Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 30. januar 2008 kl. 10

Dato:
President: Carl I. Hagen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 7

Presidenten: Dette spørsmålet, fra representanten Leif Helge Kongshaug til kommunal- og regionalministeren, blir tatt opp av representanten Gunvald Ludvigsen.

Gunvald Ludvigsen (V) [11:56:13]: Følgjande spørsmål går til kommunal- og regionalministeren:

«Valgloven hjemler at forhåndsstemmegivning innenriks kan skje fra 10. august i valgåret. For fiskere som har lange turer til havs i mer enn fire uker, vil dette medføre at de blir fratatt muligheten til å stemme. Det må være et mål at det legges til rette for at alle som ønsker det, får benytte stemmeretten sin.

Vil statsråden utrede ordninger som muliggjør at fiskere og andre som på grunn av sitt yrke er borte i tiden for forhåndsstemmegivning, får anledning til å stemme?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:57:07]: Svaret er ja. Dette spørsmålet vil eg utgreia nærmare.

Eg ser det som eit viktig prinsipp at flest moglege veljarar får høve til å røysta. Departementet er no i gang med ei brei evaluering av fjorårets kommunestyre- og fylkestingsval. I dette arbeidet vil vi m.a. sjå nærmare på tidspunktet for førehandsrøysting og om dette eventuelt bør endrast. Vi vil òg sjå nærmare på om det kan vera andre tiltak ein bør setja i verk i staden for å endra tidspunktet for førehandsrøysting.

Etter planen vil eg leggja fram for Stortinget ei melding om lokaldemokratiet i vår. Her vil ulike spørsmål knytte til valavviklinga bli diskutert. Eg tek dessutan sikte på å senda ut eit forslag til eventuelle endringar i vallova i eit høyringsnotat i juni. Her vil m.a. evalueringa av valet bli omtala. I dette notatet er det òg naturleg å drøfta perioden for førehandsrøystinga, og kva tiltak det kan vera aktuelt å setja i verk for å auka tilgjenget til vallokala.

Vallova fastset i dag at førehandsrøystinga innanriks tek til 10. august i valåret. Før vallova i 2002 vart vedteken, kunne røystegjevinga ta til 15. juli i valåret. Då dette tidspunktet vart endra - ei endring som vart samrøystes vedteken i Stortinget - la ein særleg vekt på at det var svært få veljarar som røysta i tidsrommet frå midten av juli og til fyrste halvdelen av august. Ein la òg vekt på at denne perioden fall saman med ferieavviklinga, og at valkampen ikkje var komen skikkeleg i gang.

Lat meg elles berre gjera merksam på at i nordisk samanheng gjev Noreg romslege høve til førehandsrøysting. I Danmark er perioden tre veker før valet, og i Sverige åtte dagar før valet.

Gunvald Ludvigsen (V) [11:59:21]: Eg takkar statsråden for svaret.

Det er jo slik at Venstre - eg veit også Senterpartiet - er veldig oppteken av at valdeltakinga skal vere så høg som mogleg. Det å få anledning til å stemme er ein borgarrett og ei borgarplikt, og det er grunnleggjande i eit demokrati.

Eg er glad for dei signala som blir gjevne her. Dei er kanskje ikkje så veldig presise enno, men dei blir vel det.

Eg har eit tilleggsspørsmål, som kanskje kan vere eit råd i alle fall: Vil statsråden leggje til rette for elektronisk stemmegjeving for dei aktuelle gruppene som i dag ikkje får gjeve førehandsstemmer på grunn av dagens regelverk?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:00:10]: Lat meg fyrst seia kvifor eg meiner det er nødvendig med ei utgreiing.

Det er der ein er registrert busett pr. 30. juni, som i dag avgjer kva for ein kommune ein har røysterett i. Det er den såkalla skjeringsdatoen. Fristen for godkjenning av listeforslag er i dag 1. juni. Valkort, som skal sendast til alle, blir i dag trykte i slutten av juli og sende ut i byrjinga av august. Det er det som gjer det viktig å sjå noko nøyare på dette, som òg representanten ber om.

Så til elektronisk stemmegjeving. Regjeringa varsla i statsbudsjettet for 2008 at me arbeider vidare med forsøk med elektronisk stemmegjeving. Det må det sjåast godt på, men det er vårt mål at det skal prøvast ut.

Gunvald Ludvigsen (V) [12:01:17]: Takk for svaret.

Denne saka har engasjert m.a. Møre og Romsdal Fiskarlag, som viser til at mange av medlemmene deira ikkje minst er samfunnsengasjerte, og sjølvsagt ønskjer dei å nytte seg av stemmeretten på lik linje med andre. Så betre tilrettelegging for førehandsstemmegjeving for m.a. fiskarar i den havgåande fiskeflåten er viktig. Eitt praktisk forslag kunne vere at ein godkjenner fleire vallokale. I utanrikstenesta er norske sjømannskyrkjer godkjende som vallokale. Kan statsråden tenkje seg å vurdere om kystvaktskip kan godkjennast som vallokale?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:02:15]: Då skal eg gjera noko så uvanleg som å svara ja ein gong til. Det er konstruktive forslag representanten her kjem med. Eg finn det naturleg at vi ser på korleis tilgjengelegheita kan gjerast betre, òg ved å auka talet på vallokale. Der kan, som representanten sa, både sjømannskyrkjer, kystvaktskip og heilt sikkert andre lokale vurderast. Eg håpar at eg no skal klara å halda fristen, og at eventuelle endringar kan sendast ut på høyring i juni, slik at vi òg ved å betra tilgjengelegheita skal gjera vårt til at fleire deltek og valdeltakinga aukar.

: