Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 30. januar 2008 kl. 10

Dato:
President: Carl I. Hagen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål10

Per Roar Bredvold (FrP) [12:10:14]: Jeg ønsker å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«Rv. 3 i Hedmark er en problemvei for mange. Senest 16. januar 2008 var strekningen Elverum-Rena så hullete at mange biler punkterte og skapte mange farlige situasjoner. Veien var så dårlig at til og med en bergingsbil ble rammet av dette under sitt arbeid. Ifølge politiets logg var det dessuten speilblank veibane og vogntog på kryss og tvers, særlig i området Hovda bru.

Hva vil og kan statsråden gjøre for at trafikantene på denne veistrekningen skal få en bedre og ikke minst tryggere vei å ferdes på?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:10:53]: Representanten Bredvold opplyser at det den 16. januar 2008 vart skade på fleire bilar på rv. 3 mellom Elverum og Rena i Østerdalen.

Det er uheldig at slikt skjer på ein hovudveg som rv. 3. Årsaka til slike hendingar på rv. 3 og andre hovudvegar har vore låg prioritet av vedlikehald i vekslande regjeringar. I tillegg har trafikkvolumet auka meir enn føresett, både på rv. 3 og på vegnettet elles.

Den sitjande regjeringa har teke fatt i dette og auka prioriteringane av vedlikehald. Me har dei to siste åra auka løyvingane til asfaltering. Frå Elverum til Rena er det ca. 30 km. Sommaren 2007 vart det lagt nytt dekke på dei strekningane som då vart vurderte til å ha det største behovet. Den aktuelle strekninga som representanten Bredvold omtalar, er med på asfaltprogrammet for 2008. For å sikre trafikken til nytt dekke er på plass, er det utført førebels vedlikehald, og tidleg i veke 5 vil det som ytterlegare sikring verte lagt eit førebels dekke over dei verste partia.

Den andre hendinga det vart spurt om, gjeld glatt vegbane i området ved Hovda bru. Eg har fått opplyst at vêret var vanskeleg den aktuelle kvelden med nedbør og temperatur rundt 0oC. Det hadde kome så mykje snø at entreprenøren hadde rykt ut og brøytt riksvegen nordover og strødd sand på strekningar med særleg glatt vegbane. Medan han var i den nordlege delen av brøyteroden, kom det ei kraftig regnbye i den sørlege delen av roden, rundt Hovda bru. På grunn av kombinasjonen av nybrøytt veg og kraftig regn vart vegbanen svært glatt på kort tid, og nokre vogntog fekk problem og sperra vegen. Brøytesjåføren vart varsla, han snudde og køyrde sørover for å hjelpe til med strøing i samband med berging av køyretøya.

Etter mi meining er det vanskeleg å gardere seg fullt ut mot slike hendingar som denne. Dei ustabile vintrane vi har hatt dei seinare åra med raske skiftingar i vêret, store nedbørsmengder og temperaturar rundt 0oC, inneber utfordringar både for Statens vegvesen og for trafikantane. Det er difor viktig når det først oppstår slike vêr- og føreforhold at kommunikasjonen mellom trafikantane, Statens vegvesen og entreprenørane er så god at tida med føreproblem vert så kort som mogleg, og at Statens vegvesen kan få varsla om dette gjennom vegmeldingane sine. Det er òg viktig at trafikantane er budde på og tek omsyn til vanskelege tilhøve når dei oppstår. Det er ikkje det same å ta ut på vegen ein vinterdag som det er på sommarføre. Det er viktig at me som trafikantar òg tek det inn over oss.

Eg vitja Vinterdagene på Beitostølen måndag. Vinterdagene er ei samling der Statens vegvesen og bransjen set seg ned og diskuterer korleis ein skal forbetre vintervedlikehaldet. Eg varsla der at Statens vegvesen må gjere eit enda grundigare arbeid med å få gode og konkrete funksjonskontraktar og prioritere kontroll og oppfølging av desse. Ingen av dei tilhøva som representanten Bredvold tek opp i spørsmålet sitt, kan direkte verte relatert til dårlege funksjonskontraktar eller til dårleg oppfølging av desse, som eg utdjupar i svaret mitt. Likevel er eg oppteken av at me generelt og praktisk skal jobbe kontinuerleg for å få til eit betre vintervedlikehald.

Per Roar Bredvold (FrP) [12:14:34]: Jeg takker statsråden for svaret, som var et utfyllende og greit svar.

Statsråden sier også noe om grunnen til at det skjer det som skjer, bl.a. på rv. 3, og det er rv. 3 jeg snakker om nå. Der sier statsråden at det har vært lav prioritet på vedlikehold. Der er vi helt enige. Uansett regjering så skulle det vært mer vedlikehold, selvfølgelig, og så er det dette med økt trafikk.

I tillegg sa statsråden at trafikanter også har et ansvar. Selvfølgelig har de det. Men det fritar ikke oss fra at veien skal være så bra som mulig. Statsråden sa at det skal være et asfaltprogram for 2008. Det er kjempeflott. Hun henviste også til asfaltlegging i 2007. Jeg kjørte på den veien da asfalten ble lagt. Asfalten var veldig tynn. Det hjelper svært lite å legge asfalt hvis grunnarbeidet er for dårlig. Problemet med mange av veiene våre er at grunnarbeidet vårt er for dårlig. Det er for dårlig grunn. Det er ikke masseutskifting. Man legger et asfaltlag som er for tynt, og dermed får man hull.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:15:43]: I forslaget til Nasjonal transportplan, som etatane nyleg la fram, har Statens vegvesen lagt opp til ei sterkare prioritering av vedlikehald, nettopp ut frå det som representanten Bredvold tek opp, at det på mange vegar ikkje er nok å leggje ny asfalt. For å ta eit eksakt høve: På vegen opp Valdres til Beitostølen køyrer me to veghøvlar. Dei som var med på dette møtet, stilte spørsmål frå salen om kvifor ein gjorde det. Det er fordi vegen ikkje er så bein at ein greidde det med éin. Ein måtte ha ein som tok det beine, og så måtte ein ha ein annan som tok utkanten av vegen. Vegen var rett og slett nedsliten. Det seier noko om at det på mange vegar ikkje er nok å leggje på asfalt, ein må òg inn og sjå på bereevna. Ein må sjå på dei grunnleggjande strukturane. Det medfører at ein må prioritere fleire midlar til dette arbeidet i tida framover.

Per Roar Bredvold (FrP) [12:16:47]: Jeg stilte senest i desember 2007 også et spørsmål om rv. 3. Da svarte statsråden - uten at jeg husker det ordrett - noe lignende som at hun skulle følge nøye opp rv. 3. Jeg håper at statsråden gjør det, for som sagt: Det hjelper ikke å legge et tynt asfaltlag oppå en dårlig vei når grunnen ikke er bra nok. Det må mye mer til. Statsråden henviser til Nasjonal transportplan, som går over en ganske lang periode, en tiårsperiode. Det er noen år til den skal begynne å gjelde. Det er jo heller ikke helt sikkert at det blir slik som det står i Nasjonal transportplan. Hvis jeg husker riktig, er det 400 mill. kr til rv. 3.

Vil statsråden her og nå love at rv. 3 er en av de veiene som hun absolutt vil prioritere - på grunn av den store trafikkmengden, på grunn av den tunge trafikkmengden, og på grunn av de folkene som bor langs rv. 3? Det er også distriktspolitikk.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:17:53]: Dette er den andre vegen eg i dagens spørjetime har vorte beden om å prioritere. Svaret mitt må verte det same til representanten Bredvold som til den førre representanten som stilte spørsmål, nemleg at mitt politiske arbeid med Nasjonal transportplan - det er i høgste grad eit politisk arbeid det som no skjer i fylkeskommunane og i dei store bykommunane - startar etter høyringa. Eg skal høyre kva dei seier, før eg startar på mitt tunge prioriteringsarbeid. Eg håper me får ein god dialog både i Regjeringa og med opposisjonen i tida fram til stortingsmeldinga skal leggjast fram, og i prosessen i Stortinget etterpå. Så me får god tid til å diskutere prioriteringar.

: