Stortinget - Møte onsdag den 7. november 2007 kl. 10
President: Carl I. Hagen
Spørsmål 7
Arne Sortevik (FrP) [11:39:14]: Mitt spørsmål til samferdselsministeren lyder:
«Før Stortinget har behandlet og vedtatt endring av vegtrafikkloven, er det utarbeidet forskrifter til nye bestemmelser om kjøre- og hviletid. Forskriftene skal gjelde fra 1. august 2007 for alle som kjører godstransport med lastebil med totalvekt over 3,5 tonn. I tillegg til stor iver etter å drive EU-tilpasning har norske myndigheter også skjerpet forskriftene med særnorske tiltak.
Hvordan vil statsråden sikre at nye kjøre- og hviletidsbestemmelser på en god måte tar hensyn til særnorske forhold i transportnæringen?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:40:08]: Dei nye køyre- og kviletidsreglane er viktige bidrag for å gjere det tryggare å nytte vegane våre. Samstundes skal dei gi sjåførane eit akseptabelt arbeidsmiljø og like konkurransevilkår for transportørar, uavhengig av kor desse er etablerte. For å oppnå desse måla er det avgjerande at alle partar i eit transportoppdrag legg tilhøva til rette, fyrst og fremst gjennom realistisk planlegging av transportane.
Hovuddelane i dei nye reglane er gjennomførde i ny forskrift om køyre- og kviletid for vegtransport i EØS, fastsett med heimel i gjeldande reglar i vegtrafikklova. Einskilde andre delar av dei nye reglane krev lovendringar før fastsetjing, og eg vil difor i løpet av 2007 leggje fram for Stortinget forslag til slike endringar i vegtrafikklova.
Føremålet med forordninga om køyre- og kviletid er å gi mest mogleg like tilhøve i heile EØS-området, m.a. fordi den einskilde transportør skal kunne halde seg til same regelverk uavhengig av kvar transporten, føraren eller køyretøyet kjem ifrå. Det er difor gitt svært lite rom for å ha nasjonale særordningar.
Samferdsledepartementet legg stor vekt på ikkje å drive EU-tilpassing i utrengsmål, og det er lagt ned eit stort arbeid for å halde ved lag norske reglar som unntak frå EØS-regelverket på norsk territorium. Forslag til kva type transportar det i Noreg bør vere unntak for, har vore på brei offentleg høyring. Basert på innspel frå høyringsinstansane og av omsyn til trafikktryggleiken og sjåførane sitt arbeidsmiljø er einskilde unntak som gjaldt tidlegare, tekne ut med verknad frå 1. august 2008.
Reglane tek ikkje i alle høve omsyn til særskilde behov i Noreg. Eg har difor m.a. teke fatt i innspel om behov for unntak for transport av levande dyr utover det dei nye reglane legg opp til. Eg har fastsett eit førebels unntak for slik transport og vil arbeide mot EU for at me kan få eit varig unntak som tek omsyn til særnorske tilhøve når det gjeld transport av levande dyr.
Det har òg frå einskilde hald kome innspel om behov for auka køyretid om vinteren på grunn av vanskeleg føre. Eg ser ikkje at dette er like aktuelt. Å vere sjåfør i Vinter-Noreg kan vere krevjande, og av omsyn til trafikktryggleiken er det då særs viktig å ta pausar og kvile. Behov for meir tid til å gjennomføre ein tansport må difor løysast ved god planlegging av transportane.
Det er òg særs viktig at sjåførane har raste- og kvileplassar langs vegnettet der dei kan ta pålagde pausar og kvile. Det er difor viktig at styresmaktene legg til rette for at det finst eit tilstrekkeleg tilbod heile året når det gjeld talet på plassar, og at dei har tilfredsstillande kvalitet. Eg har difor bede Statens vegvesen om ei utgreiing av status for tilbodet i Noreg i høve til våre næraste naboland, og bede om ein gjennomgang av praksis vedrørande stenging av einskilde rasteplassar om vinteren. Eg har òg bede om ei utgreiing om kva konkrete planar Statens vegvesen har for utvikling og bygging av raste- og kvileplassar for (statsråden hostar) – unnskyld, eg mista stemma – tungtransporten langs vegnettet.
Arne Sortevik (FrP) [11:43:37]: Jeg takker statsråden for svaret.
Det er fortsatt bemerkelsesverdig at man har det så travelt med det jeg vil kalle EU-tilpasning, at man parallelt med behandling av den såkalte samtykkeproposisjonen i Stortinget faktisk har laget utkast til et forskriftsverk og sendt det ut på høring. Fremskrittspartiet synes fortsatt det er en uklok, unødvendig og beklagelig praksis.
Så har statsråden i sitt svar vist frem at det er en del problemstillinger knyttet til eksisterende regelverk. Da er mitt første oppfølgingsspørsmål: Hvis det er slik at det er nødvendig å se nærmere på en del sider ved de forskriftene som faktisk er innført, er det da også grunnlag for å vente litt med å gjøre nye forskrifter gjeldende, fortsette å videreføre gamle regler, slik at man tar en grundig gjennomgang på nytt av det regelverket som er tenkt innført?
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:44:48]: Eg beklagar – eg har influensa, og det gjer det litt trøblete for meg akkurat no, men eg skal prøve å svare.
Me har utsett iverksetjing av enkelte delar av forskrifta til 1. august 2008, nettopp for å gje oss sjølve handlingsrom til å gjennomgå og tilpasse avtalen og disponeringa av personell og køyretøyressursar mv. til køyre- og kviletidsreglane. (Statsråden hostar.) Me ynskjer å involvere aktuelle aktørar i prosessen fram til 1. august 2008. Me er i god dialog med lastebileigarforbundet og andre, og skal fortsetje å ha det for å vere sikre på at me tek omsyn til eventuelle sideverknader som me ikkje hadde god nok oversikt over då denne forskrifta vart sett i kraft.
Arne Sortevik (FrP) [11:45:52]: Takk igjen! Jeg beklager at jeg må bry statsråden med et tilleggsspørsmål til tross for litt trøblete stemme og hals. Jeg har forståelse for det, men ønsker å stille et lite oppfølgingsspørsmål.
Jeg merker meg fortsatt at man har utsatt deler av et forskriftsverk som nettopp er innført, ett år. Det tyder på at man har hatt litt for stor fart, vært litt for ivrig og ikke helt tatt inn over seg de innspill som har kommet. Et av de innspill som har kommet, gjelder bl.a. endring i unntakene, som jeg oppfatter som en særnorsk skjerpelse. Det rammer bl.a. vedlikehold og tilsyn med veier, et svært viktig område, som vil påvirke transport og trafikk over det ganske land. Så jeg gjentar oppfordringen om at hele regelverket utsettes ett år, slik at man får en grundig gjennomgang av det forslaget man tidligere har vedtatt.
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:46:58]: Vårt dilemma har vore at mange av innspela som me har fått, kom etter høyringsfristen og etter at me sette forskrifta i kraft. Difor har me utsett ein del av forskrifta. Det kan verke som om enkelte transportørar og andre ikkje har vore heilt vakne i timen, for me fekk ikkje dei innspela i høyringa som me no har fått etterpå. Likevel vel me å vere fleksible og ta omsyn til dette. Me skal ha ein god dialog i tida framover (statsråden hostar) – eg beklagar, me får ta igjen spørsmålet litt seinare. Eg må få ein liten pause, president.
Presidenten: Presidenten innvilgar ein liten pause medan Borghild Tenden gjer seg klar til neste spørsmål.
Etter ein kort pause sa
Presidenten: Då er vi klare. Vi skulle kanskje hatt nokre fleire statsrådar her, slik at ein kunne ha avlasta samferdselsministeren lite grann. – Vi prøver igjen.