Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 16. januar 2008 kl. 10

Dato:
President: Carl I. Hagen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 20

Elisabeth Aspaker (H) [13:05:42]: Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kunnskapsministeren:

«Det er hevet over tvil at lærernes kompetanse er avgjørende for å sikre høy kvalitet på undervisningen. Dette er også bakgrunnen for at det følger med betydelige kompetansehevingsmidler ved innføring av Kunnskapsløftet, slik at lærerne kan gis tilbud om relevant kompetanseheving.

Hvordan vil statsråden sikre seg at landets lærere faktisk får slik etterutdanning og at kompetansehevingsmidler ikke disponeres på tvers av de nye kompetansebehov som følger direkte av Kunnskapsløftet?»

Statsråd Bård Vegar Solhjell [13:06:20]: Tildelinga av kompetanseutviklingsmidlane til kommunar og fylkeskommunar i samband med Kunnskapslyftet skjer innanfor rammene av «Kompetanse for utvikling. Strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringa 2005-2008». Strategien er utarbeidd i samarbeid med partane for å dekkje kompetansebehov knytte til Kunnskapslyftet.

Med tildelinga av midlane følgjer ei rekkje føringar, føresetnader og informasjons- og oppfølgingstiltak som skal sikre at midlane vert brukte innanfor rammene av strategien.

Føresetnadene som ligg i sjølve strategien, er at

  • den enkelte skulen og lærebedrifta skal vurdere kva tiltak som bør prioriterast for å kunne gjennomføre reforma

  • ein skal sørgje for medverknad og medavgjerd

  • ein skal samarbeide med partane

  • ein skal søkje fagleg støtte frå relevante fagmiljø

  • ein skal rapportere til fylkesmannen om gjennomføringa av bruk av ressursar

Så til føresetnaden om politisk vedteken strategi og årsplan. For å få utbetalt midlane er det ein føresetnad at kommunar og fylke tek hand om sitt ansvar for kompetanseutvikling gjennom politisk vedtekne planar. Det inkluderer ein strategi for perioden 2005-2008 og ein årsplan for kvart budsjettår, med konkrete tiltak og eigenfinansiering for kommunar og fylke.

Så er det ein føresetnad at lokal forankring skal sikrast før utbetaling. Det er lagt inn som ein ekstra føresetnad for å få utbetalt midlar at kommunar og fylke skal orientere fylkesmannen om korleis dei har sikra at lokal deltaking og forankring på den enkelte lærestaden vert teken hand om.

Føresetnadene står i informasjonsbrev om tildelinga i januar. Kvart år i utdanningsperioden sender Utdanningsdirektoratet ut eit informasjonsbrev til fylkesmennene som går i kopi til alle kommunar og fylkeskommunar i samband med tildeling av midlane. I brevet gjer direktoratet merksam på føresetnadene som ligg i strategidokumentet, og som er knytte til politisk vedtekne planar om lokal forankring.

Så er det krav om årleg rapportering om bruk av midlar og gjennomføring av tiltak. Det er ei følgjeevaluering i samband med strategien. Det er Fafo som gjennomfører årlege rapportar.

Regionale samarbeidsforum er etablert i dei fleste fylka mellom partane på fylkesnivå.

Så eg føler meg rimeleg trygg på at føresetnadene som ligg i strategien, vil føre til at lærarane sin kompetanse i samband med innføringa av Kunnskapslyftet vil verte godt sikra og forbetra.

Elisabeth Aspaker (H) [13:09:18]: Jeg takker statsråden for svaret, men til tross for den betydelige oppramsingen av planer og strategier er jeg ikke overbevist om at det som skjer ute i skolehverdagen, er helt i tråd med det som Stortinget har tenkt og forutsatt. Selve kjernen i Kunnskapsløftet er jo vektleggingen av grunnleggende ferdigheter i lesing, skriving og regning samt digitale ferdigheter. Det er også stor fokusering på at det er flere enn bare norsklæreren og matematikklæreren som skal ha ansvaret for å gi elevene denne typen kunnskap med på veien, som jo er selve plattformen man må stå på for å kunne tilegne seg alle andre fag også.

De rapportene som kommer tilbake fra skolen, viser at det fortsatt er mange korte, overfladiske kurs, som skaper masse frustrasjon, og det virker som det fortsatt er litt uten mål og mening hva som faktisk gjennomføres. Så jeg spør hva statsråden vil gjøre for å unngå at sånne viktige kompetansehevingsmidler sløses bort i overfladiske kurs som lærerne synes er meningsløse.

Statsråd Bård Vegar Solhjell [13:10:20]: Representanten Aspaker har heilt rett i at det å implementere - eller setje ut i livet - ein omfattande kompetanseplan og ein strategi som dette, og bruke statlege midlar godt, der vi samtidig veit at det er betydelege lokale midlar frå kommunar og fylkeskommunar inne i biletet, er veldig krevjande å få godt til på alle skulane i landet. Eg veit at mange stader fungerer det godt, men eg veit sjølvsagt òg at det er krevjande å få til å setje det ut i livet like godt andre stader. Derfor er det eit kontinuerleg arbeid der vi er avhengige av alle ledd i kjeda for å få det til. Vi har eit omfattande planverk og system for å kvalitetssikre nasjonalt. Det veit vi at òg kommunar og fylkeskommunar har. Heilt ned til den enkelte skulen har ein merksemd på det. Men vi veit sjølvsagt at ein ikkje får til alt like godt alle stader.

Elisabeth Aspaker (H) [13:11:21]: Jeg takker for svaret.

Statsråden innrømmer jo at det ikke uten videre er enkelt å få det like godt til overalt. Jeg tror det er svært viktig at man fokuserer på det, at kommunene er klar over at Stortinget har vedtatt en reform med en del forutsetninger som ikke vil kunne oppfylles hvis vi ikke får til denne kompetansehevingen, og at vi også får skapt den entusiasmen som skal til blant lærerne for at vi skal lykkes med denne reformen. 2,5-3 milliarder kr til etter- og videreutdanning som ligger i Kunnskapsløftet, er tidenes løft når det gjelder etter- og videreutdanning.

Det er også vist til samarbeidet med KS, som jeg tror er veldig viktig. Innebærer det samarbeidet som er med KS nå, en systematisk evaluering underveis? Betyr det at departementet og KS i samarbeid kan ta enda tettere grep for å sikre seg at man får til den etter- og videreutdanningen som skal til? Og vil Stortinget få en statusrapport på hvordan dette går?

Statsråd Bård Vegar Solhjell [13:12:27]: Som sagt er det ei følgjeevaluering av dette, som vi er veldig opptekne av skal vere veldig grundig og god. Det vil vere nødvendig å rapportere tilbake om korleis gjennomføringa av kompetanselyftet har gått.

Så vil eg seie om utfordringane at i tillegg til å sørgje for at det er ein klar strategi som er forankra i og skjer på den enkelte skulen, møter vi òg utfordringar knytte til oppfølginga av den kompetansen som blir opparbeidd gjennom etterutdanning: at det på den enkelt skulen er tid til å vidareutvikle han, at han vert forankra i leiinga på skulen, at ein får inn vikarar for lærarar som skal bruke arbeidstid på dette, og andre ting.

Eg jobbar med korleis vi skal gjennomføre siste delen av lyftet. Det vil vere nødvendig med ei grundig evaluering om korleis det har gått, og det har Fafo hovudansvaret for.

: