Stortinget - Møte onsdag den 9. mai 2007 kl. 10
President: Carl I. Hagen
Spørsmål 14
Øyvind Halleraker (H) [12:45:58]: «I siste nummer av bladet Samferdsel får vi en statusrapport som klart anviser behov for vesentlig økte bevilgninger dersom jernbanen også for fremtiden skal være en fremgangsrik godstransportør.
Når forventer statsråden at Regjeringen vil ha tatt igjen milliardetterslepet i forhold til egne løfter, slik at flere krysningsspor på 600 meter og andre viktige tiltak kan komme på plass?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:46:28]: Når det gjeld godstrafikken på jernbane, har denne auka betydeleg dei seinare åra. Frå 2003 til 2005 auka innanlands godstransport med jernbane med om lag 46 pst. Veksten har halde fram i 2006 og 2007 og er venta å halde fram også i 2008. At Regjeringa frå 1. januar 2007 fjerna elavgifta på jernbane, kan òg medverke til at etterspurnaden aukar ytterlegare. Som eit døme på den auka etterspurnaden kan eg nemne at det frå januar 2008 er bestilt dagleg ruteleige for åtte togpar mot fem i dag på Sørlandsbana og elleve togpar mot seks–sju i dag på Bergensbana.
Den sterke auken fører til press på kapasiteten både ute på dei enkelte jernbanestrekningane og på terminalane for lasting og lossing. For å auke kapasiteten for godstransporten er det for alle strekningane naudsynt å få gjennomført fleire tiltak som må sjåast i samanheng.
På oppdrag frå departementet vurderer Jernbaneverket for tida kva for tiltak som best kan leggje til rette for auka godstransport med jernbane.
Ved årsskiftet 2007/2008 vil den nye godsterminalen på Ganddal stå ferdig. Det er òg sett i gang arbeid med å auke kapasiteten på dagens godsterminal på Alnabru i tillegg til at Jernbaneverket arbeider med planar om bygging av ein ny containerterminal på Alnabru.
I tillegg til enkelte punkt innanfor intercity- og nærtrafikkområda rundt dei største byane, t.d. Lysaker–Sandvika, Eidsvoll–Hamar, Ski–Oslo, Arna–Bergen, er det tre banestrekningar som Jernbaneverket vurderer som særleg avgrensande for framføring av godstog. Desse omfattar Sørlandsbana mellom Kristiansand og Ganddal, Gjøvikbana mellom Grefsen og Roa, som vert nytta til godstrafikken mellom Oslo og Bergen, og Nordlandsbana nord for Saltfjellet.
For Nordlandsbana inngår kapasitetsaukande tiltak som ein del av den pågåande utbygginga av fjernstyring mellom Mosjøen og Bodø. Planlegging av tiltak på resten av jernbanenettet vert no forsert i 2007. I 2008 er det særleg aktuelt å prioritere tiltak på Sørlandsbana og Gjøvikbana – saman med vidare planlegging for nye tiltak i 2009.
I fyrste omgang vil det verte lagt vekt på tiltak som gjer det mogleg å køyre fleire godstog enn i dag. Samstundes vil anlegg som vert bygde ut, verte dimensjonerte slik at dei kan inngå i eit trinn to med sikte på å kunne køyre lengre godstog. Dette vert gjort for å følgje opp eit ynskje om å køyre 600 meter lange godstog annankvar time.
Øyvind Halleraker (H) [12:49:00]: Jeg takker for svaret.
Jeg er for så vidt glad for at statsråden deler min og Høyres oppfatning av at de grep vi foretok i forrige regjeringsperiode, også for jernbanen, har vært en kjempestor suksess. På Bergensbanen har f.eks. godstrafikken økt med 80 pst. de siste fire årene, og her fraktes nå mer enn 60 pst. av godset på jernbanen. Så dette er en suksesshistorie som iallfall neppe kan tilskrives det etterslepet som den sittende regjering har.
Tom Rune Nilsen i Logistikk- og transportindustriens Landsforening sier:
«Det går simpelthen ikke an å levere så dårlig kvalitet i en tid der norsk næringslivs konkurransekraft avhenger sterkt av å få levert varene til kundene i rett tid.»
Han peker på den situasjonen som er oppstått som følge av suksessen. Mitt spørsmål til statsråden blir: Har statsråden konkrete planer nå for å få løst det som helt akutt, ikke bare referere til de langsiktige og prisverdige planene, slik hun gjorde?
Solveig Horne hadde her overtatt presidentplassen.
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:50:08]: Eg vil kome nærare tilbake med konkrete forslag til tiltak for å auke kapasiteten for godstrafikk på jernbanen på kort sikt i samband med statsbudsjettet for 2008. Samtidig vil Jernbaneverket arbeide vidare med å utvikle ein godsstrategi som grunnlag for etaten sitt planforslag for NTP 2010–2019. Denne strategien vil ytterlegare gjere greie for behov og prioriteringar når det gjeld godstransport på jernbane på lengre sikt.
Når det gjeld den førre regjeringa sin innsats på dette feltet, vil eg seie at me hadde unngått å ha denne kapasitetssvikten no dersom den førre regjeringa ikkje berre hadde konkurranseutsett godstransporten, men hadde sytt for at dei òg auka kapasiteten. Det gjorde ikkje den førre regjeringa.
Øyvind Halleraker (H) [12:50:54]: Jeg takker igjen for svaret.
Forrige regjering står for en suksess innenfor norsk jernbane som historisk blir lagt merke til. Det kan vi ta i en annen diskusjon.
Det som jeg etterspør, er hvordan vi kan tilfredsstille markedets behov for ytterligere å få bedre transport av gods på jernbane. NSB og CargoNets selskap ser for seg ti–tolv tog i hver retning på Bergensbanen – i dag går det syv. Det er ikke mulig, fordi det ikke finnes krysningssporkapasitet.
Da skal statsråden få en god idé fra meg og mitt parti, som vi også hadde mange av i forrige periode: Lag en handlingsplan for utbygging av krysningsspor på jernbanen, slik at vi får tilfredsstilt behovet for mer gods over på bane og får bruke 600 meters togsett, slik operatørene ønsker.
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:52:05]: Eg takkar for forslaget. Men eg trur ikkje representanten heilt høyrde etter kva eg sa i mitt hovudsvar, for då sa eg at Jernbaneverket på oppdrag frå statsråden er i gang med å lage ein plan som skal gå inn i NTP 2010–2019. Det er nettopp ein handlingsplan for utbygging av godstransport, og der er sjølvsagt kryssingsspor ein vesentleg del.
Eg skulle så gjerne ynskt at Høgre i den førre regjeringa ikkje berre hadde hatt mange tankar, idear og planar, men at dei hadde gjennomført dei, for då me kom inn i regjeringskontora og ville auke satsinga på jernbane i fyrste budsjett, kunne me rett og slett ikkje gjere det, for det var ikkje planlagde prosjekt.
Denne regjeringa har måtta teke tak i dette frå grunnen. Me har planlagt prosjekt, me har auka investeringsramma med 50 pst, og me kjem til å fortsetje den historiske satsinga som denne regjeringa har sett i gang på jernbane, også når det gjeld gods.
Presidenten: Spørsmål 15 er allerede besvart.