Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 16. januar 2008 kl. 10

Dato:
President: Carl I. Hagen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål16

Bent Høie (H) [12:36:17]: «OECDs visegeneralsekretær kom på NHOs årskonferanse med tre klare anbefalinger for å gjøre den norske skolen bedre. En av disse var større åpenhet om skolens resultater.

Vil Regjeringen følge opp denne anbefalingen?»

Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:36:35]: Alle elevar på 5. og 8. årstrinn gjennomførte nasjonale prøver i lesing, rekning og lesing på engelsk i september i fjor. Skulane fekk tilgang til sine eigne resultat med ein gong.

Offentlegheitslova regulerer vilkåra for å offentleggjere resultata frå nasjonale prøver. Det er teieplikt for opplysningar om resultata til den enkelte eleven på dei nasjonale prøvene. Ein kan ikkje offentleggjere resultata for ein skule eller ein kommune slik at ein kan identifisere resultata til ein enkelt elev.

I desember i fjor vart resultata frå dei nasjonale prøvane publiserte på Skoleporten saman med andre data om læringsresultat, ressursar, læringsmiljø og gjennomføring av opplæringa. Her kan skular og kommunar hente og samanstille data for eigen skule og kommune eller fylkeskommune og òg gjere samanlikningar med andre. I tillegg er sjølvsagt resultata tilgjengelege for den enkelte elevs foreldre og føresette.

Resultat på skulenivå er berre tilgjengeleg på den lukka, passordverna delen av Skoleporten. Kvar kommune har fått passord, slik at dei og skulane i kommunen kan sjå eigne data. Grunnen til at Regjeringa ikkje publiserer resultata på skulenivå, er at vi ikkje ønskjer å leggje til rette for rangering av skular, sjølv om det ikkje er mogleg å sikre seg mot at det skjer i media. Det er skulane og kommunane som først og fremst skal bruke resultata frå prøvene på skulenivå som utgangspunkt for ein diskusjon om kvaliteten på opplæringa og kva som må gjerast for å betre resultata til elevane. Resultata på kommunenivå er offentleg tilgjengelege på Skoleporten og har vore ein del av grunnlaget for den offentlege debatten vi har hatt om skulen den siste tida.

Bondevik-regjeringa publiserte resultata frå nasjonale prøver på skulenivå. Dette var ei medverkande årsak til strid om prøvene og boikott frå mange elevar i vidaregåande opplæring. Mange lærarar var òg skeptiske og oppfatta prøvene meir som ein kontrollmekanisme enn som ein reiskap for kvalitetsutvikling for den enkelte skulen.

No har det vore ro om dei nasjonale prøvene, og gjennomføringa har vore vellukka. Det har vore stor semje om at dei nasjonale prøvene er nyttige reiskapar for skular og kommunar, og at det er nødvendig med betre kjennskap til det utbyttet elevane har av opplæringa.

Andreas Schleicher, som leiar PISA-prosjektet i OECD, var i Oslo i desember i samband med framlegginga av PISA-resultata. Han peikte på at forskjellane mellom norske skular er svært små samanlikna med andre OECD-land, og at publisering og rangering av resultatet ved skulane kan gje eit villeiande bilete av tapar- og vinnarskular.

Det som er den største utfordringa for Noreg, er dei svært store forskjellane vi har innanfor kvar skule. Det er ei utfordring både skular, kommunar og nasjonale styresmakter må ta alvorleg. Då må vi ikkje berre vere opptekne av skilnader mellom skulane.

Ekspertrapporten frå OECD frå 2005 om likeverd og rettferd i utdanningssystemet gav heller ikkje ei eintydig tilråding om publisering av data på skulenivå. Tvert om rådde OECD-ekspertane Noreg til å gå varsamt fram, og dei peikte m.a. på faren for at publisering av skuleresultat kunne føre til auka forskjellar mellom skulane.

Bent Høie (H) [12:39:51]: Det er ganske oppsiktsvekkende at den rød-grønne regjeringen har valgt å holde resultatene på skolenivå hemmelig for offentligheten og bare gjort dem tilgjengelig for skolen selv og kommunen som eier. Spørsmålet er: Hvem er kommunen som eier? Er ikke det faktisk foreldrene, velgerne, de som bor i kommunen, og bør ikke de kunne få se resultatene på skolenivå for sin skole, nettopp for å få en åpen diskusjon om skolepolitikk og skolens resultater lokalt? Selv om det sammenliknet med andre land relativt sett er liten forskjell mellom skoler i Norge, er det likevel slik at en lokalt føler eierskap til sin skole, og ved å kjenne resultatene fra sin skole vil en kunne få en diskusjon om skolens resultater.

Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:40:54]: Resultata er offentlege, men Regjeringa har ikkje sjølv publisert eller lagt til rette for publisering av dei på skulenivå. Det er det altså tre grunnar til.

Den første er at vi - i motsetnad til Høgre - er opptekne av at desse prøvene skal brukast til å forbetre, ikkje rangere, skular. Grunn nummer to, som eg har gått igjennom, er at det er sterke faglege argument for at vi i Noreg ikkje bør gjere det, og her støttar vi oss m.a. på dei som har gjennomført PISA-undersøkinga, og på OECD sine nyanserte vurderingar av dette i ulike samanhengar. Så er det altså slik at den viktigaste forskjellen på før og no er at førre gong nasjonale prøver vart gjennomførte, av Bondevik-regjeringa, var det boikottaksjonar, sterk fagleg kritikk og stor misnøye, med det resultatet at det vart ei dårleg gjennomføring. No har vi ei god gjennomføring, med brei oppslutnad, m.a. på grunn av Regjeringas politikk på det området.

Bent Høie (H) [12:42:00]: Når det var strid om de nasjonale prøvene første gang de ble gjennomført, var det nettopp fordi det da var en ny ordning. En valgte å gjennomføre prøvene for å komme i gang, og det skapte diskusjon, og det er nettopp diskusjonen som er positiv når det gjelder å fokusere på skolens resultater. Ved å la tilgangen på informasjon om resultat på skolenivå være så begrenset som det Regjeringen nå legger opp til, og å holde denne tilbake fra lokalsamfunnene, unngår en jo diskusjon. Det er veldig rart at kunnskapsministeren, som burde være opptatt av at kunnskap fører til diskusjon, er så innstilt på å holde kunnskap om skolen tilbake.

Er det ikke sånn at det å få en diskusjon mellom skoleeier, innbyggerne i kommunen, foreldrene og elevene om den enkelte skole, vil være med på å drive skolen framover og peke på de områdene der skolen har et forbedringspotensial?

Statsråd Bård Vegar Solhjell [12:43:05]: Resultata er offentlege. Og ein må jo lure på om representanten Høie meiner at det har vore lite diskusjon om skulen den siste tida, basert på dei nasjonale prøvene. Mitt inntrykk er det stikk motsette: Eg trur vi skal leite lenge etter å finne ein kommune i Noreg som ikkje har diskutert korleis det står til med skulen - noko som er veldig positivt - og den vellukka gjennomføringa av nasjonale prøver er ein medverkande grunn til det. Éin sentral grunn er at no unngjekk vi at elevar boikotta, og at lærarar vart misnøgde. Vi må altså ha oppslutnad blant dei som skal gjennomføre prøvene, og dei som skal ta dei, for at resultat og oppmøte skal verte slik at vi kan bruke prøvene og nettopp få til den debatten. No kan dei brukast til forbetring, og vi får debatt. Vi har altså vellukka nasjonale prøver med den raud-grøne regjeringa, i motsetnad til med den førre regjeringa.

: