Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 30. januar 2008 kl. 10

Dato:
President: Carl I. Hagen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 9

Henning Skumsvoll (FrP) [12:03:37]: Mitt spørsmål går til samferdselsministeren:

«Antallet trafikkdrepte på veiene i Agderfylkene var i 2007 23 personer, som er hele 10 pst. av det totale antallet drepte i trafikken i 2007. Mye av årsaken til disse ulykkene er de dårlige veiene i fylkene. Det dårligste veistykket av E18/E39 mellom Oslo og Stavanger er parsellen Vigeland-Osestad i Vest-Agder. I inneværende NTP lå det inne nye investeringer for denne strekningen. Ifølge de opplysninger som er fremkommet om ny NTP, er disse midlene fjernet.

Mener statsråden at dette er en riktig beslutning?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:04:25]: Det representanten Skumsvoll refererer til, er transportetatane sitt grunnlagsmateriale til ny nasjonal transportplan, som eg fekk overlevert 17. januar i år. Dette er ei fagleg tilråding innanfor ei rekneteknisk ramme lik budsjettframlegget for 2007. Innanfor ei slik ramme tilrår Statens vegvesen ei kraftig styrking av drift og vedlikehald - og dermed òg eit lågare investeringsnivå. Eit av prosjekta som ei slik prioritering får følgjer for, er parsellen Vigeland-Osestad. Parsellen er prioritert i framlegget, men ikkje før i siste del av planperioden, noko som er ei utsetjing i høve til inneverande NTP. Med ei høgare ramme meiner dei at m.a. dette prosjektet kan startast opp tidlegare.

Lat meg streke under at framlegget frå transportetatane er ein del av prosessen fram mot stortingsmeldinga om NTP 2010-2019, som eg tek sikte på å leggje fram for Stortinget i desember i år. Framlegget er offentleg og er m.a. sendt til fylkeskommunane og dei store bykommunane til uttale. Desse har hatt ei særskild rolle i prosessen, men òg alle organisasjonar og interessegrupper kan sjølvsagt uttale seg, og det er eg viss på at mange vil gjere.

Det er mange og vanskelege problemstillingar og prioriteringar som skal handterast gjennom denne prosessen, både om endeleg nivå på dei økonomiske rammene og om fordelinga av dei mellom sektorar, mellom forvaltingsnivå og mellom drift, vedlikehald og investeringar. I dette arbeidet vil eg vere oppteken av at transportsektoren vert tilført ressursar som gjer det mogleg å få til ei trygg og effektiv avvikling av trafikken med minst mogleg ulempe for miljøet, samstundes som rammene skal vere realistiske og føreseielege for dei som skal nytte transportnettet. Kva for vegprosjekt me gjennom denne prosessen finn rom for, vil eg kome tilbake til i meldinga.

Henning Skumsvoll (FrP) [12:06:23]: Det er klart at det ligger et forslag ute nå, men vi er veldig opptatt av at man allerede på dette tidspunkt ser at resultatet av NTP kan bli at Vigeland-Osestad faller ut. Optimismen i lokalsamfunnet har selvfølgelig rådet også i Vest-Agder. Det kan bli mange år å vente før den veldig dårlige strekningen blir utbedret. Antall trafikkdrepte i fylkene Aust- og Vest-Agder er dobbelt så høyt som i landet for øvrig, sett i forhold til folketallet. Det er nok et resultat av at E18 og E39 gjennom disse fylkene er svært dårlige.

Mitt spørsmål til statsråden er om statsråden er enig i at mye oppmerksomhet må legges på dårlige veistrekninger som Vigeland-Osestad i en stamveiutredning, og om det ikke snarest mulig bør skaffes midler til en totalutbygging.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:07:24]: Det er ingen tvil om at det mange stader i landet er strekningar der det er høg ulukkesrisiko, og der det er generelt for dårleg standard. Det er òg sjølvsagt at det er dei vegstrekningane ein vil sjå nærare på når ein skal gå inn og prioritere politisk i Nasjonal transportplan. Det er eit arbeid eg fyrst tek til med etter at fylkeskommunane og dei store bykommunane har gjeve sine høyringsuttaler i april. Ergo er det ikkje eit spørsmål eg kan svare representanten Skumsvoll konkret på i dag.

Henning Skumsvoll (FrP) [12:08:07]: Regjeringens utbyggingstakt for stamveier har gått sakte, og den går sakte - den følger visst den eksisterende Nasjonal transportplan. Statsråden kan neppe være komfortabel med at det med dagens utbyggingstakt vil ta 60 år å få et tilfredsstillende stamveinett i Norge, og selvfølgelig også da i Vest-Agder.

Mitt spørsmål er derfor om det ikke bør tas et atskillig større løft i samferdselssektoren ved at man skaffer mer midler, slik vi hadde i eldresektoren for en del år siden. Det monner ikke, etter min vurdering, det som vi har i dag.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:08:52]: Til liks med tidlegare samferdsleministrar ynskjer eg òg sjølvsagt størst moglege rammer. I motsetnad til tidlegare samferdsleministrar har denne regjeringa òg gjort noko med det. Me har faktisk følgt opp den gjeldande Nasjonal transportplan, som er meir ambisiøs enn det som vart framlagt av den førre regjeringa, der opposisjonspartia plussa på 1 milliard kr til veg og 1 milliard kr til bane årleg i perioden.

Det er sjølvsagt statsrådens ynske at me skal få ei meir ambisiøs satsing i den komande Nasjonal transportplan. Eg vil gjerne invitere til breie diskusjonar og gjerne eit breitt forlik om det, for det vil òg bety at ein står samla om oppfølginga av dei målsettingane og dei rammene ein legg i Nasjonal transportplan. Hovudproblemet med NTP tidlegare har vore at ein har laga planar og handlingsprogram, men ikkje har følgt dei opp. Det prøver me no å gjere økonomisk, men me ser jo at det er eit krevjande prosjekt på grunn av den høge prisstiginga som me har i marknaden i desse dagar.

: