Stortinget - Møte onsdag den 19. desember 2007 kl. 10
President: Thorbjørn Jagland
Spørsmål 15
Leif Helge Kongshaug (V) [12:47:41]: «Atlanterhavsveien er en av de mest attraktive naturbaserte reiselivsdestinasjoner i Norge. Arbeidet med å utvikle Atlanterhavsveien som nasjonal turistvei har stanset helt opp. Det blir hevdet at det er søknad om etablering av vindmøller i havet utenfor som er årsaken.
Er statsråden enig i at det ikke er grunn til å stanse videre utvikling på grunn av planene om vindmøller, og hva vil statsråden gjøre for at arbeidet kan fortsette?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:48:17]: Stortinget og Samferdsledepartementet sine retningsliner ligg til grunn for Statens vegvesen sitt opplegg for turistvegsatsinga. Eg er samd med representanten i at Atlanterhavsvegen verkeleg er eit både attraktivt og flott stykke veg. Opplegget er nærare omtalt i prosjektdirektivet for «Satsingsområdet Nasjonale turistvegar 2002-2015», gitt av vegdirektøren 26. april 2004, og som er nærare konkretisert og oppdatert i Prosjektplan 2006-2015 for Turistvegprosjektet datert 1. februar 2006. Gjennom drøftingar med Samferdsledepartementet har Vegvesenet fått stadfesta vektlegginga av fagleg høg kvalitet og dei hovudkrava som skal stillast til utvalde turistvegstrekningar, bl.a. når det gjeld kvaliteten på naturopplevinga.
Målet med turistvegprosjektet er å utvikle i alt 18 nøye utvalde vegstrekningar i Noreg til Nasjonale turistvegar innan 2015. Det skal utviklast eit turistprodukt med høg internasjonal kvalitet der grunnstammen er sjølve køyreopplevinga. Dei vegfarande turistane skal freistast med det ypparste av norsk natur. Naturkvalitetane langs «vegen i havet» er såleis grunnlaget for å satse på Atlanterhavsvegen som framtidig nasjonal turistveg.
Turistvegprosjektet legg stor vekt på kvalitet, og har oppretta eit eige kvalitetsstyre for nasjonale turistvegar som skal overvake at turistvegane vert ein nasjonal turistattraksjon som kan marknadsførast som eige varemerke. Kvalitetsstyret drøfta, med bakgrunn i framlagde planar for ei rekkje vindmølleparkar langs kysten, forholdet mellom desse planane og turistvegsatsinga i møte den 14. februar 2005. I vedtaket slo kvalitetsstyret fast at dei visuelle konsekvensane av å etablere vindkraftanlegg utanfor Atlanterhavsvegen – Havsul –etter kvalitetsstyret sitt syn ville gjere strekninga Bud–Kårvåg ueigna som framtidig nasjonal turistveg. Styret meinte også at dei planlagde vindkraftanlegga på innsida av vegen – Fræna vindpark – kunne ha visuelle konsekvensar som kunne få følgjer for Atlanterhavsvegen sin aktualitet som framtidig turistveg. Vegdirektøren slutta seg til kvalitetsstyret si tilråding.
I ein situasjon der det var sterk tvil om den framtidige utviklinga av sjølve fundamentet for strekninga sitt turistvegkandidatur, fann vegdirektøren det rett å avvente investeringar i nye tiltak langs Atlanterhavsvegen. Dette vart gjort kjent lokalt. Vindkraftsituasjonen er framleis ikkje avklart.
Eg meiner situasjonen som har oppstått for arbeidet med Atlanterhavsvegen, er uheldig for det etablerte lokale engasjementet og dei forventningane som Turistvegprosjektet har lagt til grunn for innsatsen med å foredle den 36 km lange strekninga langs havet frå Bud til Kårvåg som framtidig nasjonal turistveg. Eg vil derfor ta saka opp med Statens vegvesen Turistvegprosjektet med sikte på ei løysing.
Eg må framheve at det ikkje er slik at alt turistvegarbeid langs strekninga er lagt på is. Turistvegprosjektet fullfører påbegynte tiltak – eit utsiktspunkt, eit par molotiltak og eit par parkeringsanlegg. Turistvegprosjektet har vidare halde fram planlegging av nye tiltak, slik at desse kan setjast i verk når det er avklart om Atlanterhavsvegen eventuelt vil behalde dei naturkvalitetane som kan einast med ein nasjonal turistveg.
Leif Helge Kongshaug (V) [12:51:41]: Jeg takker statsråden for svaret.
Hvis vi går tilbake i historien, ser vi at mens Atlanterhavsveien AS som bompengeselskap drev veiprosjektet, ble det gjort et stort utviklingsarbeid og markedsføring av veien, og antall tilreisende økte for hvert år. Det bidrog også til en hurtigere nedbetaling av veien som bompengeprosjekt.
Etter at Statens vegvesen tok over, er min påstand at utviklingen av markedsføringen har stoppet opp. Jeg tør si at prosjektet Nasjonale turistvegar kanskje har vært mer til skade enn til gagn for Atlanterhavsveien som reiselivsprodukt. I tre–fire år har etter min mening lite eller ingenting skjedd. Vindmøller ute i havet eller ikke – veien ligger nå der. Reiselivsproduktet er der, men det forfaller. Spørsmålet mitt er: Vil statsråden gi klare signaler om at man nå må ta et krafttak for å ta igjen forfallet som har skjedd?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:52:52]: Eg er ikkje sikker på om eg forstod spørsmålet heilt rett, men eg håper vitterleg at det ikkje er vegen som er i ferd med å forfalle. Eg er ikkje sikker på om eg skjønte det. Det er jo ingenting som tilseier, uavhengig av om vegen skulle verte turistveg eller ikkje i framtida, at ein ikkje skulle vedlikehalde vegen til den standarden han skal ha. Turistvegprosjektet knyter seg jo ikkje til vedlikehaldet på vegen – turistvegprosjektet knyter seg til installasjonar langs vegen, der ein foreiner arkitektur og kunst, og ikkje minst vert lokalt næringsliv drege inn for å få opp aktiviteten av tilbod til dei reisande langs vegen.
Så vegprosjektet i seg sjølv håper eg vitterleg vert halde ved like. Eg har ein klar intensjon, som eg seier i mitt hovudsvar, om å ha ein dialog i denne saka for å få ho på skjener igjen.
Leif Helge Kongshaug (V) [12:53:53]: Statsråden misforstår åpenbart spørsmålet. Det er ikke vedlikehold av veibanen vi snakker om, selv om det også trengs. Det er imidlertid blitt lovt til våren, så det vil jo gå sin gang.
Det er alt i tilknytning til veien som har stoppet opp. Det var mange planer på gang. Aktører i næringslivet som stod klar til å investere i prosjekter og produkter, har nå trukket seg tilbake og bruker kanskje midlene på andre områder. Så det er veien som reiselivsprodukt som har forfalt, både i markedsføringsøyemed og i utviklingsøyemed.
Det er store forventninger til veien. Som jeg sa, er den et av Norges mest attraktive reiselivsprodukter, og jeg synes det er betenkelig at det er så lite politisk styring med prosjekter som dette. Det blir oppfattet som byråkratisk og utilnærmelig når det gjelder innspill, og jeg håper at statsråden vil ta affære og gi politiske signal om at arbeidet må fortsette.
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:55:00]: Det er for det fyrste ikkje rett at det ikkje er politisk styring med dette prosjektet. Turistvegprosjektet er faktisk eit av de prosjekta der statsråden har engasjert seg ganske så mykje, for eg tykkjer det er det eg vil kalle «rosinen i pølsa» i alt det eg driv på med – det er veldig spennande, det skapar næringsutvikling i mange distrikt, og det bidreg til at reiselivet kan vekse, noko som statsråden òg er veldig oppteken av at me skal få til.
Når det gjeld Atlanterhavsvegen, skjer det mykje spennande planlegging, ikkje minst er det utvikla eit forprosjekt ved Sandvika hovudrasteplass, med utsikt mot Hustadvika – eit prosjekt som arkitekturrådet tilrår skal leggjast til grunn for vidare planlegging. Så planleggingsarbeidet har ikkje stansa opp. Det er veldig viktig når eg no skal gå i dialog for å få ei avklaring på den vidare prosessen. Eg har køyrt Atlanterhavsvegen sjølv fleire gonger – eg meiner bestemt at me må få til ein nydeleg turistveg med mange spennande attraksjonar.