Stortinget - Møte onsdag den 10. januar 2007 kl. 10
President: Carl I. Hagen
Spørsmål 14
Peter Skovholt Gitmark (H) [11:29:34]: Jeg har følgende spørsmål til fornyings- og administrasjonsministeren:
«Agder politidistrikts, APDs, husleie for Justisbygget i Kristiansand er satt til langt over markedsleie. Dette ble foreslått av Statsbygg og sanksjonert av POD i 2002, mot APDs vilje. Det betales nå mer pr. m2 i Kristiansand enn det gjøres for politiets bygg i Stavanger, hvor det er en privat utleier. Etter innføring av rammebudsjett i politietaten i 2003 medfører dette bl.a. betydelig mindre driftbudsjett og færre politibetjenter i Agder.
Mener statsråden at husleiesituasjonen for Justisbygget er tilfredsstillende?»
Statsråd Heidi Grande Røys [11:30:18]: Lokala til Agder politidistrikt og tingretten i Kristiansand vart tekne i bruk i 2003, etter ei omfattande rehabilitering og ombygging i det året. Justisbygget i Kristiansand er eit spesialtilpassa og moderne bygg, og lokaliseringsordninga er veldig effektiv, då både politiet, domstolen og fengselet har plass i det same bygget. Bygget inneheld operasjonssentral for heile politidistriktet, fengsels- og varetektsceller, skytebane med spesialventilasjon, kontor for alle leigetakarane, og ei eiga fløy for domstolen.
Kostnadene for denne moderniseringa var på 205,4 mill. kr, og det er dei totale byggjekostnadene som er grunnlaget for berekninga av husleiga. Statsbygg nyttar ein modell med såkalla kostnadsdekkjande husleige for sine eigedomar. Dette er i samsvar med eit prinsipp som vart godkjent av Stortinget ved handsaminga av St.prp. nr. 63 for 1990-1991, og på ny under handsaminga av St.prp. nr. 84 for 1998-1999. Agder politidistrikt vart kompensert for mesteparten av den auka leiga i 2003, og denne ordninga er faktisk vidareført. Agder politidistrikt får dekt to tredelar, altså 75 pst., av husleigekostnadene sine. Det får vi opplyst av Justisdepartementet, og det betyr at dei ikkje må dekkje ein større del av husleigekostnadene i dag enn det dei måtte i 2003.
Når det gjeld husleigeberekninga for Justisbygget i Kristiansand, var politiet og domstolen samde om at det skulle vere lik husleige pr. kvadratmeter, uavhengig av om det var nybygg eller eksisterande bygningsmasse. Då avklåringane rundt arealfordelinga var ferdige, gjennomførte ein kontraktsforhandlingar med Statsbygg, Justisdepartementet og Politidirektoratet. Partane vart samde i august 2002 om at husleiga skulle fastsetjast på grunnlag av sluttkostnadene for ombygginga. Husleiga er på det grunnlaget sett til 1 462 kr pr. kvadratmeter i 2006.
Bygget i Stavanger er av ein heilt annan type enn bygget i Kristansand, og det er heilt umogeleg å samanlikne to så ulike bygg, slik som representanten Gitmark gjer her.
Peter Skovholt Gitmark (H) [11:32:42]: Jeg er i stuss over prinsippet om at et helt nytt bygg i Stavanger – en by som i utgangspunktet har høyere leiekostnader – skal ha en helt annen leie enn man har i en mindre by som Kristiansand, og at det er Politidirektoratet som sanksjonerer en husleieavtale med Statsbygg, og ikke vedkommende etat som er ansvarlig for den. Når politiet lokalt i Agder mener at dette er et svært arealineffektivt bygg, hvor det er flere problemer med romløsninger, og de ønsker seg ut av bygget, men er likevel låst fast i det, sier det noe om den manglende fleksibiliteten som finnes i Statsbygg.
Vil statsråden se på fleksibiliteten i Statsbygg, slik at andre offentlige etater kan komme ut av leieavtaler og heller finne seg mer egnede lokaler til en langt gunstigere pris?
Statsråd Heidi Grande Røys [11:33:41]: Eg minner igjen om det eg sa, at å samanlikne eit spesialbygg som det ein har i Kristiansand, der ein har både politi, fengsel og domstol samla i eitt bygg – noko som er veldig effektivt for samfunnet samla sett og for dei tre etatane samla sett – med eit mykje enklare, reint kontorbygg som det ein har i Stavanger, vert som å samanlikne epler og pærer. Det kan ein ikkje gjere. Ein kan ikkje samanlikne husleiger på den måten som representanten gjer.
Når vi snakkar om prinsipp, vil eg også minne om at Stortinget ved to høve har pålagt Statsbygg å bruke den modellen som heiter kostnadsdekkjande husleige for sine eigedomar. Det er altså Stortinget som ved to høve har vedteke og nedfelt denne typen prinsipp, og det er det Statsbygg held seg til.
Peter Skovholt Gitmark (H) [11:34:28]: I den lokale byggeprosessen var det som domstolsapparatet spesielt ønsket å få inn i det nye bygget, kostnadsdrivende. Det ønsket selvfølgelig ikke politiet å være med på. Likevel ble husleieavtalen sanksjonert over deres hode av Politidirektoratet. Derfor mener jeg det er helt på sin plass å sammenligne både med bygget i Stavanger og kanskje også med bygget i Trondheim, hvor dette er rene, gode politifaglige bygg som er arealeffektive, i motsetning til bygget i Kristiansand.
Når det gjelder nærheten til domstol og nærheten til fengsel, viser jeg til at det finnes et fåtall varetektsplasser ved bygget i Kristiansand. Fengsel finner man først i Skien, eller i Rogaland, så det er vel få steder i landet man er så langt unna fengsel som nettopp i storbyen Kristiansand. Så det mener jeg ikke er noe argument å bruke i denne sammenhengen.
Jeg ønsker at statsråden tar på alvor de signaler som kommer fra politiet og andre etater, om at man bes løst ut av lange husleiekontrakter med Statsbygg, og at Statsbygg er en firkantet etat i så måte.
Statsråd Heidi Grande Røys [11:35:39]: Eg kjenner meg ikkje igjen i det at Statsbygg er ein firkanta etat. Eg minner om det eg sa i mitt fyrste svar: Når det gjeld husleigeberekninga for Justisbygget i Kristiansand, var politiet og domstolen samde om at det skulle vere lik husleige pr. kvadratmeter, uavhengig av om det var eit nybygg eller eksisterande bygningsmasse. Det var då avklåringane i arealfordelinga blant leigetakarene var ferdige, at ein kopla inn kontraktsforhandlingar mellom Statsbygg, Justisdepartementet og Politidirektoratet.
Eg minner òg om at Justisdepartementet har ein avtale som seier at dei får dekt to tredelar av den auka husleiga. Det har vore det same sidan 2003. I tillegg har denne regjeringa auka betydeleg overføringane til politiet. Så eg ser ingen grunn til at Statsbygg skal ta grep her for å gjere noko med husleiga for Justisbygget i Kristiansand.
Presidenten: Vi går då tilbake til spørsmål 2.