vi må gjøre det raskt, er helt klart, for det er mange lidelser her - på mange forskjellige måter.
Statsråden nevnte ikke noe om dette med å innskjerpe trafikantenes ansvar - i hvert fall oppfattet ikke jeg det slik. Det er jo en meldeplikt, og det er mange dyr som blir påkjørt som det ikke blir meldt fra om. Her synes jeg statsråden må være lite grann sterkere. Jeg synes også hun må være sterkere når det gjelder kontakten med de lokale viltnemndene og med kjentmenn. Og videre: Jeg synes at man må lære opp togpersonell til å avlive de dyra som blir skadet. For en stund siden fjernet man våpen på tog til bruk for togpersonell. Nå skal de visst få dem tilbake. Det er bra.
Det er mange tiltak, som f.eks. fôringsplasser - slik at dyra for å få seg mat ikke behøver å trekke ned mot der det er brøytet - flere overganger, skilting og opplysningskampanjer. Noen snakker om at det kanskje ikke er bra å salte så mye, fordi salt tiltrekker seg dyr, etc.
Vi har her en stor jobb foran oss.
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:46:46]: I mitt hovudsvar nemnde eg både viltgjerde, siktrydding, skilting, viltreflektor, lyd, luktestoff og fôringsplassar - og betre informasjon til trafikantane. Dette er tiltak som allereie er sette i gang. Trass i desse tiltaka ser me likevel at talet på ulukker aukar.
Når ulukka fyrst skjer, er det sjølvsagt viktig at ein gjev melding om det. Bilistane er jo pålagde å gjere det - det skal kvar og ein av oss vite når me kjem i ein slik situasjon. Eg har sjølv vore i den uheldige situasjonen å kjøre i hel ein hjortekalv - på Vestlandet har me hjort, som er eit særdeles aukande problem - og det fyrste eg gjorde, var å ta kontakt med viltnemnda.
Dette er jo noko som me sjølvsagt kan ha ei informasjonssak om, slik at ein får presisert det tydelegare, men det ligg jo i det lovverket som me som bilistar skal ha lært når me tek sertifikat.
Eg er særdeles open for ein dialog - òg med Bredvold - om korleis me kan få ned ulukkestala. Det er viktig både for dyra og, ikkje minst, for alle dei menneska som vert involverte, med dei menneskelege kostnadene det har.
Presidenten: Spørsmål 12 er allerede besvart.