Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 19. desember 2007 kl. 10

Dato:
President: Thorbjørn Jagland
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 12

Arne Sortevik (FrP) [12:22:54]: Jeg har følgende spørsmål: «For en rekke små og store samferdselsprosjekter foreligger det nå anbud som ligger langt høyere enn byggherrens eget overslag. Mange forhold kan påvirke prisen, ikke minst prosjektgrunnlaget. Gjennom ekstern kvalitetssikring er det gjentatte ganger gitt uttrykk for at veietatens egne kostnadsanslag må forbedres.

Hvilke tiltak vil statsråden gjennomføre for å forbedre prosjektgrunnlag og kostnadsoverslag på prosjekter for å redusere muligheten for kostnadssprekk når nye prosjekter utlyses på anbud?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:23:36]: Marknadssituasjonen i 2007 har vore særs uføreseieleg, både når det gjeld interessa frå entreprenørane for å delta i tilbodskonkurransar, og når det gjeld prisnivået på tilbod. Årsakene til dette er fleire, men det synest spesielt å vere to forhold som har verka inn. Det eine er stor kostnadsauke på innsatsfaktorar som varer og løn. Det andre er at anleggsmarknaden har vore labil og prega av overoppheiting.

Sistnemnde forhold har gitt seg utslag i at det har vore lita interesse og få tilbod i einskilde konkurransar og høgare prisar enn det auka prisar på innsatsfaktorane isolert sett skulle tilseie. Interessa frå entreprenørane har vore minst og prisane høgast på større og komplekse prosjekt.

Jernbaneverket og Statens vegvesen er spesielt opptekne av problemstillinga. Eg vil her trekkje fram at Statens vegvesen ut frå dette har sett i verk fleire tiltak, m.a:

  • Det blir ny gjennomgang av kostnadsoverslag på ei rekkje prosjekt.

  • Det blir gjennomført opplæring av personell som skal ha ansvar for å leie prosessen med å utarbeide kostnadsoverslag.

  • Det blir skjerpa krav til detaljeringsgraden i kostnadsoverslaga.

  • Det blir større merksemd mot ein målretta prosjekt- og kontraktsstrategi tilpassa dagens marknadssituasjon. Dette betyr at ein søkjer å leggje til rette for at både store og internasjonale selskap og mindre og mellomstore entreprenørar kan delta i tilbodskonkurransar om vegbyggingsoppdrag i større grad enn i dag.

  • Det er utvikla eit prosess-styringssystem i Statens vegvesen knytt til hovudprosessen «Gjennomføring av utbyggingsprosjekt». Dette vil vere eit viktig bidrag til god prosjektstyring.

  • Det er vidare etablert ein kostnadsbank som skal gi betre grunnlag for utarbeiding av kostnadsoverslag basert på erfaringsprisar.

  • Det er utarbeidd ein prosjektdatabase som skal gi betre moglegheit for å føreseie marknadssituasjonen.

I tillegg til dette blir Statens vegvesen si handbok 151 «Styring av investerings-, drifts- og vedlikehaldsprosjekt» revidert, og er snart klar til utsending. Denne vil innehalde meir strukturerte og spesifikke krav til gjennomføring av prosjekt enn dagens utgåve. Erfaringar frå gjennomføring av ekstern kvalitetssikring, KS2, har vore viktige bidrag i revisjonsarbeidet.

God kvalitet når det gjeld konkurransegrunnlag, og eintydig rolle- og ansvarsdeling mellom byggherre og entreprenør, er heilt avgjerande for at arbeidet skal kunne gjennomførast utan store tilleggsutbetalingar. Statens vegvesen arbeider derfor kontinuerleg med å vidareutvikle standardiserte malar for utarbeiding av konkurransegrunnlag samt rutinar for å kvalitetssikre desse.

Statoil, Telenor, Forsvarsbygg, Jernbaneverket og Statens vegvesen tek del i forskningsprosjektet «Praktisk styring av uvisse», der det m.a. blir arbeidd med å utvikle einsarta rutinar og prosedyrar for å identifisere uvisse i kostnadsoverslag. Eg meiner at dette skulle vise at Statens vegvesen og Jernbaneverket arbeider aktivt og systematisk med tiltak og vidareutvikling av styringssystem, med det formålet å redusere risikoen for kostnadssprekk.

Arne Sortevik (FrP) [12:26:48]: Jeg takker for svaret. Et av de prosjektene som er varslet tilbakesendt til Stortinget, er ny Kråkerøy-forbindelse, som Stortinget behandlet våren 2007. Høsten 2006 ble det sagt i kvalitetssikringsrapporten om kostnadsusikkerhet:

«Metier registrerer at Vegdirektoratet, etter gjentatte anbefalinger om å iverksette forbedringer av estimeringsmetodikken i Statens Vegvesen, synes å mangle den nødvendige forståelsen for problemstillingen og har ikke tatt de nødvendige aksjonene. Samferdselsdepartementet må besørge at det etableres rutiner som sikrer kostnadsestimering i prosjektene i henhold til anerkjent beste praksis.»

Det skulle vel vise at det er et betydelig forbedringspotensial hos Statens vegvesen. Statsråden var innom det i sitt svar. Men det er viktig å understreke at en viktig grunn til at prosjekter nå sprekker på kostnadssiden, faktisk er dårlig prosjektgrunnlag. Det bør forbedres.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:27:58]: Dersom representanten Sortevik skulle ha rett i utsegnene sine, må det i så fall bety at ein har fått ei særs rask kvalitetssenking i Statens vegvesen. Den seinare tida har det normalt vore svært små avvik i kostnadsoverslag mellom konsulentane som er leigde inn eksternt, og Statens vegvesen. Ein må òg konstatere at konsulentane i liten grad har greidd å avdekkje moglege problem. Det beste eksempelet er Ulven–Sinsen, der konsulentane sitt overslag faktisk låg i underkant av Vegvesenet sitt. Vi kjenner til korleis dei kalkylane har vore, og kva for jobb me har hatt i etterkant av det.

Me opplever heller ikkje at dei eksterne konsulentane, som er fleire, plukka ut av Finansdepartementet og frikopla frå Statens vegvesen, i nokon grad har vore gode til å føreseie prisvekst i marknaden.

Arne Sortevik (FrP) [12:28:57]: Igjen takk for svaret. Det er faktisk slik at den kritikken som er fremført i det nevnte prosjektet, er videreført i et av de siste prosjektene som Stortinget har behandlet, nemlig bompengeproposisjonen om E6 fra Gardermoen til Kolomoen. Der blir det gjentatt kritikk fra kvalitetssikrerne for måten prosjektdriver og byggherre beregner og dokumenterer sine kalkyler på.

Som jeg har gjort før i Stortinget, har jeg til slutt lyst til å vise til høringen i forbindelse med samferdselsbudsjettet for 2008, hvor direktøren i Byggenæringens Landsforening gav et veldig klart svar – er klart ja på spørsmål om det var mye feil og mangler ved prosjektgrunnlag for nye samferdselsprosjekt. Det bekreftet han ganske tydelig. Jeg stiller meg noe undrende til at statsråden er opptatt av å bagatellisere dette, når det faktisk ble tungt og tydelig påpekt i kvalitetssikringen av de store prosjektene.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:30:03]: Statsråden bagatelliserer ingenting. Eg hadde ei lang liste med tiltak som statsråden og Statens vegvesen står saman om å gjennomføre for å få endå betre kvalitetssikring. Alt kan verte betre, men den stadige svartmålinga og skuldingane som kjem frå representanten Sortevik mot Statens vegvesen, kan statsråden ikkje stille seg bak. Statens vegvesen har vore gjennom ei stor omorganisering. Trass i det er det høg kvalitet på tenestene. Om næringa kan ha sine synspunkt på det materiellet som vert sendt ut, håper eg dei i så fall tek det opp med Statens vegvesen, eventuelt med statsråden, så får me gå inn. Eg har så langt ikkje fått konkrete påpeikingar frå næringa om feil og manglar i grunnlaget for dei prosjekta som er sende ut. Eg meiner framleis at det er feil å seie at hovudproblemet i dag er Statens vegvesen sin metodikk. Hovudproblemet i dag er ein sterk prisvekst i marknaden, som skriv seg frå fleire faktorar. Det er som sagt ein prisvekst som heller ikkje eksterne miljø har evna å føresjå.

: