Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 14. februar 2007 kl. 10

Dato:
President: Thorbjørn Jagland
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 9

Borghild Tenden (V) [12:00:31]: Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«Det har nå gått nesten to måneder siden raset i Hanekleivtunnelen. Statsråden har nedsatt en undersøkelsesgruppe som skal klarlegge mulige årsaker og foreslå eventuelle forbedringstiltak.

Hva skjer i tunnelen nå, og hvilken fremdriftsplan ser statsråden for seg i denne saken?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:01:08]: Som representanten Tenden refererer i spørsmålet, har eg nedsett ei ekstern undersøkingsgruppe som skal kartleggje årsaka til raset og gjennomgå rutinane for planlegging, bygging, sikring og vedlikehald. Gruppa skal òg føreslå forbetringar. Som det går fram av mandatet for gruppa frå 5. januar i år, skal gruppa levere rapport med resultata frå arbeidet sitt 15. februar 2007, altså i morgon. I tillegg har Statens vegvesen nedsett ei eiga gruppe som skal sjå på gjeldande retningsliner og praksis for planlegging, bygging, drift og vedlikehald av vegtunnelar.

Arbeidet med å sikre tunnelane er i full gang. Det er selskapet Mesta som utfører arbeidet i søndre løp. I det nordre tunnelløpet, som ein òg kom til måtte tilleggsikrast, er òg arbeidet kome i gang. Der er det selskapet Veidekke som utfører arbeidet.

Geologane som arbeider med å kartleggje berget i dei to tunnelane, har òg oppdaga andre soner som ein må vurdere å sikre samstundes med at tunnelane er stengde. Ein kan difor i dag ikkje gje eit sikkert tidspunkt for når alt arbeidet kan vere avslutta. Det må ein kome tilbake til når ein har konkludert etter at geologane har gjort ferdig arbeidet sitt.

Eg tek sikte på å gje ei nærare orientering til Stortinget om raset i Hanekleivtunnelen i samleproposisjonen i samband med revidert nasjonalbudsjett, slik eg òg har varsla i brev til Stortingets transport- og kommunikasjonskomite 26. januar 2007.

Borghild Tenden (V) [12:02:39]: Jeg takker statsråden for svaret. Bakgrunnen for spørsmålet er at trafikanter som til vanlig bruker Hanekleivtunnelen, er svært bekymret for den avlastningsveien som nå brukes, en avlastningsvei som er svært trafikkfarlig. Jeg lurer på om det er mulig å bli ferdig til fellesferien starter, og om statsråden vil jobbe så raskt som mulig for å få dette til.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:03:17]: Det er nok ikkje statsråden dette er avhengig av, for å seie det slik. Mandatet er gjeve, jobben er ein i gang med. Eg trur representanten Tenden vil vere samd med meg i at no er det viktig at tunnelen vert skikkeleg sikra, og at ein ikkje risikerer at press på tida, anten det gjeld påskeferie eller sommarferie, skal bidra til at ein ikkje gjer jobben godt nok. Det eg er oppteken av å sjå til, er at det vert ei forsvarleg sikring. Når det er sagt, er eg sjølvsagt òg oppteken av at perioden med stenging av tunnelen ikkje skal verte ein einaste dag lengre enn nødvendig, men han må verte så lang at alt arbeidet vert gjort forsvarleg.

Borghild Tenden (V) [12:04:05]: Jeg takker igjen statsråden for svaret.

I etterkant av raset i Hanekleivtunnelen foreslo Høyre og Venstre å opprette et frittstående veitilsyn. Flertallskonstellasjonen på Stortinget ville dessverre ikke behandle dette, men ville avvente rapporten som kommer i morgen. Tanken med et frittstående veitilsyn ble utløst av raset i tunnelen, men for Venstre er prinsippet om maktspredning vel så viktig – det å ha et veitilsyn på lik linje med andre frittstående tilsyn innenfor samferdselssektoren.

Er statsråden enig med Venstre i prinsippet om maktspredning, og vil hun gjennomføre dette også innen veisektoren?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:04:53]: Spørsmålet om eit eige trafikktilsyn har jo kome opp i kjølvatnet av hendingane i Hanekleivtunnelen. Me veit ikkje pr. i dag om eit trafikktilsyn ville betydd noko som helst frå eller til i denne tunnelen. Det får me kanskje svar på i morgon, kanskje ikkje. Det får me no sjå.

Sjølvsagt er prinsippet om maktspreiing som representanten Tenden viser til, viktig, men i samferdselssektoren er det òg viktig å sjå på korleis me nyttar dei til kvar tid tilgjengelege ressursane på ein best mogleg måte, slik at me får mest mogleg tryggleik og mest mogleg veg igjen for pengane. Heile den problematikken ynskjer eg å sjå på etter at eg har fått rapporten frå ekspertgruppa, og så får me kome tilbake til eit eventuelt frittståande vegtilsyn seinare.

: