Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 16. januar 2008 kl. 10

Dato:
President: Carl I. Hagen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål19

Øyvind Halleraker (H) [12:58:31]: Jeg har et spørsmål til kunnskapsministeren:

«Utvidet skoledag og snarlig pensjonering av mange lærere gir store utfordringer når det gjelder lærerrekrutteringen. Dette er et område som opptar mange, men Regjeringen forholder seg helt passiv. Høyre har fremmet forslag om rekrutteringsplaner for lærere både i grunnskolen og i videregående skole.

Hvorfor kan ikke regjeringspartiene og statsråden støtte dette?»

Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:59:01]: Det er brei semje om at læraren er den viktigaste enkeltfaktoren for god læring hos elevane. Rekruttering av mange nok og gode nok lærarar til grunnskule og vidaregåande opplæring er noko av det eg er mest oppteken av i det vidare arbeidet for ei god grunnopplæring. Det einaste som er like viktig, er arbeidet med å utvikle og ta godt vare på dei 90 000 lærarane vi har i skulen.

Eg er glad for at representanten Halleraker er oppteken av lærarrekruttering, men eg vil på det sterkaste tilbakevise påstanden om at eg og Regjeringa er passive i denne saka. Det er derimot viktig for meg at dei tiltaka vi set i verk, skal vere kunnskapsbaserte og grundig gjennomtenkte, og at det er fleire ulike faktorar som påverkar rekrutteringa til læraryrket.

Statistisk sentralbyrå har modellar for framskriving av utviklinga innan fleire yrke, m.a. læraryrket. I 2005 gjennomførte dei på oppdrag frå departementet den såkalla LÆRARMOD, der dei vurderte behovet for lærarar på bakgrunn av visse variablar på tilbods- og etterspurnadssida. Funna deira gav ikkje grunn til sterk uro for talet på lærarar i skulen. Men fordi vi veit at situasjonen er i endring, har vi no bestilt ein ny versjon av LÆRARMOD, basert på eit oppdatert kunnskapsgrunnlag. Resultata er venta om ikkje lang tid. På bakgrunn av det vi då får vite, vil eg vurdere om det er nødvendig å setje i verk særskilde tiltak.

For at unge menneske skal ønskje å verte lærarar, må skulen vere attraktiv som arbeidsplass, og lærarutdanningane må vere gode utdanningar. Som Stortinget veit, går vi no gjennom allmennlærarutdanninga med sikte på endringar i struktur og innhald, slik at heilskap og kvalitet skal prege tilbodet. Vi vil leggje rammene for ei ny lærarutdanning fram for Stortinget til hausten.

Vidare utvikling av kvalitet i skulen er ei sentral utfordring, både på nasjonalt og på lokalt nivå. I staden for å drive med svartmåling av situasjonen og klandre lærarane skal vi leggje til rette for betre kompetanseutvikling og gode rammer omkring opplæringa.

Eg er glad for at skulen vert mykje omtalt for tida. Vi får ikkje stor tilstrøyming til læraryrket dersom skulen i alle samanhengar blir framstilt som elendig, eller ein snakkar om ei krise, som eg har lagt merke til at enkelte gjer. Det er det ikkje. Og vi skal byggje vidare på dei kvalitetane som vi har i skulen.

Eg ser ikkje bort frå at rekrutteringsplanar kan vere eit godt tiltak. Eg meiner òg at heilskapleg og målretta satsing på ein god skule og gode lærarutdanningar er ein langsiktig måte å rekruttere lærarar på.

Eg vil setje meg nøye inn i kva tiltak som er nødvendige, både dei langsiktige, målretta og systematiske og dei meir kortsiktige, retta mot situasjonen i næraste framtid, når vi får eit oppdatert kunnskapsgrunnlag frå Statistisk sentralbyrå.

Øyvind Halleraker (H) [13:01:55]: Jeg takker for svaret.

Jeg registrerer at statsråden er enig med Høyre i at vi ønsker kvalitet inn i skolen, og at vi er bekymret for lærersituasjonen. Men jeg må nok sende i retur påstanden - som jeg forstod var til oss - om at det er vi som bringer opp spørsmålet om krise. Det gjorde jo selv statsrådens egen sjef i sin nyttårstale til det norske folk.

Jeg har også lyst til å peke på at mens statsråden foretar alle disse vurderingene, skjer det ting. Vi har 17 pst. lavere opptak i søkningen til studiet i år, og det faller fra 27 pst. Jeg har lyst til å utfordre statsråden på om ikke en nasjonal rekrutteringsplan for lærere nettopp kunne inneholde strategier som kunne gjøre læreryrket mer attraktivt, slik at man dermed fikk større søkning til yrket.

Statsråd Bård Vegar Solhjell [13:03:02]: Eg har lese statsministerens nyttårstale særs grundig. Der står det ingenting om krise. Talen seier tvert imot at det er mykje bra i norsk skule, men at vi har store utfordringar og må ha forbetringar. Eg har òg lese i Dagbladet at leiaren i utdanningskomiteen, frå Høgre, skriv at det er krise. Eg trur altså ikkje at framstillingar av typen «krise» og «leikeskule» eller det å spreie mytar om skulen og dermed skulde på dei som jobbar der i dag, er vegen å gå, tvert imot. Vi må som ansvarlege leiarar byggje opp eit ønske om eit engasjement blant unge menneske for å verte lærarar, og vi må byggje opp og motivere dei som jobbar i skulen, dei lærarane som faktisk skal ta tak i dei utfordringane vi no har framover.

Så gjentek eg berre at eg synest det er interessante forslag som har kome om ein rekrutteringsplan, og at eg kjem til å sjå nærare på både kortsiktige og langsiktige tiltak, spesielt etter at det oppdaterte kunnskapsgrunnlaget frå Statistisk sentralbyrå vert presentert.

Solveig Hornehadde her overtatt presidentplassen.

Øyvind Halleraker (H) [13:04:04]: Jeg takker igjen for svaret. Hvis jeg er positiv i min tolkning, registrerer jeg en bevegelse i retning av at forslaget om rekrutteringsplaner er i ferd med å sige inn.

Jeg må nok si at slik holdningen har vært tidligere, er det et paradoks at Regjeringens medlemmer har vært bekymret for lærermangelen når de har uttalt seg til mediene, mens vi i Stortinget altså ikke har møtt forståelse for forslaget. På den annen side har man fått en rekrutteringsplan for førskolelærere.

Jeg har lyst til å utfordre statsråden helt konkret på om vi kan forvente at det i den meldingen som blir lagt frem for Stortinget, også blir lagt inn en egen rekrutteringsplan for lærere.

Statsråd Bård Vegar Solhjell [13:05:01]: Representanten kan vente at det framleis vil vere eit engasjement for å rekruttere nok dyktige og motiverte lærarar til skulen i tida framover.

Eg kjem til å setje meg inn i og bruke tid på korleis situasjonen er når vi har eit oppdatert kunnskapsgrunnlag. Basert på det vil vi vurdere gode tiltak for å rekruttere lærarar i åra framover.

: