Stortinget - Møte onsdag den 21. november 2007 kl. 10
President: Carl I. Hagen
Spørsmål 14
Øyvind Halleraker (H) [13:10:36]: Jeg vil gjerne få stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:
«Situasjonen for trafikantene i forbindelse med utvidelsen av tunnelene på E134 over Haukeli er blitt uholdbar. Regulariteten på de oppsatte kolonnene går ikke som forutsatt, og det er nattestengt. Fisketransporter må vente opptil 6,5 timer. Det blir vanskelig med kjøre-/hviletid, og næringslivet får ikke varer til bestemte tider.
Hva vil statsråden gjøre for å forbedre forholdene på denne viktige forbindelsen vest–øst?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [13:11:17]: Eg er samd i at E134 over Haukeli er eit viktig aust–vest-samband. For å betre kommunikasjonen mellom Statens vegvesen, lokalsamfunn og lastebilnæringa vart det den 7. november arrangert eit orienteringsmøte på grendehuset i Røldal. Statens vegvesen orienterte om det pågåande arbeidet med tunnelane og synte til at det er naudsynt å stengje tunnelane for kortare eller lengre tid fordi arbeidet med utbetringa er omfattande. Dette er sjølvsagt tilfellet også etter at eg instruerte Statens vegvesen om å gjennomføre langt mindre omfattande oppgradering av tunnelane enn det var lagt opp til. Lastebilnæringa og bygdefolket kom på møtet med konstruktive forslag til betre framkomst for trafikantane.
Frå og med 15. november er det innført nye og utvida opningstider for trafikken. Desse nye opningstidene gjeld til 15. desember, då arbeidet vert avslutta. Etter det vil tunnelane vere opne for trafikk heile døgeret. Haukelitunnelen vil vere open for fri ferdsle, men ha strekningsvise innsnevringar med trafikkdirigering.
Røldalstunnelen har fått utvida opningstider, med kontinuerleg kolonnekøyring frå klokka 06.30 til 12.00, fri ferdsle frå 12.00 til 20.00 og ein kolonne på kvelden klokka 22.30 frå Håradalen med retur frå Seljestad. På nattestid vert det òg ein ekstra kolonne frå aust til vest som følgjer ekspressbussen klokka 04.45. Frå laurdag klokka 06.30 til sundag klokka 20.00 er tunnelen open for trafikk. For å sikre framkomst på omkøyringsvegen for Røldalstunnelen, rv. 13 Brattlandsdalen, vert det iverksett forsterka vinterdrift på strekninga. Fram til 15. desember vil det gå ekstraferje mellom Sand og Ropeid, òg på natta.
Gamlevegen over Røldalsfjellet har vore nytta som omkøyringsveg for personbilar, men denne vart stengd 15. november av omsyn til vêr- og føreforhold og trafikantane sin tryggleik.
Eg håper at desse tiltaka vil sikre ein trygg og effektiv framkomst på E134 over Haukeli.
Øyvind Halleraker (H) [13:13:31]: Jeg takker for svaret.
Arbeidet med utvidelsen av tunnelene på Haukeli har en lang og smertelig historie, som statsråden kjenner godt. Det korte og det lange er at når man nå fikk en ytterligere forsinkelse på arbeidet, slik at det ikke ble ferdig i sommersesongen, må det legges til rette for smidige, hensiktsmessige og ikke minst forutsigbare løsninger. Høyre mener det må gå an å innføre et tilnærmet ruteopplegg à la fergedrift, altså med faste åpningstider, med definerte starttidspunkt og med opplysning om hvor lenge det står åpent, henholdsvis fra øst, før man stenger og åpner tilsvarende periode fra vest. Er statsråden villig til å bidra til et så enkelt, praktisk og forutsigbart opplegg, som selvsagt kan og bør annonseres, skiltes og legges ut på nettsidene?
Statsråd Liv Signe Navarsete [13:14:34]: Eg meiner at dei opningstidene som no er innførte, og som vil vere kontinuerlege gjennom sesongen, er føreseielege. Pressemelding er sendt ut om dette. Det er publisert på Lastebileigarforbundet si heimeside for næringstransporten. Det er sett inn annonse i Haugesunds Avis, Vest-Telemark Blad og Hardanger Folkeblad. Statens vegvesen har lagt ut informasjon på sine heimesider, og sjølvsagt har vegtrafikksentralane denne informasjonen. Både trafikkmeldingssider, prosjektet sine eigne sider og Region vest sine sider har den same informasjonen. Eg ser difor ikkje at dette ikkje er føreseieleg. Eg meiner at me no har fått eit opplegg som bør kunne tilfredsstille både næringstransport og annan transport langs vegen.
Øyvind Halleraker (H) [13:15:30]: Jeg takker for svaret.
Jeg forstår at samferdselsministeren tar dette alvorlig, og at hun har gode hensikter. Men problemet er altså at dette ikke helt fungerer slik det beskrives. Jeg står her med flere mailer fra transportører som beskriver andre forhold, altså hvor dette ikke er forutsigbart, og at man nettopp da får disse forsinkelsene som er så uheldige. Det er jo slik at Haukelifjell faktisk er en av de absolutt mest trafikkerte fjelloverganger i Norge. Her går veldig mange transporter av fisk, som jo er ferskvare, og derfor blir dette veldig uheldig.
Forstår samferdselsministeren frustrasjonene til transportører og sjåfører som prøver å kjøre i henhold til kjøre- og hviletidsbestemmelser, og som gjør sitt beste for at vi skal få maten så fersk som mulig fram til markedene?
Statsråd Liv Signe Navarsete [13:16:34]: Sjølvsagt har statsråden forståing for at det er ergerleg å kome opp på fjellet nett etter at ein kolonne har gått. Dilemmaet for dei som køyrer kolonne, er at me har vekslande føreforhold, vekslande vêrforhold, og det å setje opp ei slags ferjerute kan òg, etter mitt syn, verte ei kjelde til irritasjon – i den grad ein då ikkje evnar å følgje dei tidene som er sette opp.
Det er no sett opp fri ferdsle kl. 12.00–20.00. Det er sett opp ein kolonne om kvelden, og det er altså kolonnekøyring kl. 06.30–12.00. Det er innanfor denne kolonnekøyringsperioden at ein kan risikere å få noko ventetid. Den er likevel ikkje uoverstigeleg. Det går an – som òg statsråden har gjort ein gong oppe på fjellet – å ringje og få opplyst når kolonnen er på den eine eller andre plassen. Då får ein informasjon frå dei som køyrer brøytebil.