Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 23. mai 2007 kl. 10

Dato:
President: Carl I. Hagen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 5

Per Roar Bredvold (FrP) [11:55:37]: Jeg ønsker å stille samferdselsministeren følgende spørsmål:

«Riksvei 3 i Hedmark har gjennom mange år vært preget av mange ulykker, også med døden til følge. Tiltak som nå er varslet for å redusere dette, er blant annet lavere fartsgrenser. Dette vil sikkert hjelpe noe, men veiens tilstand har også stor innvirkning på det høye ulykkestallet.

Vil statsråden bidra til at økte midler blir tilført denne viktige samferdselsåren?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:56:03]: Ulukkessituasjonen på riksvegnettet og for rv. 3 var relativt stabil og nedovergåande i perioden frå 1997 til 2005. I 2006 var det likevel ni drepne og fjorten hardt skadde personar på rv. 3 i Hedmark. Dette er urovekkjande. Eg er, som representanten Bredvold, oppteken av trafikktryggleik og vil arbeide vidare med trafikktryggleiken på norske vegar både på kort og på lang sikt. På kort sikt må m.a. reduserte fartsgrenser vurderast. På lengre sikt er behovet for infrastrukturtiltak sentralt.

Regjeringa kjenner verdien som rv. 3 har for godstransporten frå Midt-Noreg til dei sentrale delane av Austlandet. Den tunge langdistansetrafikken har auka dei seinare åra, og rv. 3 har vorte viktigare som tungtransportrute. Trafikk til Kongsvingerområdet og Sør-Sverige nyttar rv. 3 i kombinasjon med rv. 20 og rv. 2. Regjeringa registrerer eit aukande krav om å utbetre rv. 3. Eg legg likevel vekt på vedtaket i fylkestinget i Hedmark 17. januar i år om at «lottorekkja» framleis skal leggjast til grunn for Hedmark fylkes prioriteringar inn mot NTP for perioden 2010–2019. Hedmark gjorde òg vedtak om at breiddutvidingsprosjektet skulle vidareførast. Det siste har Regjeringa forsøkt å følgje opp, m.a. ved at Regjeringa i statsbudsjettet for 2007 har opna for å vurdere om det er mogleg å gå vidare med breiddutvidingsprosjektet på rv. 3, om det blir innsparingar på dei prioriterte stamvegstrekningane i fylket. Det er likevel verdt å merke seg at Hedmark fylkesting ikkje har prioritert tiltak på denne vegstrekninga i planperioden 2006–2009.

Eg vil kome tiltak til vurderingar av tiltak på rv. 3 i samband med stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2010–2019, også ut frå trafikktryggleik. Det er ei transportpolitisk målsetjing å vurdere samanhengen mellom investeringar på ulike riksvegar i transportkorridorane. Prioriteringar på rv. 3 vil derfor verte sette i samanheng med prioriteringane på E6 mellom Oslo og Trondheim. Transportetatane vil leggje fram sitt planforslag til Nasjonal transportplan 2010–2019 rund årsskiftet 2007/2008, og Regjeringa vil leggje fram stortingsmeldinga rundt årsskiftet 2008/2009.

Per Roar Bredvold (FrP) [11:58:20]: Jeg takker statsråden for svaret, som mye gjaldt framtida. Det ligner lite på det jeg hørte i valgkampen for to år tilbake da Senterpartiets nåværende stortingsrepresentant reiste rundt i fylket og lovet minimum 100 mill. kr pr. år i økning på rv. 3 – 100 mill. kr pr. år. Hittil har det gått to år, så det er i hvert fall en manko på 200 mill. kr i forhold til valgkampløftet.

I en ulykkesanalyse som kom her om dagen, som jeg håper statsråden har eller i hvert fall får tilgang til, og leser, står det følgende:

«Ulykkesutviklingen langs Rv 3 er bekymringsfull. Andel ulykker med drepte og hardt skadde er stor.»

Hvis man blar litt videre, står det:

«Ulykkesregistreringene for 10-årsperioden 1997–2006 viser at 43 personer ble drept, 85 hardt skadd og 895 lettere skadd i 599 vegtrafikkulykker.»

Dette viser at det er en farlig veg å kjøre på, og det er en vegstrekning som sårt trenger midler.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:59:26]: Det er vel ikkje så mykje å kommentere til det, anna enn at det som er referert frå den rapporten, er rett, og at eg har rapporten, og eg har òg lese i han.

Vi må sjå dei ulike korridorane i samanheng. Ut frå oppslaget i Hamar Arbeiderblad ser eg at på E6 er det fire gonger så mykje tungtrafikk som det er på rv. 3. Eg går ut frå at det er ein av grunnane til at Hedmark fylkesting, saman med Oppland, har prioritert slik som dei gjer, og av dei to parallelle vegane i denne transportkorridoren har valt å fokusere på E6.

Me kjem tilbake til våre prioriteringar i NTP. Eg må òg få minne representanten Bredvold om at det har vore gitt mange løfte i valkampen frå ulike parti. Eg trur Framstegspartiet òg var ute og lova forskjellig som dei ikkje innfrir, ikkje fordi dei ikkje er i regjering, men fordi dei heller ikkje inngår kompromiss med regjeringspartia i viktige saker. Det er òg ein måte å få gjennomslag på i staden for stadig berre å drive rein opposisjonspolitikk, der det viktigaste vert å fremje eigne forslag.

Per Roar Bredvold (FrP) [12:00:34]: Jeg takker statsråden for den.

Når det gjelder rv. 3, har den en årsdøgntrafikk på 14 000 kjøretøyer og nedover. Samtidig vet man at 30 pst. av dette er lange kjøretøyer, altså store lastebiler. Det er en grunn til at store lastebiler kjører rv. 3 i stedet for andre veger.

I en artikkel i Hamar Arbeiderblad tirsdag den 15. mai, som jeg også oppfordrer statsråden til å lese, står det bl.a.:

«Ulykkene på riksveg 3 de ti siste årene har påført samfunnet 2,6 milliarder kroner i utgifter. Det er realøkonomiske kostnader og velferdstap. I tillegg kommer ulykker med bare materielle skader.»

Én ting er de menneskelige skadene, i tillegg er det de materielle. Det burde være god økonomi å utbedre en veg, slik at de materielle skadene også ble redusert. (Presidenten klubber.) Jeg snakker da om 2,6 milliarder kr. Man får bygd mye veg for 2,6 milliarder kr: 3 800 meter pr. … (Presidenten klubber igjen.)

Presidenten: Presidenten vil minne om taletida.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:01:45]: Representanten Bredvold har eit særdeles godt poeng når han seier at me gjennom å førebyggje trafikkulukker kan spare både den enkelte og samfunnet for store kostnader. Det er eg òg oppteken av. Me ser nøye på dei ulukkesbelasta vegane som me har rundt om i landet. Det er ein viktig bit når me prioriterer kva for vegar som skal byggjast vidare ut.

Så er det slik at det dessverre er mange ulukkesstrekningar. Rv. 3 vert av oss vurdert som både å vere ein viktig veg og ein veg der me må fortsetje med breiddutvidingsprosjektet. Det gav me tydeleg uttrykk for i budsjettet for 2007, med dei føringane som er lagde frå Regjeringa si side der.

Eg har ikkje så mykje meir å tilføye, anna enn at rv. 3 skal me fokusere på òg i det vidare arbeidet framover.

: