Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 31. januar 2007 kl. 10

Dato:
President: Carl I. Hagen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 8

Steinar Gullvåg (A) [11:45:16]: Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«NSB har lagt inn betydelig slakk i sitt ruteopplegg på Vestfoldbanen. Etter siste ruterevisjon pr. 8. januar 2007 varierer reisetida Tønsberg–Oslo fra 1 time 27 minutter til 1 time 37 minutter. På returen varierer reisetida fra 1 time 25 minutter til 1 time 31 minutter. De reisende opplever stadig at toget må «ta pauser» for å holde oppsatt reisetid eller vente på kryssende tog.

Hva kan gjøres for å korte ned kjøretida og få til et bedre ruteopplegg?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:46:10]: Etter ruteomlegginga frå 8. januar 2007 har eit tog inn mot Oslo i rushperioden om morgonen fått 7 minutt lengre køyretid. Årsaka til dette er at det frå same dato vart innført ein ny togavgang i motsett retning frå Oslo til Larvik. Den nye avgangen har fått same køyremønster som dei andre toga som køyrer fast kvar time på Vestfoldbana. Det var eit sterkt lokalt ynske om at den nye togavgangen skulle kome til Larvik innan kl. 08.00 om morgonen. På grunn av manglande tilgang til spor, såkalla ruteleie, måtte rutetida for motgåande tog justerast noko. Infrastrukturen på strekninga mellom Oslo og Drammen er fullt utnytta, og kryssingsmoglegheitene på strekninga Drammen–Larvik er ein avgrensande faktor for å kunne auke togkapasiteten og samstundes korte ned køyretida på Vestfoldbana.

For å betre tilhøva for passasjerane inn til Oslo om morgonen vil NSB i samband med komande ruteendring i juni i år endre rutetidene slik at sørgåande tog får noko lengre køyretid, medan motgåande tog mot Oslo får tilbake ruteleiet som var før 8. januar i år.

Eg er glad for at me har fått på plass morgontoget til Larvik, som Vestfold fylkeskommune og Steinar Gullvåg har kjempa for. Eg er dessutan glad for at NSB frå juni i år får til den ruteendringa som ein ynskjer frå lokalt hald.

Det er òg grunn til å glede seg over at me har fått ei regjering som lyfter jernbaneinvesteringane med 50 pst., slik at me òg skal kunne få opp kapasiteten på denne viktige strekninga.

Steinar Gullvåg (A) [11:47:47]: Jeg vil takke statsråden for et meget positivt svar. Jeg vil også takke statsråden for hennes innsats for Vestfoldbanen.

Jeg finner grunn til å understreke at det er nødvendig å ha stadig fokus på kjøretida på Vestfoldbanen, fordi det nå er slik at Vestfoldbanen i større og større grad vil konkurrere med biltrafikken på strekningen inn mot Oslo. Etter hvert som kollektivfeltet blir utvidet fram mot Asker, vil biltrafikken og busstrafikken i framtida få kortere kjøretid enn i dag.

Det er videre grunn til å se nærmere på stoppmønsteret på disse strekningene for å få til et bedre ruteopplegg enn det vi har i dag.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:48:52]: Eg deler absolutt Steinar Gullvåg sine betraktningar om dette temaet. Det er viktig for Regjeringa å sikre at toget har konkurransekraft i forhold til biltrafikken, ikkje minst i det trafikk- og folketette området som me no snakkar om.

Den saka som me diskuterer no, er eit godt døme på kor vanskeleg og presserande kapasitetssituasjonen er for jernbaneinfrastrukturen i Austlandsområdet, og då på Vestfoldbana spesielt, som me diskuterer no. Sjølv ein liten auke i kapasitet får, slik situasjonen er i dag, konsekvensar for køyretida. Men me har jo alle her same interesse av å få toget raskt fram. Det som no skjer med dei auka investeringane, er at me får ein ny Lysaker stasjon og eit nytt dobbeltspor mellom Lysaker og Sandvika samtidig som det er planlagt fleire parsellar òg på Vestfoldbana. Så over tid no vert det eit betre tilbod, som passasjerane i Vestfold absolutt skal merke.

Steinar Gullvåg (A) [11:49:59]: Jeg er enig med samferdselsministeren i at det på lang sikt bare er ytterligere infrastrukturinvesteringer som vil kunne bedre situasjonen på Vestfoldbanen. Jeg er også glad for at vi nå får investeringer på strekningen mellom Oslo og Sandvika. Jeg håper at det ikke tar altfor lang tid før vi nå også kan sette i gang med utbyggingen av Vestfoldbanen, slik samferdselsministeren antyder.

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:50:33]: Det er vel ikkje så mykje å føye til dei fromme ynska. Dette får me kome tilbake til etter kvart, og me skal ha ein god dialog om det i tida som kjem.

Eg vil berre minne om at i tillegg til dei investeringane som vert gjorde, er det nettopp inngått ein ny fireårig avtale med NSB som inneber ein auke i kapasiteten på rutetilbodet med opptil heile 15 pst. i rushtida. Me er veldig glade for at folk òg på kort sikt, frå i dag og i dei neste fire åra, vil oppleve ei opptrapping på både materiell, avgangar og kapasitet som vil vere positiv for både Vestfold og resten av dette viktige, folketette området.

: