Stortinget - Møte onsdag den 9. januar 2008 kl. 10
President: Carl I. Hagen
Spørsmål 7
Arne Sortevik (FrP) [12:03:55]: Med presidentens tillatelse må jeg få lov til å ønske statsråden godt nytt år. Det er den første spørretimen i et nytt år, og jeg ser frem til mange meningsbrytinger om viktige samferdselsspørsmål i året som kommer.
«Offentliggjøring av grunnarbeidet til ny Nasjonal transportplan 2010-2019 er utsatt. Henholdsvis stamvegutredningen fra Statens vegvesen og stamnettutredningen fra Jernbaneverket har lenge vært kjent. Disse dokumentene peker på investeringsbehov på henholdsvis 230 mrd. kr og 80-100 mrd. kr for nødvendig opprustning av stamveinettet og dagens jernbanenett.
Hvilke kriterier vil Samferdselsdepartementet legge til grunn for dimensjonering av investeringer og underliggende trafikkvekst i ny Nasjonal transportplan 2010-2019?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:04:50]: Eg vil gjerne gjengjelde det gode ynsket om godt nytt år, både til representanten Sortevik og Stortinget elles. Eg ser òg fram til mange meiningsbrytingar og gode diskusjonar i denne salen.
Nasjonal transportplan 2010-2019 skal etter planen fremjast for Stortinget i desember i år. NTP skal leggje grunnlaget for utviklinga av transportsektoren i Noreg i perioden. Det er viktig å leggje planar som gjev oss eit effektivt styringsverktøy og eit godt grunnlag for oppfølging i dei årlege budsjettframlegga. Regjeringa har, som første regjering, følgt opp rammene for NTP for veg og jernbane i budsjetta for 2007 og 2008.
Transportetatane sitt førebuande arbeid med ny NTP for perioden 2010-2019 vart sett i gang i januar 2006 på grunnlag av retningsliner frå Fiskeri- og kystdepartementet og Samferdsledepartementet. Som ein del av dette arbeidet har transportetatane kvar for seg gjort stamnettutgreiingar med eit lengre tidsperspektiv og utan konkrete økonomiske prioriteringar. Eg har for første gong gjort utgreiingane offentlege, og dei har vore kjende sidan hausten 2006. Slike utgreiingar er viktige for retninga i den langsiktige planlegginga, og er samstundes ein del av grunnlaget for neste NTP.
I retningslinene for transportetatane sitt arbeid med eit fagleg grunnlagsmateriale for NTP 2010-2019 vert etatane bedne om å gjere greie for korleis dei i denne perioden vil rå til at ressursane vert nytta innafor ei berekningsteknisk økonomisk ramme. Denne ramma vart sett til 10 gonger budsjettframlegget for 2007, med marginalvurderingar innafor +/- 20 pst. Denne tilrådinga får eg som ein del av grunnlagsmaterialet 17. januar. Framlegget frå etatane vil vere offentleg og leggje grunnlaget for ei brei drøfting i samfunnet. Det vil m.a. verte lagt fram for fylkeskommunar og storbyar til uttale.
På grunnlag av etatane sitt framlegg og den vidare handsaminga av det vil Regjeringa leggje fram NTP i desember i år. Endelege økonomiske rammer for perioden og kva for investeringar vi finn rom for innanfor desse rammene, vil eg sjølvsagt kome attende til i den samanhengen.
Representanten Sortevik spør òg om underliggjande trafikkvekst i NTP 2010-2019. Det er viktig, m.a. for dimensjonering av anlegg og for drift og vedlikehald av eksisterande nett, at me legg til grunn best moglege prognosar for ei usikker framtid. Eg er oppteken av at det vert gjort eit godt fagleg arbeid òg på dette området. I retningslinene til transportetatane er dei bedne om å utarbeide «mest mulig forventningsrette prognoser». I samråd med etatane vil det òg i tida etter deira framlegg verte arbeidd vidare med å kvalitetssikre framskrivingane og å oppdatere dei i høve til utviklinga fram mot framlegging av stortingsmeldinga.
Arne Sortevik (FrP) [12:07:58]: Takk for svaret.
Jeg håper jo selvfølgelig at tidsrammen for departementets fremleggelse av NTP holder - med desember 2008. Men utgangspunktet for spørsmålet er jo at det er grunnarbeidet, som altså kommer fra fagetatene, som ble varslet forsinket før jul. Grunnarbeidet til ny Nasjonal transportplan er jo det som skal være grunnlaget i den ganske brede og omfattende høringen som skal skje ikke minst på fylkeskommunal basis. Da er det viktig å få avklart om de faglige syn som kommer fra fagetatene, er styrende for ambisjon og utbyggingsramme, eller om de faglige rådene blir underlagt en politisk styring i departementet, som faktisk legger lavere rammer enn det som faglig sett er nødvendig for å få et godt fremtidig vei- og jernbanenett.
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:09:03]: Då me la løpet for Nasjonal transportplan, som òg sjølvsagt Regjeringa har vore inne og drøfta, var tidspunktet for framlegging frå etatane januar 2008. Det er inga forseinking. På eit tidspunkt ynskte etatane, og vurderte, at ein skulle vere klar til å leggje det fram for offentlegheita i desember - eg sa på det tidspunktet at dersom ein var klar for det, skulle me prøve å få det til før jul. Så hadde me eit skifte, ny vegdirektør, som òg har hatt betydning for tidspunktet. Men det er viktig å streke under at det er inga forseinking i forhold til tidsplanen frå departementet si side, når dette no vert lagt fram i januar 2008. Det er sjølvsagt slik at dei faglege tilrådingane som vert gjevne, skal offentlegheita, Stortinget og alle få del i. Eg gjorde stamnettutgreiinga offentleg nettopp for at ein skulle sjå kva som på ein måte er den ideelle verda - og så får me sjå, når Stortinget då får NTP i desember, kor nær den ideelle verda ein kjem innanfor ansvarlege økonomiske rammer.
Arne Sortevik (FrP) [12:10:10]: Full offentlighet og fullt innsyn er veldig bra - der har for øvrig dette departementet et forbedringspotensial, hvis vi ser litt tilbake.
Spørsmålet mitt berører også trafikkveksten. Både i inneværende transportplan og i foregående transportplaner har den vært satt noe lavt. Det innebærer bl.a. at vi bygger ut nye veier som rimelig kort tid etter åpning er fulle av trafikk og fremstår som underdimensjonerte. Det var et oppslag så sent som i går om en vei i Trondheims-området som faktisk ser ut til å få langt større trafikk enn det som var beregningen. Veivesenet innrømmer at de ikke selv har styring på trafikkveksten som legges til grunn, men viser til at det er Finansdepartementet som styrer dette. Vil statsråden i neste nasjonale transportplan, 2010-2019 ta hånd om den viktige forutsetningen som trafikkveksten er? Eller er det fortsatt slik at det er Finansdepartementet som bestemmer?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:11:17]: Å estimere og å anslå trafikkvekst er ein vitskap som ikkje er heilt nøyaktig. Det syner dei seinare nasjonale transportplanane til fulle. Det handlar sjølvsagt òg om høgkonjunkturar og lågkonjunkturar som påverkar trafikkveksten i samfunnet vårt.
Når det gjeld kven som har krafta her, er det klart at det er Statens vegvesen sine berekningar som ligg til grunn. Men me har eit system med KS1 og KS2 på dei enkelte prosjekta som gjer at eksterne konsulentar - då plukka ut av Finansdepartementet - òg gjer vurderingar som vert tillagde vekt ved stipulering av trafikkmengd. Men eg er særdeles oppteken av at me i komande Nasjonal transportplan skal ta høgd for den trafikkveksten me no ser, og ikkje underestimere denne i den komande tiårsperioden.