Stortinget - Møte onsdag den 23. mai 2007 kl. 10
President: Carl I. Hagen
Spørsmål 4
Arne Sortevik (FrP) [11:48:09]: «Forskningsorganisasjonen SINTEF har i rapport fra februar 2007 undersøkt miljømessige konsekvenser av bedre veier. Konklusjonene er klare; bedre veier gir mer effektiv transportavvikling og samtidig lavere utslipp av gass og støv. Fra planer og utbygging vet vi at vi i Norge bygger nye veier for lavere trafikk og trafikkvekst enn det vi vet at vi faktisk har.
Hvordan vil statsråden sikre nødvendig kapasitetsøkning på veiene for å oppnå den reduksjon i utslipp av gass og støv som forskerne har påvist da er mulig?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:48:53]: Forskingsrapporten frå SINTEF er interessant lesnad. Han syner m.a. at gassutsleppa er minst når biltrafikken held ein jamn fart rundt 70 km i timen. Dette gjeld særleg gassar som kan vere eit helseproblem i byar og tettstader, men òg CO2-utsleppa som fører til global oppvarming. Dette er kjend kunnskap, som er innarbeidd i den konsekvensanalysemetodikken Statens vegvesen nyttar i vegplanlegginga, men som har vore lite i fokus hittil.
Det er likevel ikkje slik at utbygging av vegar alltid er bra for miljøet. I byar over ein viss storleik vil auka vegkapasitet ofte føre til endra reisemiddelfordeling, med auka biltrafikk og ingen eller små tidsgevinstar for trafikantane som resultat, og heller ingen miljøgevinst. SINTEF har i sin rapport omtala dette problemet, og skriv at ein strategi i byområda kan vere å sørgje for balanse mellom tilbod og etterspurnad på ein slik måte at det gir god flyt i trafikken. Verkemidla SINTEF peikar på som alternativ til utvida vegkapasitet i storbyområde, er vegprising, regulering av talet på parkeringsplassar, parkeringsavgifter, kontroll med tilkomsten til vegar med høg trafikk, bompengar, drivstoffavgifter og intelligente transportsystem.
Ved planlegging av nye vegar vert det lagt stor vekt på å oppnå god flyt i trafikken. Etter forskrift om anlegg av offentleg veg skal nye vegar dimensjonerast etter prognosar for trafikken 20 år etter opning av vegen.
Ut frå det eg no har sagt, er ikkje konklusjonane i SINTEF-rapporten så klåre og enkle at auka vegkapasitet overalt gir reduksjon i luftforureining, slik representanten legg til grunn i spørsmålet sitt. Rapporten er relativt eintydig i si underbygging av gode miljøkonsekvensar av utbetring av smale og svingete vegar i distrikta, men altså ikkje i storbyområda. Dette er forsking som òg vert understøtta av tilsvarande resultat internasjonalt. Vi må difor ha ulike strategiar for byområda og landet elles. Transport- og miljøutfordringane må løysast i eit samspel mellom ulike verkemiddel, gjennom prioriteringane som vert gjorde i Nasjonal transportplan, og gjennom dei årlege budsjetta.
Arne Sortevik (FrP) [11:51:08]: Takk for svaret.
Det pågår jo for tiden både en klimadebatt og en miljødebatt, og det er viktig at vi så å si parer bein og armer slik at ting gjøres i god sammenheng. I den forbindelse er denne rapporten viktig, for den peker på sider ved veitrafikken som kanskje har vært skjøvet unna og fortiet, men som påviselig er til stede, nemlig at bedre kapasitet gir bedre flyt og mindre utslipp.
Det er også slik at Regjeringen har lagt frem St.meld. nr. 26 om Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand. Der vises det bl.a. til klima- og energihandlingsplanen for Oslo, Akershus og Buskerud, og ett av tiltakene som listes opp, er mindre kapasitetsøkning på veinettet.
Det er slik at for landet som helhet er det også viktig at det er god kapasitet på det sentrale stamveinettet, også i og rundt byene. Er mindre kapasitetsøkning på stamveinettet også Regjeringens politikk i forhold til de store utfordringene på veisektoren?
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:52:12]: Heilt frå eg overtok stolen i Samferdselsdepartementet har eg vore tydeleg på at me treng ein todelt transportpolitikk. Eg har òg sagt det her i Stortinget ved fleire høve. I og omkring dei store byane må vi satse på ein heilt annan og sterkare måte på auka kollektivtilbod, og me må bruke meir vegmidlar i dei delane av landet der kollektivtransport aldri vil verte eit fullgodt alternativ, sjølv med nokre forsøkskroner til smarte løysingar i distrikta.
SINTEF-rapporten er klinkande klar på korleis auka kapasitet på dei mest trafikkerte vegnetta verkar, og det verkar på ein heilt annan måte enn det gjer på dei mellomtrafikkerte vegane, som E6 i Gudbrandsdalen og E6 vidare nordover og E39 – eg kunne ramse opp mange av dei mellomtrafikkerte vegane – og dei mindre vegane i distrikta. Her må ein altså differensiere. Men Regjeringa kjem ikkje til å stoppe kapasitetsbetring rundt byane. Me har trafikk som både skal til og gjennom dei store byane. Me må syte for ein balanse, som det står i SINTEF-rapporten, i trafikken i desse områda.
Arne Sortevik (FrP) [11:53:21]: Differensiering bør og skal henge sammen med et samlet syn, og et koordinert syn. Da kommer vi altså tilbake til at det faktisk er viktig for verdiskaping i landet totalt, også i distriktene, at vi har et velfungerende veinett i sentrale strøk.
Næringslivet vet at veier er viktig for verdiskaping. Laste- og varebiltransport er den viktigste transportformen. Næringslivet sier selv at stamveinettets betydning for konkurranseevnen vil øke i årene som kommer. Effektive veier er sikre veier, med færre drepte og færre skadet. Effektive veier er også mer miljøvennlige veier med mindre utslipp. Bør ikke dette få konsekvenser for dimensjonering av stamveinettet også rundt de store byene, slik at vi får et velfungerende stamveinett i alle deler av landet?
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:54:17]: Regjeringa er i gang med å setje i verk Nasjonal transportplan, og i motsetnad til den førre regjeringa, som vart støtta av Framstegspartiet, er me i alle fall i 2007 på ramma for vegløyvingar. Ein svært stor del av dei løyvingane går nettopp til å byggje ut kapasitet inn til ikkje minst Oslo-regionen. Det handlar om E18, E6 – og det går sørover, nordover, vest og aust.
Eg er heilt einig med representanten i at me òg skal ha gode samband rundt og inn til dei store byane, men det har ikkje einsidig å gjere med vegbygging. Ein kan berre reise til dei store millionbyane rundt om i verda for å sjå kva ei utviding frå fire til seks og åtte felt fører til. Det fører til ein enorm auke i biltrafikken. Me må altså ha fleire tankar i hovudet samtidig. I og omkring dei store byane må me i tillegg til å ha eit velfungerande vegnett òg satse mykje sterkare på kollektivtransport.