Stortinget - Møte onsdag den 16. januar 2008 kl. 10
President: Carl I. Hagen
Spørsmål 22
Gunnar Gundersen (H) [13:20:13]: Mitt spørsmål går også til kunnskapsministeren.
«Før sommeren 2007 sendte Utdanningsdirektoratet ut på høring blant annet et forslag om at førskolelærere skulle kunne undervise elever helt opp til 7. klassetrinn. Saken ble tatt opp av Klassekampen 4. desember 2007. I lys av de utfordringer skolen står overfor, bør overordnet skolemyndighet i dag snarere sende klare signaler om at lærere må ha utdanning og faglig kompetanse tilpasset det nivå og de fag de skal undervise i.
Har statsråden tatt noe initiativ i saken?»
Statsråd Bård Vegar Solhjell [13:20:53]: Etter samråd med departementet sende Utdanningsdirektoratet den 13. juli 2007 ut på høyring to forslag om å skjerpe kompetansekrava for tilsetjing av lærarar i grunnskulen. Det eine forslaget var å skjerpe kravet for tilsetjing av førskulelærarar det første året i grunnskulen, det andre var å skjerpe fagkrava til lærarar som skal tilsetjast for å undervise i dei tre faga norsk, matematikk og engelsk på ungdomstrinnet.
I høyringa vart det gjort greie for at departementet og direktoratet ønskte endringane snarast mogleg. Det vart òg orientert om at det i departementet skulle setjast i gang eit arbeid med sikte på ei prinsipiell vurdering av heile kompetansekapitlet i forskrifta. Det arbeidet er i gang og vert sett på i nær samanheng med den vurderinga vi skal gjere av lærarutdanninga.
Forslaget i høyringa var at dei førskulelærarane som skal tilsetjast på det første årstrinnet, må ha minst eitt års vidareutdanning innretta mot undervisning. Det vil seie at kravet vert det same som noverande krav for tilsetjing av førskulelærarar på 2.-4. årstrinn. I tillegg vart høyringsinstansane spurde om førskulelærarar med vidareutdanning bør kunne tilsetjast på heile barnetrinnet og ikkje berre på 1.-4. årstrinn. Bakgrunnen for dette spørsmålet var at ved innføringa av Kunnskapslyftet var det tidlegare skiljet mellom småskuletrinnet og mellomtrinnet oppheva.
Eg er kjend med at resultata frå høyringa no ligg føre i Utdanningsdirektoratet. Så snart tilrådinga frå Utdanningsdirektoratet vert oversend departementet, vil eg ta standpunkt til kva som skal setjast i verk av dei forslaga og spørsmåla som har vore på høyring.
Eg kan forsikre representanten Gundersen om at eg er oppteken av at sentrale styresmakter skal gi klare signal om at dei som vert tilsette som lærarar, skal ha kompetanse i samsvar med dei undervisningsoppgåvene tilsetjinga gjeld for.
Gunnar Gundersen (H) [13:22:44]: Den forsikringen setter jeg veldig pris på.
Jeg noterte meg at høringsforslagene inneholdt skjerping av kravene. Vi diskuterer jo hvordan man nå skal heve statusen til læreren. Det er et mangslungent spørsmål. Veldig mange snakker om det, men det er spørsmål om hvilke tiltak man faktisk setter i verk.
Jeg noterte meg at kunnskapsministeren sa til representanten Thommessen tidligere i dag at førskolelærerne gjør en utmerket jobb i skolen. Det er det mulig de gjør, ut fra sine forutsetninger. Men de har også en helt annen pedagogisk plattform å jobbe ut fra. Jeg tror, som i og for seg kunnskapsministeren avsluttet med, at det at lærerne har utdanning og kompetanse for det nivået de skal undervise på, er noe av det viktigste for å kunne heve statusen til læreren. Da må vi ikke hele tiden gå i motsatt retning.
Så selv om ikke statsråden gav et klart og entydig svar, at det ikke er aktuelt i dag, håper jeg han følger opp det han sier i ord.
Statsråd Bård Vegar Solhjell [13:23:51]: Det er altså sånn at ca. ein av fire lærarar som jobbar i skulen på barnetrinnet 1-4, har bakgrunn som førskolelærar. Men i all hovudsak har dei vidareutdanning spesielt retta mot skulen og dei faga og oppgåvene ein har i dei åra. Dei gjer ein viktig jobb for dei første årstrinna i skulen. Vi er svært avhengige av dei. Som sagt er det ein betydeleg del.
Eg trur at det å auke statusen til lærarane òg heng saman med korleis vi som politikarar snakkar om dei dyktige og engasjerte lærarane vi har i skulen i dag. Då synest eg vi skal nytte så mange anledningar som mogleg til å fortelje om det viktige arbeidet dei gjer, med sin ulike bakgrunn.
Gunnar Gundersen (H) [13:24:45]: Det er jeg også i og for seg enig i. Men det hjelper ikke å snakke, vi må også skape resultater. Det er det som bygger status for hele skolen.
Jeg vil gjøre kunnskapsministeren oppmerksom på en viss problematikk her. I Høyre har vi allerede foreslått at man skal heve opptakskravet til lærerskolen. På førskolestudiet er det ikke opptakskrav i det hele tatt. Det er ingen tvil om at det er mange som kommer inn på førskolestudiet, som ikke ville ha kommet inn på allmennfaglærerutdanningen. Dermed vil man kunne oppleve at førskolelærerutdanning med tillegg vil kunne bli en type kjøkkenvei inn i læreryrket. Det er en problematikk som jeg synes man skal ta på alvor når man fokuserer på status i læreryrket. Det må ikke skje. Jeg håper kunnskapsministeren tar med seg det i de vurderingene han nå skal gjøre.
Statsråd Bård Vegar Solhjell [13:25:47]: Eg synest ikkje vi skal antyde på nokon måte at mange av dei som gjer denne viktige jobben, har kome nokon kjøkkenveg, tvert imot. Men det er heilt nødvendig å sjå på korleis vi kan sikre at det er kompetanse blant lærarane for dei oppgåvene og dei faga dei har. Det er bakgrunnen for dette forslaget - å sjå på både kompetansekrav til å undervise på 1. trinnet i barneskulen og kompetansekrav til å undervise på ungdomstrinnet i svært sentrale fag.
Så har vi òg ei betydeleg utfordring med lærarutdanninga framover. Som eg har varsla, skal vi no i gang med eit arbeid med å sjå på innretning, struktur og innhald i ho. Eitt av dei spørsmåla vi då sjølvsagt må vurdere, er opptakskrava til lærarutdanning, akkurat som vi må vurdere krav til kompetanse for dei som kjem ut av lærarutdanninga, til å undervise i dei enkelte faga i grunnskulen.
Presidenten: Stortinget går da til behandling av spørsmål 9.