Stortinget - Møte onsdag den 16. januar 2008 kl. 10
President: Carl I. Hagen
Spørsmål7
Arne Sortevik (FrP) [11:34:30]: «Statsråden svarte i spørretimen 9. januar 2008 at fagetatens grunnlagsmateriale for ny NTP 2010-2019 ligger innenfor en beregningsteknisk ramme på 10 ganger budsjettfremlegget for 2007. Stamvegutredningen samt beregning for øvrige riksveier viser i et 30-årsperspektiv et behov for investeringer på nærmere 500 mrd. kr. 10-års andelen av 30-årsperspektivet gir et stort gap mellom faglig anbefaling fra fagetat når det gjelder veginvestering og den beregningstekniske ramme.
Hvordan mener statsråden gapet skal dekkes inn?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:35:20]: Eg beklagar sterkt at Stortinget måtte vente på meg. Eg var informert om at eg skulle møte kl. 11.45, og fekk ikkje beskjed om at det var endringar. Det er eg lei meg for.
I svaret eg gav representanten Sortevik i spørjetimen 9. januar, gjorde eg greie for status for stamnettutgreiingane, som for fyrste gong er offentleggjorde. Slike utgreiingar er viktige for retninga i den langsiktige planlegginga, og er samstundes del av grunnlaget for neste NTP. Eg vil streke under at utgreiingane syner eit langsiktig behov, men at det ikkje er gjort konkrete økonomiske prioriteringar innafor økonomiske rammer.
I Statens vegvesen si stamnettutgreiing er det peikt på eit behov på minst 230 milliardar kr. Bompengepotensialet er rekna til 80 milliardar kr, dvs. at om alle behov skal verte innfridde i 30-årsperioden, må dei statlege investeringane på stamvegane vere 5 milliardar kr kvart år.
Sortevik er oppteken av korleis gapet «mellom faglig anbefaling fra fagetat når det gjelder veginvestering og den beregningstekniske ramme», skal dekkjast inn. Kva for «gap» me snakkar om, er det no for tidleg å seie noko om. Eg vil få overlevert planforslaget frå etatane og frå Avinor i morgon, 17. januar. Framlegget til prioriteringar frå etatane og analysar utførte i planprosessen vil saman med utsegner frå m.a. storbyar og fylkeskommunar danne grunnlaget for dei politiske prioriteringane som skal gjerast i Regjeringa - og seinare i Stortinget. Dette gjeld både nivået på og innrettinga av ressursinnsatsen i åra framover. Det er med andre ord ikkje mine, men fagetatane og Avinor sine prioriteringar som vert offentleggjorde i morgon.
Ramma for NTP 2010-2019 og disponeringa av denne vert fyrst fastsett i stortingsmeldinga. Det eg kan seie no, er at eg er oppteken av at transportsektoren vert tilført ressursar som gjer det mogleg å få ei trygg og effektiv avvikling av trafikken med minst mogleg ulempe for miljøet. Forbetringar i infrastrukturen vil m.a. vere viktige for å redusere næringslivet sine konkurranseulemper med store transportavstandar til marknadene. Nivået på investeringar i transportsektoren må avvegast mot andre behov i sektoren og andre behov i resten av samfunnet. Det er nettopp dette me skal gjere i Nasjonal transportplan.
Samstundes er det viktig med realistiske rammer. Realistiske rammer må vere føreseielege for næringsliv og folk for deira tilpassing. Oppfølginga av NTP skjer gjennom dei årlege budsjetta. Gjennom Stortinget si handsaming vil dei endelege rammene for transportsektoren verte fastsette. Det er mange og viktige behov som skal avvegast mot kvarandre. Eg ser fram til eit konstruktivt ordskifte med Sortevik og andre om korleis me gjennom Nasjonal transportplan og seinare budsjettoppfølging skal leggje til rette for ein best mogleg transportsektor i åra som kjem.
Arne Sortevik (FrP) [11:38:30]: Takk for svaret.
Jeg føler at vi er kommet et lite skritt lenger enn for en uke siden, når vi nå får en presisering av at det faktisk foreligger faglige råd fra fagetat - og jeg holder meg i denne omgang til vei. Det foreligger et langsiktig perspektiv fra den ansvarlige fagmyndighet, som peker på at det å utbygge eller å utbedre til veinormalstandard vil koste ikke bare 230 milliarder kr for stamveinettet, men et tilsvarende beløp for riksveinettet - sett i et trettiårsperspektiv, altså henimot 500 milliarder kr. Alle som kan foreta en enkel deleoperasjon, skjønner at vi da snakker om 160-170 milliarder kr i et tiårsperspektiv. For en uke siden sa statsråden i sitt svar på spørsmål omkring dette at rammen som er lagt, er budsjettnivå for 2007 pluss/minus 20 pst. Det vil altså bli mellom 60 og 70 milliarder kr. Der er gapet.
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:39:37]: Ja, det er heilt rett oppfatta. I stamnettutgreiingane, der ein har laga ei utgreiing på fritt grunnlag, utan dei reknetekniske rammene som ein set i Nasjonal transportplan, er det fastsett eit behov dersom ein skal ha ein fullgod standard på alle vegar fram til 2040, altså innanfor eit trettiårsperspektiv. Eg streka under dette òg i mitt svar i førre veke.
I motsetning til tidlegare statsrådar har eg gjort stamnettutgreiingane offentlege, nettopp for å kunne skape ein debatt i samfunnet om kor me skal vere om 30 år, om kva som skal til for å kome dit, og om kva ambisjonsnivå ein skal ha. Nasjonal transportplan følgjer det som Regjeringa, både i denne omgangen og tidlegare, har lagt som ramme, nemleg at det er det siste året, det kjende budsjettet, som ligg til grunn for ei framskriving - pluss/minus 20 pst. Så skal me diskutere vidare kva som vert dei endelege rammene.
Arne Sortevik (FrP) [11:40:41]: Det er veldig bra at fagetatenes langsiktige perspektivutredninger er gjort offentlig tilgjengelige. Men det er også klart at de er faglig fundert - de er faglig fundert i hva som kreves for å få en fullgod utbygging til veinormalstandard i løpet av en trettiårsperiode. Det er et gap, og det spørsmål som nå melder seg i forkant av presentasjonen av det forslaget som kommer i morgen, er fortsatt hvordan gapet skal dekkes - om vi skal få full utbygging de siste 20 av de neste 30 årene, om vi skal få mindre utbygging enn det som er faglig nødvendig for å få en tilfredsstillende veinormalstandard, om vi skal få mer bompenger for å få dette til, om vi skal få flere restriksjoner, om det blir dyrere å bruke bil, eller om det blir redusert anledning til å bruke bil.
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:41:40]: Eg meiner at dei problemstillingane som representanten Sortevik dreg opp, er nettopp den typen problemstillingar som me skal diskutere det komande året. Fyrst skal utkasta som no kjem frå etatane, på høyring i fylkeskommunar og storbyar. Me skal ha møte med dei, og eg går ut frå at me òg får ein debatt i det offentlege rom - eg håpar det. Dernest skal Regjeringa ha si handsaming, og Stortinget skal få eit dokument frå Regjeringa som skal debatterast i denne salen. Det er jo nettopp den typen spørsmål som Sortevik reiser, som no skal verte gjenstand for debatt. Eg ser fram til at me skal få ein god debatt, både i dei formelle fora og i det offentlege rom, om kva ambisjonsnivå ein skal ha for samferdsla i dette landet i det neste tiåret.