Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 14. februar 2007 kl. 10

Dato:
President: Thorbjørn Jagland
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 10

Eirin Faldet (A) [12:06:06]: Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«Det har kommet mange henvendelser om dårlig strøing og vedlikehold på såpeglatte og sporete veger i Hedmark og Oppland. Vegstandarden varierer som et resultat av at det er flere entreprenører som har fått anbud på vedlikeholdet.

Hva vil statsråden gjøre for å sikre gode og trygge kjøreforhold om vinteren?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:06:35]: Drifta av riks- og fylkesvegnettet vert gjennomførd med basis i dei såkalla funksjonskontraktane som ein inngår med private entreprenørar etter konkurranseutsetjing. Kontraktane har ei lengd på inntil fem år, og det er 13 slike kontraktar i Hedmark og Oppland, som omfattar 3 600 km riksveg og 4 600 km fylkesveg.

Fyrste del av vinteren 2006/2007 har vore svært mild, og i Hedmark og Oppland har det vore mange og hyppige vekslingar mellom varmegrader og kuldegrader, ofte kombinert med nedbør. Dette har tidvis medført glatte vegar og vanskelege køyreforhold i begge fylka. Vegane som har vore salta, har hatt tilfredsstillande standard, men Statens vegvesen har fått mykje kritikk for sein og utilstrekkeleg strøing på vegnettet der det har vore bruka sand.

Under slike vêrforhold kan det verte glatt over heile vegnettet samstundes. Entreprenørane skal begynne å strø med ein gong det vert glatt, og kontraktane seier kor mange timar dei har for å fullføre arbeidet. For riksvegane i Hedmark og Oppland gjeld same standard som for riksvegar generelt, medan det for fylkesvegane er gitt lokale standardar som er tilpassa kor viktige vegane er.

Statens vegvesen tek stikkprøver for å kontrollere at eigenkontrollen til entreprenøren fungerer. Funksjonskontraktane er krevjande å følgje opp for begge partar, både på grunn av funksjonskrava og lengda på vegnettet.

Stikkprøver tekne i haust og i vinter har ikkje avdekt mange tilfelle der entreprenøren ikkje har utført arbeidet innan tidsfristen. Men det er avdekt ein for stor del tilfelle der entreprenøren har vore seint ute med å begynne arbeidet. Dette har Statens vegvesen gripe fatt i, og dei er no i kritisk dialog med dei aktuelle aktørane. Det har òg vore gjennomført trekk i utbetalingane til entreprenørar som følgje av manglande oppfylling av kontraktane.

Arbeid med å revidere vedlikehaldsstandarden er sett i gang og vert gjennomført i løpet av eit års tid. Ny vedlikehaldsstandard vil verte innarbeidd i kontraktane etter kvart som dei vert fornya, og er såleis eit langsiktig tiltak.

Statens vegvesen vil vurdere skjerpa tiltak overfor entreprenørane som kan føre til meir rettidig oppfylling av kontraktane. Dette kan innebere auka innsats på stikkprøver, oppfølging av eigenkontrollen hos entreprenørane og å sørgje for at dei faktisk nyttar dei hjelpemidla Vegvesenet har stilt til disposisjon, slik som vêrradar og klimastasjonar.

Eirin Faldet (A) [12:09:07]: Jeg takker statsråden for et positivt svar. Jeg er glad for at statsråden tar tak i dette, og at skjerpet kontroll blir et hovedsatsingsområde i tiden framover.

Det som oppleves, er at en tar altfor store hensyn til årsdøgnstrafikk istedenfor å rykke raskt ut og gjøre veien sikker for trafikkantene. Slik det oppleves nå, er brøyterodene for lange. Dette er for å spare antall brøytebiler, og dermed kostnader. Ved store snøfall blir det problemer, bl.a. på grunn av manglende kapasitet.

Byggherren, som er Statens vegvesen, har ansvaret, og det må de faktisk ha. Det vi er redde for, er at kravene i anbudspapirene er såpass løselige at det ikke er lønnsomt å rykke ut for å sikre veivedlikeholdet når det f.eks. kommer snø. Det er vær- og føreforhold det må tas mest hensyn til, ikke hvordan det ligger an med kontrakten.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:10:23]: Eg er heilt samd med representanten Eirin Faldet i det ho seier. Men det er jo slik at i dei funksjonskontraktane som no er inngåtte, der varierer frist og ferdiggjering mellom ein og fire timar. På dei mest lågtrafikkerte fylkesvegane i Oppland er fristen opptil seks timar. Den er sett av fylket. Tilsvarande vegar i Hedmark skal berre strøast når det ikkje er framkomeleg for vinterskodde bilar, så der må sjølvsagt fylkeskommunen sjå på det.

Statens vegvesen Region øst nytta fyrste halvår 2006 278 årsverk til stikkprøvekontroll av 1 300 km veg i Hedmark og Oppland. Det resulterte faktisk i 59 tilfelle der entreprenørar fekk trekk i utbetalingane som følgje av stikkprøvekontroll. Så det er klart at kontrollane er viktige, og dei verkar. Det er kanskje økonomiske trekk som vert det viktigaste verkemiddelet på kort sikt, og så må me leggje til rette for betre funksjonskontraktar på lang sikt.

Eirin Faldet (A) [12:11:41]: Veivedlikeholdet er privatisert så mye at ansvaret på en måte blir pulverisert, og vi er jo veldig skeptiske til alle disse private kontraktene.

Jeg har lyst til å spørre statsråden om hun vil legge til rette for at oppdragsgiveren kan gjennomføre god kvalitet på vintervedlikeholdet. Vil statsråden gå igjennom alle anbudspapirene, slik at vi får lik standard i hele landet, og at det til enhver tid tas hensyn til de lokale vær- og føreforholdene? Og: Vil hun gå igjennom hele anbudssystemet og se om dette er det riktige og det beste for trafikantene?

Det er skummelt når bussjåfører ikke tør kjøre skolebarna til skolen. Derfor må vi gå igjennom hele systemet for at vi skal sikre trafikantene. Vi kan gjerne ha kontroller, men vi må ha så sterke incitamenter at det blir gjort noe, og at brøytebilen kan nå fram så fort som mulig.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:12:57]: Som eg sa i mitt hovudsvar, er det lik standard som er lagt til grunn i heile landet, så standarden skal ikkje variere frå fylke til fylke. Det som kan variere i periodar, er sjølvsagt vêr- og føreforhold.

Eg legg ikkje skjul på at statsråden òg kan vere kritisk til funksjonskontraktane. Eg får altfor mange rapportar inn om for dårleg brøyting, frå mange delar av landet – òg frå Hedmark – noko representanten har teke opp i dag. Det har resultert i at Statens vegvesen no går igjennom funksjonskontraktane. Dei har eit arbeid på gang – som eg sa, skal det vere avslutta innan eit år – med å forbetre funksjonskontraktane som gjeld vedlikehald av vegnettet. Eg trur at det er eit viktig arbeid, og eg håpar at det skal medverke til at me skal få ein betre standard på vegvedlikehaldet vinterstid rundt om i landet, òg i Hedmark.

: