Stortinget - Møte onsdag den 9. mai 2007 kl. 10
President: Carl I. Hagen
Spørsmål 9
Jan Bøhler (A) [12:16:03]: Jeg vil gjerne stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:
«Det er stort behov for å forbedre regulariteten og kapasiteten i NSBs nærtrafikk i Oslo-området. I slutten av januar i år ble det presentert en avtale hvor NSB skulle øke tilbudet med 15 pst. eller 2 000 ekstra seter. Dette skulle gi flere avganger, bl.a. i helgene, da det i perioder er timesruter og færre innstillinger og forsinkelser pga. materiellmangel, kapasitetsproblemer o.l.
Kan statsråden si noe nærmere om hvordan forbedringene i tilbudet vil bli utformet, og når de vil bli innført?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:16:45]: Samferdselsdepartmentet og NSB AS underteikna rundt årsskiftet 2006/2007 ei ny rammeavtale om statleg kjøp av persontransporttenester med tog. Denne gjeld for perioden frå 1. januar 2007 til 31. desember 2010.
Lokaltoga i Oslo-området er ein viktig del av den totale trafikkavviklinga i hovudstadsområdet, og eg har vore oppteken av at tilbodet skal vere påliteleg og attraktivt for passasjerane.
I nærtrafikken rundt Oslo vert det i tida framover gradvis sett inn ekstra vogner på avgangar som inngår i gjeldande rutetabell. Dette gir langt fleire sitjeplassar i rushtrafikken i hovudstadsområdet.
Hovuddelen av vognene vert sette inn frå ruteterminskiftet i januar 2008. NSB vil med denne kapasitetsauken kunne produsere i overkant av 2 000 fleire sete i rushperioden enn det dei hadde i 2006.
Rammeavtala legg òg opp til fleire avgangar utanfor rushtrafikken i nærtrafikken rundt Oslo og i intercitytrafikken, primært frå ruteterminskiftet i 2008. Avgangane vil m.a. tette gapa i gjeldande ruteplan, slik at rutetilbodet vert jamt over heile driftsdøgnet. Eg meiner dette er eit riktig tiltak, fordi rutetabellen vert langt enklare å forstå, og fordi dei reisande får eit jamt tilbod gjennom heile dagen. Erfaringane òg frå annan kollektivtransport er at dette er ei tilbodsforbetring dei reisande set stor pris på, og som fører til at fleire reiser kollektivt.
Fleire avgangar aukar behovet for fleire lokførarar. NSB har orientert om at selskapet no har ein stram mannskapssituasjon, m.a. på grunn av ein stram arbeidsmarknad. NSB har sett i verk mange gode tiltak for å avhjelpe situasjonen. Eg er sikker på at selskapet gjer sitt beste både for å behalde personalet og for å trekkje til seg nye lokførarar, slik at det kan levere den avtalte produksjonen snarast mogeleg.
Departementet har vidare ein god dialog med Norsk jernbaneskole, som har ansvaret for utdanninga av lokførarar. Eg er trygg på at skulen i åra framover gjer sitt beste for å utdanne så mange som mogeleg i forhold til innmelde behov.
Jan Bøhler (A) [12:18:53]: Jeg takker ministeren for det positive svaret.
Jeg oppfatter det slik at når man vil jevne ut gapet i gjeldende ruteplaner og få en mer jevn trafikk hele døgnet, vil det også gjelde helgene, slik at man kan unngå lange perioder med timesruter, noe som i disse svært trafikkerte områdene blir altfor dårlig. Det målet vi har om å øke kollektivandelen, som jeg er sikker på at Regjeringen står sterkt på, bør jo gjøre at man søker alle mulige løsninger for å øke kapasiteten raskest mulig. Da vil jeg spørre om man vil se på muligheten for – jeg er klar over at det er logistikkproblemer knyttet til dette – å få togene fra Moss og fra Hamar-kanten, som er langt fra stappfulle når de går direkte inn til Oslo, til å stoppe på noen av de mest trafikkerte lokaltogstasjonene, som Holmlia, Høybråten og Haugenstua i Oslo-området.
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:19:57]: Det er eit spørsmål som er knytt til det kapasitetstaket som ein dessverre opplever i området. Det er vanskeleg for meg å svare eksakt på det, men eg skal gjerne gå inn og sjå på det. Eg ser at det er eit behov for ytterlegare forsterking i dette folketette området, men eg kan ikkje gi svar på om det er mogeleg, for det er mange tekniske berekningar som må gjerast, og som eg ikkje har moglegheit for å gjere her. Eg er open for ein dialog om dette, til liks med i alle andre spørsmål som kan vere med på å auke kollektivdelen i Oslo-området. Det er særdeles viktig, og det er Regjeringa svært oppteken av.
Jan Bøhler (A) [12:20:47]: Jeg takker også for tilleggssvaret. Det er jo positivt at ministeren peker på at det er en sterk innsats for å øke tallet på personell, for det er ofte det meldes om innstillinger på grunn av personellmangel, som det sies, og det er urovekkende.
Jeg vil gjerne spørre om ministeren kan si noe nærmere om både hva man vil gjøre for å få opp antallet lokførere, og hva man vil gjøre nærmere for å overvåke og ha strengere kontroll med antallet innstillinger og antallet forsinkelser. Jeg oppfatter det som ganske akutt – når det gjelder folks lyst til og mulighet for å reise kollektivt – at andelen innstillinger og forsinkelser av ulike grunner, som er veldig lite spesifiserte, er altfor hyppige. Jeg vil gjerne be ministeren se på muligheten for å føre et strengere oppsyn og ha strengere rapporteringer av antallet innstillinger.
Det kommer nå et nytt kollektivselskap i Oslo-området, et samarbeid Akershus–Oslo, for å samordne tilbudet bedre, og jeg vil be om at det legges opp til et samarbeid mellom NSB Nærtrafikk og det nye kollektivselskapet.
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:22:05]: Kva NSB konkret har gjort for å bedre lokførarsituasjonen, kan eg seie litt om.
Dei starta fyrst ein kampanje for å auke søkjarmassen til Jernbaneskulen. Talet på søkjarar er tredobla i år i forhold til tidlegare år, som eit resultat av den kampanjen. Skulen vil i år utdanne fleire kull enn tidlegare – fem kull med ca. 20 studentar i kvart kull. NSB har no tilsett 64 studentar. Ein legg inn kompensasjon for å ta ferie utanom skuleferien, som er ei vanskeleg tid. Ein legg inn tilbod for lokomotivførarar over 62 år, og det vert lagt inn betre vilkår for køyrelærarar og instruktørar og i tillegg høgare løn for å arbeide laurdag og søndag, for det er òg kritiske dagar. Totalt sett vert det no gjort mykje for å sikre at ein skal ha dei folka ein må ha.
Eg skal vurdere strengare kontroll og rapportering. Det er jo rapportering i dag. Eg er særdeles open for at NSB Nærtrafikk skal samarbeide med det nye, spennande initiativet som ein no har i Oslo og Akershus på kollektivsida.