Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 21. mars 2007 kl. 10

Dato:
President: Carl I. Hagen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 10

Borghild Tenden (V) [12:23:12]: Jeg har den glede å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«Ifølge Nationen den 7. mars så sitter Posten på detaljerte tall for leveringsgrad helt ned til terminalnivå. Stortingsrepresentant for Senterpartiet Jenny Klinge har bedt om at disse tallene offentliggjøres for at vi på Stortinget kan gjøre jobben vår i forhold til å sjekke om konsesjonsvilkårene til Posten blir oppfylt.

Vil statsråden sørge for denne åpenheten?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:23:46]: Posten har i seinare tid ikkje klart å halde konsesjonskravet om framsendingstid, som inneber at minst 85 pst. av innanlandsk prioritert brevpost skal vere framme dagen etter innlevering. Likevel har Posten i lang tid før dette hatt ein høgare kvalitet enn konsesjonskravet. Eg tykkjer at dei tilsette i Posten gjer ein stor jobb for å halde dette høge nivået, og eg veit at dei no set alle krefter inn for å rette opp den mellombels lågare kvaliteten.

Problema med postframføringa tok særleg til i tredje kvartal 2006. Ifølgje Posten har desse problema fyrst og fremst samanheng med omlegging av flytransport, maskinproblem i Oslo som følgje av utsetjing av bygginga av ny brevpostterminal og bemanningsproblem i storbyområda i ein særs stram arbeidsmarknad. Posten set inn store ressursar for å betre postframføringa, og det ser no ut til at utviklinga går den rette vegen.

Kravet i konsesjonen gjeld gjennomsnittstal for heile landet. Det vert utført uavhengige målingar på vegner av Posten etter ein EU-standard som gjeld for slike målingar. Desse målingane gir ifølgje Posten informasjon om gjennomsnittleg leveringskvalitet på kvartalsbasis for heile landet, med ei låg statistisk usikkerheit. Desse målingane er derfor eigna til ekstern rapportering og oppfølging, t.d. med sanksjonar, og oppfyller krava i konsesjonen. Det har vore undersøkt om det er mogleg å gjere tilsvarande målingar på fylkes- eller landsdelsnivå, men ifølgje Posten viser det seg at for å oppnå ei statistisk sikkerheit som er god nok for ekstern oppfølging, vil det krevje så omfattande målingar at det ikkje berre vil verte særs dyrt, men truleg òg særs krevjande eller uråd å gjennomføre.

Posten har sjølvsagt mykje styringsinformasjon om kvaliteten på postframføringa, i tillegg til dei eksterne målingane. Ifølgje Posten gjeld dette dagleg og detaljert informasjon om kor stor del av sendingane som kjem fram i rett tid, og om forseinkingar i alle delar av produksjonskjeda på alle stader. Posten kan òg bryte ned dei eksterne måleresultata på geografiske område, på delar av produksjonskjeda og på kortare tidsperiodar enn kvartal. Dessverre er det slik at jo meir tala vert brotne ned, desto meir aukar den statistiske usikkerheita. Desse tala er difor ikkje eigna til ekstern rapportering, men er likevel ein del av Postens eige grunnlag for styring og oppfølging, saman med annan intern driftsinformasjon.

Eg vil, i tråd med ynsket uttrykt av stortingsrepresentant Jenny Klinge, i næraste framtid be Post- og teletilsynet i samarbeid med Posten å finne fram til målingar som gir eit betre bilete av framsendingstid på regionalt nivå. Eg vil streke under at dette ikkje inneber ei endring i konsesjonskravet, som framleis vil vere knytt til gjennomsnitts framsendingstid på nasjonalt nivå.

Lodve Solholm hadde her teke over presidentplassen.

Borghild Tenden (V) [12:26:46]: Jeg takker statsråden for svaret.

Jeg har et kort oppfølgingsspørsmål: Vil dette være opplysninger som også vil komme oss stortingsrepresentanter til gode?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:27:04]: Når Posten gjennom eit slikt arbeid finn fram til målingar som gir eit betre bilete av framsendingstid på regionalt nivå, vil eg sjølvsagt syte for at dei opplysningane skal verte tilgjengelege for medlemene i Stortinget.

Borghild Tenden (V) [12:27:22]: Takk for det.

Som medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen får jeg daglig e-poster som går på at det er sen postgang. Jeg husker veldig godt i valgkampen i 2005, da var det en voldsom kritikk mot daværende regjering som gikk på sen postgang.

Jeg har et spørsmål til samferdselsministeren: Hvilke grep har hun gjort siden hun kom i regjering, for å bedre dette forholdet med sen postgang og leveringsplikt?

Statsråd Liv Signe Navarsete  [12:28:00]: Under den førre regjeringa vart det gjennomført omfattande endringar i Posten. Føremålet med mange av desse var å spare pengar og effektivisere drifta. Det er lagt ned ei mengd sorteringssentralar. Mellom anna finst det ingen sorteringssentral på Vestlandet, mellom Bergen og Ålesund. Det er klart at dei lange avstandane – det er samleis andre stader i landet – gjer at det er særs krevjande å oppnå kravet i konsesjonen.

Det me har gjort, er å ha ein jamleg dialog med Posten, og me har bede Posten vurdere om dei har god nok kapasitet, eller om dei kanskje må revurdere kapasitetskrava sine for å oppfylle framsendingskravet. Me har eit kontinuerlig press på Posten for å sikre at me får ei betre framsendingstid enn det me har hatt så langt.

Som eg får referert no frå styreleiaren i Posten, skal konsesjonskravet vere innfridd i løpet av fyrste kvartal.

: