Stortinget - Møte onsdag den 6. februar 2008 kl. 10
President: Thorbjørn Jagland
Spørsmål8
Trond Helleland (H) [11:37:32]: Jeg har følgende spørsmål til samferdselsministeren:
«I Røyken har elleve husstander fått båndlagt sine eiendommer i sju år i påvente av utbygging av stamvegen rv. 23. En samlet transport- og kommunikasjonskomite har i Budsjett-innst. S. nr. 13 (2007-2008) bl.a. skrevet følgende: «Komiteen uttrykker sterk bekymring for den situasjonen utbyggingssaken for rv. 23 har satt beboere langs planlagt trasé gjennom Røyken kommune i.» Beboerne har blitt forespeilet en løsning.
Vil statsråden skjære igjennom, og sørge for at staten tar sitt ansvar og innløser eiendommene snarest?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:38:21]: Fyrst vil eg seie at eg har stor forståing for dei problema eigarar av bustader i framtidige vegliner blir påførte. Det er ikkje tilfredsstillande å ha ein slik busituasjon.
Spørsmålet om innløysing av dei elleve bustadene som vert råka av den planlagde utbygginga av rv. 23 i Røyken, har vore grundig handsama i Statens vegvesen. Når ein så langt ikkje har funne å gå inn for innløysing, er det fordi den førre regjeringa ikkje fann plass til utbyggingsprosjektet i Nasjonal transportplan. Dermed er dei vilkåra som er stilte i gjeldande fullmakter for innløysing, ikkje oppfylte, nemleg at vegen skal vere prioritert i Nasjonal transportplan.
I denne samanhengen kan nemnast at det ligg i underkant av 400 bustader i trasear for framtidige vegar, og at ein etter dei fullmakter som gjeld, berre har høve til å løyse inn om lag 200 av dei - det gjeld altså vegar som ligg i trasear som er i Nasjonal transportplan.
Når det gjeld innløysingssaka i Røyken, var det eit møte om denne i Samferdsledepartementet 19. mars 2007 - etter initiativ frå stortingsrepresentant Eirin Faldet, som har engasjert seg i saka, og som deltok i møtet saman med representantar for dei elleve grunneigarane. I møtet vart Vegdirektoratet bedt om å føreta ei prinsipiell vurdering av regelverket som gjeld for innløysing av bustader i framtidig vegline, med sikte på moglege endringar. Vidare vart Vegdirektoratet bedt om å sjå på saka i Røyken spesielt, med sikte på innløysing tidlegare enn det som er lagt til grunn.
Når det gjeld bustadene i Røyken, viste Vegdirektoratet i sitt svar til at desse fell utanfor den kategorien bustader som kan løysast inn etter gjeldande fullmakt, og at ein fann det vanskeleg å prioritere innløysing av desse bustadene framfor dei 200 bustadene som fell innanfor. Samtidig vart det opplyst at det vart arbeidd med nye retningsliner for innløysing av bustader, og at saka ville verte vurdert i høve til desse, når dei eventuelt vart vedtekne.
Vegdirektoratet har laga eit framlegg til nye retningsliner som vart oversendt departementet for få dagar sidan. Desse vil gjere det enklare å løyse inn bustader i framtidige vegliner. Saka er no til handsaming i departementet.
Trond Helleland (H) [11:40:36]: Jeg takker statsråden for svaret.
Det er riktig som statsråden sier, at mange - deriblant presidenten - har engasjert seg i denne saken. Jeg er klar over de retningslinjene som foreligger. Samtidig var det en stor skuffelse, når etatene nå la fram sitt utkast til Nasjonal transportplan, at rv. 23 ikke var nevnt i det hele tatt. Er statsråden klar over at dette kan rettes opp når NTP blir lagt fram neste år?
Det er veldig interessant med disse retningslinjene som nå er sendt over til departementet. Når vil departementet presentere disse retningslinjene? Vil Stortinget få innsyn i dem? Og vil det kunne gi en avklaring av situasjonen i Røyken, i påvente av behandlingen av NTP neste år?
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:41:29]: Fyrst til prioritering av rv. 23: Det er klargjort at rv. 23, nytt hovudvegsystem i Lier, ikkje skal gjennom KS1. Det gjer det mogleg å prioritere vegen inn i fyrste perioden av Nasjonal transportplan, eller i alle fall inn i Nasjonal transportplan. Ein vil sjølvsagt vurdere dei prioriteringane som skal gjerast, før denne stortingsmeldinga skal leggjast fram.
Når det gjeld sjølve retningslinene, så er dei nettopp komne til departementet. Eg må gå gjennom dei, og eg får ei sak om ei tid. Eg vil varsle Stortinget om endringar på forsvarleg måte. Fyrste moglegheita til det vil vere i samleproposisjonen som vert lagd fram når det gjeld revidert nasjonalbudsjett til våren.
Trond Helleland (H) [11:42:26]: Jeg håper virkelig at vi da får tilgang til retningslinjene. Det viktigste her er for så vidt, sett fra statens side, retningslinjene. Men mange av de beboerne i Røyken som har sittet i sju år i uvisshet og ventet, er i en vanskelig livssituasjon etter hvert. Noen har sykdom, andre har alderdom som gjør at de ønsker å flytte til f.eks. leiligheter. Det verste med saken er at de heller ikke kan leie ut husene sine, for da vil de bare få erstattet bruksverdi av huset, ikke full verdi. Det er mange sterke menneskelige hensyn i denne saken som en må legge vekt på.
Det er gledelig at en samlet transportkomite har uttrykt at dette er «å legge en urimelig tung byrde på enkeltpersoner for oppgaver som er statens ansvar og i samfunnets interesse».
Min forhåpning er at statsråden også ser disse problemene, og at vi kan få til en løsning så snart det er mulig, helst i løpet av våren.
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:43:30]: Eg er heilt samd i det som Helleland gjev uttrykk for når det gjeld dei menneskelege belastningane som innbyggjarane har, og som òg eigarane av hus langs andre strekningar som er i same situasjonen, har.
For statsråden er det viktig at me har eit regelverk som gjer at alle får lik handsaming. Å ta ut ei gruppe, same kor gjerne eg skulle gjort det, fordi ein har personleg kjennskap til enkeltpersonar eller andre ting, er ganske så vanskeleg å gjere. Derfor er det viktig at me no får endra desse retningslinene, slik at me for framtida ikkje kjem opp i situasjonar der folk vert sitjande i uvisse i veldig mange år. Eg skal gjere mitt ytste for at me skal få gjort noko med det.