Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 10. januar 2007 kl. 10

Dato:
President: Carl I. Hagen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 5

Arne Sortevik (FrP) [11:57:37]: Med presidentens tillatelse vil jeg få ønske statsråden et godt nytt år. Så til spørsmålet:

«Etter steinraset i Hanekleivtunnelen på E18 ved Sande i Vestfold nylig bør ulike tiltak for bedring av sikkerheten for trafikantene på norske veier vurderes. Like viktig som periodisk godkjenning av kjøretøy bør det være at veinettet gjennomgår kontroll for at trafikantene på norske veier skal gis best mulige sikkerhetmessige forhold. I en slik sammenheng bør det vurderes innført et system med klassifisering og periodisk godkjenning av veinettet i Norge.

Vil statsråden ta initiativ til at en slik ordning blir vurdert?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:58:30]: Takk for nyttårshelsing som eg meir enn gjerne returnerer: Godt nytt år!

Heldigvis vart ingen trafikant skadd av raset i Vestfold. Eg har no sett i gang gransking for å få klarlagt moglege årsaker og få forslag til eventuelle forbetringstiltak.

Det vert gjennomført ulike kontrollar på vegnettet i dag. Statens vegvesen føretek inspeksjonar av trafikktryggleiken, såkalla TS-inspeksjonar, både for tunnelar, bruer og vegar. Det inneber at ein går gjennom vegnettet for å sjå på moglege forhold som kan vere farlege for trafikantane. Dessutan finst det avtalar med entreprenørar om forskjellige inspeksjonsrutinar for ulike vegelement. I tillegg er det sett spesielle krav for bruer og tunnelar som går fram av dei ulike handbøkene til Statens vegvesen om inspeksjonar og testing av utstyr.

Elles er det utarbeidd rutinar for varsling om det vert oppdaga forhold som gjer at det er fare for skred og ras. Er faren stor, skal vegen stengjast med ein gong og ekspertar tilkallast.

Dersom det skjer dødsulukker, trer Statens vegvesen sine ulukkesanalysegrupper – UA-grupper – i funksjon for å finne årsaka. Dei ser på kjøretøyet sin tilstand og på forhold på vegen som kan ha hatt betyding for ulukka.

Om ulukka involverer farleg gods eller om det skjer alvorlege ulukker i ein tunnel, vil òg Statens havarikommisjon for transport på eige initiativ føreta ei uavhengig gransking.

I tillegg fører brannstyresmaktene tilsyn med branntryggleiken i tunnelane. Dette går på testar, øvingar og rutinar for vedlikehald av utstyr.

Etter krava til drift og vedlikehald av tunnelar skal ein føreta inspeksjonar av fjellet og av sikringsutstyret. Dette skal skje med intervall, avhengig av kor godt eller dårleg fjellet er på staden.

Det er under etablering eit godkjenningssystem for tunnelar i tråd med tunneltryggleiksdirektivet. Det er lagt opp til at krava ikkje berre skal gjelde på det såkalla TERN-vegnettet, men på heile riksvegnettet. Etter dette systemet må planane for nye tunnelar tryggleiksgodkjennast før ein får lov til å starte bygginga. Deretter skal det ei ny tryggleiksgodkjenning til før tunnelen kan opnast for trafikk. For tunnelar som er opna for trafikk, er kravet at dei skal tryggleiksgodkjennast minst kvart sjette år. Tryggleiksgodkjenninga skal vere ein kvalitetskontroll på at dei nødvendige rutinane er følgde, og at det er dokumentert kva som er gjort, og kven som har gjort det.

Eg vil vente på resultatet av granskinga av steinraset i Hanekleivtunnelen før eg vurderer om det er behov for ytterlegare krav til kontroll av vegnettet.

Arne Sortevik (FrP) [12:01:19]: Jeg takker for svaret.

Problemstillingen som er tatt opp i spørsmålet, dreier seg om hele veisektoren, ikke bare tunneler – veier, tunneler og broer. Da er det slik at det med dagens system er Statens vegvesen som stort sett står for kontroll og godkjenning.

Klassifisering og periodisk ettersyn er et system vi kjenner fra andre sektorer, både fra luftfart og skipsfart – et system som medfører konsekvenser når feil og mangler avdekkes. Er det noen grunn for ikke å bruke slike systemer innenfor veitrafikken for å bedre sikkerheten på norske veier?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:02:01]: Eg har tidlegare sagt – og gjentek det i denne salen – at eg ikkje har teke stilling til kva for endringar i rammene til vegbygging, kontroll og tilsyn som eventuelt vert nødvendige i etterkant av raset i Hanekleivtunnelen.

Granskingsutvalet, som eg har sett ned, skal levere rapporten sin allereie i midten av februar. Eg vil sjå den saka for seg. Den rapporten vil òg vere med som eit grunnlag for mi oppfølging og ein eventuell diskusjon om kva som skal gjerast vidare. Stortinget skal sjølvsagt få fyldig informasjon og få høve til å diskutere alle sider av saka.

Det viktigaste for meg er at vi får endå større tryggleik. Om svaret er eit tilsynsorgan, vil eg ikkje ta stilling til no. Det undrar meg at Framstegspartiet allereie har konklusjonen klar. Det kan slik sett vere nyttig å få vete kor stort byråkrati ein ser føre seg å byggje opp for å ha tilsyn med heile 90 000 km med vegar og fleire enn 1 000 tunnelar. Det vil vere eit ganske stort byråkrati me då må byggje opp. Me treng faktisk tid til å vurdere om det er rette måten å bruke pengane på.

Arne Sortevik (FrP) [12:03:12]: Jeg kan kanskje fjerne litt av undringen.

Jeg skal gi honnør for rask reaksjon etter ulykken, men det kan ikke være overraskende for denne statsråden at Fremskrittspartiet i forbindelse med Nasjonal transportplan i 2004 og senest i finansinnstillingen høsten 2006 foreslo å opprette et trafikktilsyn for alle sektorene. Det ser vi selvfølgelig i sammenheng med de tilsynene som allerede finnes. Men vi ønsker at veisektoren spesifikt også skal ha et eget selvstendig og frittstående tilsyn. Jeg registrerer at alle partier har gått imot det tidligere. Underlig nok har representanter fra partiene Venstre og Høyre gått sammen om å fremme Fremskrittspartiets forslag, et forslag som de avviste senest i oktober i fjor. Men vi er jo glad for å få tilslutning, og vi håper det går fortere enn å måtte vente i to–tre år for å få det på plass. Derfor håper vi også at regjeringspartiene vil stille seg mer åpne til Fremskrittspartiets gamle forslag om å opprette et selvstendig tilsyn som også dekker veisektoren i Norge, for å skape større sikkerhet på veiene. Jeg håper statsråden vil være åpen for å vurdere en slik løsning.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:04:28]: Slik eg tolkar spørsmålet til Sortevik, handlar dette om eit tilsyn som faktisk skal føre fysisk tilsyn på vegane. Då vert det interessant å få vete om Framstegspartiet kan tenkje seg å byggje ut andre tilsvarande tilsyn – frå systemkontroll, som me har i dag, til fysisk kontroll. Skal Jernbanetilsynet òg inn for fysisk å kontrollere alle tunnelar? I dag er det Jernbaneverket som gjer det – og, som sagt, kor mykje vil det føre med seg av nytt byråkrati? Eg kjenner ikkje til at noko anna land har oppretta eit vegtilsynsorgan, men dei fører eit sterkt tilsyn gjennom vegverka sine. Det gjer dei i Sverige, og det gjer dei i Danmark, som er våre næraste granneland.

I 2002–2003 vart det lagt fram ei stortingsmelding om statlege tilsyn. På det tidspunktet var Venstre og Høgre i regjering. Eg registrerte ikkje den gongen noko tilsvarande ynske frå dei partia. Konsekvensane etter rasa i Oslofjordtunnelen i 2003 og i 2004 vart heller ikkje følgde opp av ein slik debatt.

: