Stortinget - Møte onsdag den 16. januar 2008 kl. 10
President: Carl I. Hagen
Spørsmål 18
Finn Martin Vallersnes (H) [12:51:34]: «Globaliseringen medfører en økende internasjonalisering av så vel næringsliv som arbeidsmarked. Det gjør at både norske arbeidstakere og norsk kompetanse får tiltakende interaksjon med andre land og språkområder. Norsk skole må ta denne utfordringen og helst lykkes så godt at nivået på norsk utdannelse blir en utfordring for dem vi samarbeider med.
Er statsråden enig i at listen ligger så høyt, og hva gjør Regjeringen for at internasjonaliseringens krav preger målsettingen i norsk skole?»
Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:52:10]: Det er eit mål for Regjeringa at norsk utdanning skal vere god, og det er òg eit mål for nasjonen å hevde seg i internasjonalt samarbeid.
Internasjonaliseringa i skulen dreier seg i stor grad om å gje unge menneske den kompetansen dei treng for å lukkast i samfunnet i dag og i morgon. Internasjonalisering vil kunne føre til at elevane og lærarane utviklar solidaritet med elevar og lærarar i område med svakare føresetnader for å lukkast i den globale konkurransen.
Målet om internasjonalisering, som inkluderer internasjonal forståing hos norske elevar og lærlingar, er heimla i opplæringslova og den generelle delen av læreplanen. I fleire stortingsmeldingar og i læreplanane for norsk grunnopplæring finn vi omtale av kor viktig det er med internasjonalisering.
Vi ser på internasjonalisering av norsk utdanning som ein integrert del av norsk utdanningspolitikk. Den skal stimulere til den faglege utviklinga til elevane og lærlingane.
Kompetanse i språk og kunnskap om framande kulturar er viktig for at samfunnet og spesielt næringslivet, som melder at å kunne berre engelsk ikkje er nok, skal kunne fungere i ein open verdsøkonomi. For at nyutdanna skal vere kvalifiserte for eit stadig meir internasjonalt samfunns- og næringsliv, trengst det endå meir kompetanse enn det ein får i dag.
Vi er opptekne av god språkopplæring og av at fleire og fleire elevar skal velje å fordjupe seg i framandspråk i den vidaregåande opplæringa. Fordi vi er opptekne av internasjonalisering og god språkopplæring, har vi no slått saman programområda for språkfag, samfunnsfag og økonomi i den vidaregåande skulen for å få fleire til å velje språk. Andre tiltak vil verte drøfta i den komande språkmeldinga. Heldigvis vel fleire og fleire framandspråk i ungdomsskulen.
Noreg tek del i EU sitt program for livslang læring, LLP. Det er eit program som vender seg m.a. til barn og unge i grunnopplæringa, inkludert barnehagane. Lærarar og elevar som har teke del i dette programmet, eller i dei tidlegare utdanningsprogramma på ein eller annan måte, t.d. gjennom utveksling, melder om auka motivasjon for læring og kunnskap om andre kulturar og folk.
Til slutt vil eg igjen nemne at ei eiga stortingsmelding om språk snart vil verte lagd fram, og at det på eit seinare tidspunkt vil verte presentert ei melding som omhandlar internasjonalisering i utdanninga.
Vi meiner at internasjonalisering og globale dimensjonar i opplæringa medverkar til at lista ligg høgt, og at dette vil kunne føre til auka respekt, openheit, toleranse og demokratisk sinnelag hos elevane, saman med ei styrking av den interkulturelle dialogen.
Finn Martin Vallersnes (H) [12:54:43]: Jeg takker statsråden for svaret. Det var interessant å høre om de kommende meldingene, som vi ser frem til.
Kvaliteten på utdanningen bestemmes rimeligvis av mange faktorer. En vesentlig komponent er selve innholdet i det enkelte fag, og det nivået man ønsker å føre eleven eller studenten frem til.
Spørsmålet blir jo da: På hvilken måte mener statsråden at dette nivået i det enkelte fag bør påvirkes av utdanningsstandarden i andre land, og hva gjør man for å få til den koblingen?
Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:55:19]: Vi brukar jo betydelege ressursar på å følgje med på utviklingstrekk i det enkelte fag i andre land, for nettopp å vurdere kva vi kan lære av korleis skulen fungerer i andre land. I tillegg tek vi del i ei rekkje internasjonale undersøkingar - som eg reknar med at representanten òg er kjend med etter debatten den siste tida - som i seg sjølv fungerer som samanlikningsgrunnlag og dermed inspirerer til å lære av korleis ein gjer det i andre land.
Så vil eg i tillegg vise til at nokre fag i seg sjølv har eit internasjonalt element. Særleg vil den styrkinga av språkfaga som vi treng framover, vere veldig viktig for internasjonaliseringa både i skulen og ikkje minst i næringslivet og elles i samfunnet.
Finn Martin Vallersnes (H) [12:56:16]: Jeg takker igjen for svaret. Kanskje jeg burde ha stilt siste spørsmålet på engelsk eller fransk, men jeg går ut fra at det ligger utenfor forretningsordenen. Jeg vil imidlertid gjerne komme litt tilbake til språkopplæringen.
Det er ingen tvil om at en annen vesentlig faktor er hvordan allmennutdanningen gir oss et fundament for å lære språk som grunnlag for å kommunisere med omverdenen, om det nå gjelder dem vi skal samarbeide med, eller dem vi konkurrerer med. De språkferdighetene bør selvfølgelig være funksjonelle, slik at de kan anvendes og videreutvikles for praktisk bruk.
Nå merket jeg meg spesielt at vi kan se frem til en kommende språkmelding, men det kunne være interessant å bore litt dypere i dette og spørre: Hva er statsrådens ambisjoner for språkferdighetene i ulike språk hos dem som har gått i norsk skole?
Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:57:08]: Språkmeldinga vil nok gje høve til å bore litt djupare i det spørsmålet enn det neste minuttet tillèt, men eg vil kort seie: Vi veit at vi har ei betydeleg framandspråkutfordring i Noreg. Næringslivet melder om at mange saknar god nok engelskkompetanse, men òg kompetanse i andre språk. Særleg er tysk eit språk ein har stort behov for i norsk næringsliv, der det ikkje er mange nok med god nok kompetanse. Derfor er eg oppteken av andre framandspråk på barnetrinnet, og eg er veldig glad for den auken ein ser på ungdomstrinnet. Det er svært bekymringsfullt det vi no ser i vidaregåande opplæring, der vi nesten har ei halvering av talet på dei som vel språk. Derfor er eg oppteken av tiltak der som kan betre situasjonen.
Så må vi òg vere opptekne av det same innafor høgare utdanning, ikkje minst at vi klarer å få fram dyktige lærarar innafor dei sentrale språkfaga i ungdomsskule og vidaregåande opplæring i åra framover.