Stortinget - Møte onsdag den 9. mai 2007 kl. 10
President: Carl I. Hagen
Spørsmål 12
Arne Sortevik (FrP) [12:33:22]: «I forbindelse med mangelfull dokumentasjon ved bygging og inspeksjon av veitunneler fremkommer det også spørsmål om hvordan sikkerheten for trafikantene på eksisterende bruer ivaretas. Det er et omfattende etterslep når det gjelder vedlikehold av veinettet i Norge. Som tunnelene utgjør bruene en viktig del av veinettet og rammes derfor av vedlikeholdsetterslepet.
Vil statsråden sørge for at rutiner for inspeksjon og vedlikehold av bruer blir gjennomgått for å sikre trygg ferdsel for trafikantene?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:34:04]: Eg vil fyrst understreke at Statens vegvesen har lang røynsle med forvalting av bruer, og har system, rutinar og kompetanse som er bygd opp over lang tid. Dette er fundert på eigen kunnskap og tilrådingar frå m.a. OECD.
Vegdirektoratet opplyser at bruer vert utforma spesielt for å sikre enkel tilkomst for inspeksjon og vedlikehald. Krav til utforming i regelverk og kontroll og godkjenning av alle planar for nybygging og ombygging av bruer er viktig for å få dette til.
Generelt oppsyn inngår i funksjonsavtalane, og Statens vegvesen føretek enkel inspeksjon og hovudinspeksjon med faste intervall. I tillegg føretek Statens vegvesen spesialinspeksjon etter behov. Kompetanse vert sikra gjennom krav til fagkunnskap i regelverket og vert utvikla gjennom kurs og samlingar.
Ved gjennomføring av inspeksjonane skal det kontrollerast at bruene har den naudsynte tryggleiken, og vedlikehaldsbehovet skal identifiserast. Kontrollintervall vert tilpassa kvar enkelt bru innafor gitte rammer. Til dømes skal eldre bruer med skadar som kan utvikle seg til fare for tryggleiken, inspiserast oftare enn nye bruer.
Kvar bru har si eiga arkivmappe med dokumentasjon frå prosjektering, bygging og vedlikehald. I tillegg nyttar ein det databaserte bruforvaltingssystemet BRUTUS for å halde oversikten over tilstand, vedlikehaldsbehov og prioritering av vedlikehaldsmidlar til om lag 16 000 bruer på riks- og fylkesvegar.
Ut frå den utgreiinga eg har fått frå Vegdirektoratet, kan eg ikkje sjå at det er behov for ein eigen gjennomgang av rutinane for inspeksjon og vedlikehald av bruene. Gjeldande rutinar skal sikre trygg ferdsel på bruene.
Arne Sortevik (FrP) [12:35:49]: Takk for svaret.
Vi trodde vi hadde tunnelkompetanse, og vi trodde vi hadde god dokumentasjon på bygging av tunneler inntil taket datt ned i Hanekleivtunnelen.
I innspillet til Nasjonal transportplan 2006–2015 blir det oppgitt fra Statens Vegvesen at etterslepet når det gjelder bruer og kaier – det er slått sammen i en stor haug – er på 3,3 milliarder kr. I tunnelsammenheng har vi fått frem tallet på etterslep når det gjelder vedlikehold på veitunnelene, ca. 2 milliarder kr. Mitt oppfølgingsspørsmål er konkret: Har vi noen tall når det gjelder etterslep på vedlikehold av bruer på riks- og fylkesveier, med tilleggsoppfølging som følger?
Når det gjaldt tunnelene, sa veidirektøren – som jeg nevnte i mitt spørsmål tidligere i dag – at han trodde at tunnelene var ok. Tror statsråden at bruene også er ok?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:36:50]: Me har god kompetanse på tunnelar i Noreg. Hendinga i Hanekleivtunnelen er stadfesta som ein kombinasjon av feilvurdering i den enkelte byggjeprosessen og vanskelege fjellforhold. Me må ikkje gløyme alle dei andre tunnelane rundt om i landet som fungerer tilfredsstillande.
Når det gjeld bruer, har me der òg kompetanse og system. Eg refererte kor mange bruer me har – det er 16 000 bruer. Me er nøydde til å ha system som fungerer for overvaking av desse. Verken statsråden eller vegdirektøren kan ta bru for bru enkeltvis. Me må ha eit system der ein kontrollerer bruene med faste intervall. Desse kontrollane skal vere gjorde etter faste kriterium. Mi oppgåve er å sjå til at det systemet er godt nok. I hovudsvaret mitt sa eg at det systemet me har for den kontrollen, er tilfredsstillande.
Arne Sortevik (FrP) [12:37:57]: Igjen takk for svar, og igjen en oppfølging.
Vi trodde jo at de fleste tunnelene i Vestfold var sikre inntil nå i alt åtte blir stengt. I desember 2005 var det fremme i media fra region Østlandet at 15 bruer var truet av stenging. I februar 2006 kom det bekymringsmelding fra Midt-Norge med en liste på 35 bruer. Jeg tror nok at kartleggingen kanskje er rimelig bra, men mitt oppfølgingsspørsmål er fortsatt: Hvor stort omfang har etterslepet på vedlikeholdet av bruer som brukes i dag av trafikantene, og hvor mange år skal vi vente på at vi får mer betryggende og grundig vedlikehold av bruene, slik at det ikke er frykt for at de enten blir stengt, eller at de faller ned?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:39:01]: Eg registrerer at representanten Sortevik i spørsmål etter spørsmål er særdeles oppteken av etterslepet. Statsråden er meir oppteken av kva me får gjort, enn av kva etterslep tidlegare regjeringar etterlét seg.
Eg skulle ynskt at Framstegspartiet i førre periode, då dei sat med avgjerande innflytelse over statsbudsjettet, hadde sytt for at noko av det store etterslepet me har, både på tunnelar, bruer og elles på vegar, hadde vorte teke inn. Det skjedde ikkje. Denne regjeringa aukar løyvingane til veg med milliardbeløp, òg til drift og vedlikehald, som kjem bruer til nytte. Ja, det er òg etterslep i milliardklassen på bruer, som av vekslande regjeringar og med vekslande støtte i Stortinget har fått lov til å vekse. Me har stoppa veksten i etterslep på vedlikehald, og me skal gjere jobben vår med å tilføre midlar til ettersyn og vedlikehald av bruene i framtida.