Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 7. november 2007 kl. 10

Dato:
President: Carl I. Hagen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 13

Arne Sortevik (FrP) [12:18:38]: Takk for presiseringen. Dessverre er det slik at problemstillingen nok har holdt seg i den ventetiden vi har måttet ha.

«Gjenstående arbeid med høydeutbedring i Haukelitunnelen og Røldalstunnelen medfører store problemer for transportnæringen og for næringslivet. Periodevis stengning, dårlige omkjøringsløsninger og mangelfull informasjon gir store forsinkelser, redusert sikkerhet samt konsekvenser mht. kjøre- og hviletidsbestemmelser. Dette prosjektet fremstår fortsatt som et skandaleprosjekt.

Vil statsråden straks sørge for at midlertidige løsninger blir forbedret og fremdriften forsert i samarbeid med berørte parter?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:19:25]: Fyrst vil eg beklage at representanten Sortevik har måtta utsetje spørsmåla sine. Av ulike grunnar har statsråden ikkje kunna møte til dei føregående spørjetimane.

Eg viser til tidlegare svar på spørsmål om utbetring av Haukelitunnelane, seinast svar på spørsmål nr. 1311 og nr. 1336. Saka er òg omtala på side 75 i St. prp. nr. 1 for 2007-2008 på Samferdsledepartementet sitt ansvarsområde.

Utbetringsarbeidet føregår for fullt på E134 over Haukelifjell. Det er dessverre ikkje mogleg å gjennomføre dette arbeidet utan at det får konsekvensar for trafikkavviklinga. Sidan omkøyringsvegane har dårleg standard og til dels ligg svært høgt, vert problema større når vêr- og føreforholda er vanskelege.

Med bakgrunn i at trafikantane oppfattar skiltinga som uklar og misvisande i samband med tunnelarbeidet, bad Samferdsledepartementet Vegdirektoratet endre skiltinga, slik at ho no er enklare å forstå og ikkje bidreg til trafikkavvising. Eg har no fått opplyst at Statens vegvesen i tillegg vil gjennomgå informasjonsrutinane sine for å sikre at best mogleg informasjon om forholda er tilgjengeleg til kvar tid. Dette inneber m.a. at vegtrafikksentralane til kvar tid skal kunne gi rett informasjon om faktiske og forventa tilhøve. Eg har òg fått forsikringar om at Statens vegvesen legg vinn på i størst mogleg grad å redusere dei negative konsekvensane av utbetringsarbeidet.

Som følgje av snøtilhøva i vår vart oppstart av arbeidet forseinka med ca. seks veker. For i så stor grad som mogleg å kunne halde ved lag opphavleg plan med å gjere ferdig naudsynte tiltak i inneverande år, er det inngått forseringsavtale med utførande entreprenør. Gjenståande arbeid er i sluttfasen og omfattar i det vesentlegaste elektroarbeid. Ytterlegare forsering i sluttfasen vil vere lite tenleg og vil ha liten effekt. Arbeidet vil etter planen vere sluttført om lag 15. desember i år.

Statens vegvesen vil opne for kolonnekøyring gjennom Haukeli- og Røldalstunnelen når vinteren set inn, og vil ikkje tillate kolonnekøyring over Dyrskar ved snødekke. Avgjerda er teken av omsyn til tryggleiken til trafikantane. Eg veit at Statens vegvesen Region vest har invitert til eit møte i Røldal i dag for å orientere om status og framdrift for oppgraderingsarbeidet og trafikkavviklinga i desse tunnelane.

Arne Sortevik (FrP) [12:21:57]: Takk for svaret.

Jeg konstaterer med tilfredshet at Statens vegvesen i etterkant tar noen grep som kan bedre en vanskelig situasjon for dem som bruker Haukeliforbindelsen.

Det som er beklagelig, er jo at opprydding og forbedrende grep kommer etter lang tids frustrasjon og mange klager fra veibrukerne. Derfor er et naturlig oppfølgingsspørsmål til statsråden om å hun er tilfreds med Statens vegvesens håndtering av dette prosjektet – et prosjekt som går tilbake til stortingsbehandling i forrige periode, bl.a. med høring i Stortinget, et prosjekt der vi har hatt ett års utsettelse fordi Statens vegvesen puttet mer arbeid inn i oppdraget enn det var beslutningsgrunnlag for, og der mangelfull og dårlig informasjon har ført til mange klager. Er statsråden tilfreds med håndteringen?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:23:03]: Statsråden er fyrst og fremst tilfreds med at me no om ein månads tid – og vel så det – skal ha sluttført arbeidet på desse tunnelane. Eg er glad for at me ikkje må, sånn som det såg ut ei stund, utsetje delar av dette til neste år og påføre bilistane ytterlegare problem.

Så har det vore mange «snuar» på dette prosjektet, og det kan vere ulike årsaker til det. Eg vil ikkje leggje all skuld på Statens vegvesen for at det har teke tid å få gjennomført prosjektet. Eg meiner at Statens vegvesen står for kvalitet i det arbeidet dei gjer, òg i utbetringa av Haukelitunnelane. Eg beklagar at informasjonsarbeidet ikkje var godt nok, og at me måtte følgje det opp frå vår hand. Eg håpar etter dei rundane – for å seie det slik – som me hadde i sommar, at dei vegfarande har følt at dei har vorte betre ivaretekne, og ikkje minst at ein har unngått ein avvisingseffekt, som dei lokale innbyggjarane langs vegen – ikkje minst reiselivet – var opptekne av. Så i det store og heile vil eg oppsummere prosjektet slik at det har hatt ein lang veg med nokre rundar undervegs som me gjerne skulle sett ugjorde, men når me no er der me er, så er eg særdeles nøgd med at prosjektet vert ferdigstilt 15. desember i år.

Arne Sortevik (FrP) [12:24:46]: Igjen takk for svaret.

Jeg deler også følelsen av tilfredshet over at vi nå nærmer oss slutten på dette. Jeg konstaterer at statsråden imøtekommer meg på den måten at det faktisk ikke har vært en enkel vei når det gjelder Vegvesenets håndtering av dette vegprosjektet. Det bør kanskje være slik at når man går til et såpass dramatisk tiltak som å stenge eller å redusere kapasiteten på en høyfjellsovergang, bør man i god tid på forhånd ha en tett og god dialog med brukerne om hvordan dette skal praktiseres og gjennomføres på en måte som gir minst mulig problemer for dem som bruker veien. Dette eksempelet og dette prosjektet tyder dessverre på at man ikke i stor nok grad er innstilt på å ha en slik dialog på forhånd, men kommer i etterkant, etter at man har påført trafikantene store problemer.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:25:50]: Eg trur Statens vegvesen har hatt dei aller beste intensjonane om å ha eit godt samarbeid både med dei vegfarande og med innbyggjarane langs vegen. Det kan sikkert seiast mykje om korleis den kommunikasjonen har føregått, og eg vil som sagt ikkje leggje all skuld på Statens vegvesen for at det kanskje ikkje har vore optimalt, men nettopp difor er eg iallfall glad for at det er eit møte i Røldal i dag, der ein no informerer om den vidare framdrifta, omlegginga som vil følgje av at det no går mot vinter. Eg håpar at det møtet vil verte oppfatta som det det er, nemleg eit godt forsøk på å gi god informasjon i forkant.

: