Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 22. november 2006 kl. 10

Dato:
President: Carl I. Hagen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 11

Presidenten: Dette spørsmålet, fra representanten Ib Thomsen til kunnskapsministeren, er overført til samferdselsministeren som rette vedkommende.

Ib Thomsen (FrP) [12:24:47]: «Det fremkommer av Romerikes Blad 13. november i år at elever og foreldre på Romerike frykter en skolebussulykke, men fylkeskommunen tillater stappfulle skolebusser. Både busselskapene og Trygg Trafikk er meget skeptiske til stappfulle skolebusser. Det oppleves som kaotisk – «en elev ble klemt i døren, og bussjåføren roper: trøkk sammen, trøkk sammen». Foreldrene er redde for hva som kan skje ved f.eks. en utforkjøring.

Hva vil statsråden gjøre for å unngå alvorlige ulykker med skolebusser i fremtiden?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:25:30]: Representanten Thomsen tek i spørsmålet sitt opp eit tema som er debattert fleire gonger i Stortinget nyleg. I spørjetimen 26. april stilte representanten Helleland eit tilsvarande spørsmål, og så seint som 24. oktober handsama Stortinget eit Dokument nr. 8-forslag der tryggleik ved skulebarntransport i buss var eit tema.

Både kunnskapsministeren og eg har i desse samanhengane forklart at transport av skuleelevar med buss i dag vert regulert av tre ulike regelsett. Etter opplæringslova har skuleelevar etter visse kriterium rett til skyss til skulen. Vegtrafikklova og yrkestransportlova seier at transporten skal utøvast med eit transportmiddel som tilfredsstiller gjeldande krav til tryggleik, utførd av ein transportør som tilfredsstiller dei krava som gjeld for å drive persontransport mot vederlag.

Det er fylkeskommunen som har ansvaret for skuletransporten, og den vert i dag dekt av dei frie inntektene til fylkeskommunane inkludert overføringar frå staten gjennom inntektssystemet. Dette betyr i praksis at den einskilde fylkeskommunen har stor fridom til å utforme tilbodet. Denne fridomen til å tilpasse tilbodet til lokale forhold nyttar også fylkeskommunane aktivt, slik at i dag vert transporten nokre stader gjennomførd som eigne skuleruter, men også ofte som ein integrert del av det ordinære kollektivtilbodet.

Gjennom handsaminga av det nemnde Dokument nr. 8-forslaget stadfesta Stortinget at transport av skuleelevar er og skal vere eit fylkeskommunalt ansvar. Dette tolkar eg heilt klart som at staten ikkje skal detaljregulere unødig, men at lokale folkevalde sjølve kan ha fridom til å fastsetje korleis tenestene vert utforma.

Ulukkesstatistikken og ei spesialundersøking utførd av SINTEF i 1998 viser at grunnskulebarn i svært liten grad vert skadde i situasjonar der dei er busspassasjerar, og at dei skadane som oppstår, er lite alvorlege. Dei alvorlege skadane for denne trafikantgruppa skjer heller i situasjonar der barna anten er på veg inn i eller ut av bussen, eller i tilfelle der dei går eller syklar til og frå skulen. Eg har difor den klare oppfatninga at for å nærme seg nullvisjonen, som nett handlar om å unngå død eller livsvarig skade, må vi fortsetje å prioritere utbetringar av trafikkfarlege skulevegar og tilrettelegging for sikker av- og påstiging i buss i nærområda til skulane. Dette vil gi skulebarn meir tryggleik for pengane enn om ein bruker pengane til ytterlegare å sikre dei som allereie har ein høvesvis sikker skuletransport i buss.

Ein slik situasjon som omtala i spørsmålet frå representanten Thomsen, der elevane må trykkje seg saman for at alle skal få plass, er ikkje nødvendigvis i tråd med gjeldande regelverk. Alle bussar som vert nytta i Noreg, har grenser for kor mange passasjerar dei kan ha med – det gjeld både sitjeplassar og ståande passasjerar. Dette er reglar som sjølvsagt også gjeld når det er skulebarn som vert transporterte, og regelbrot her er det politiet som er ansvarleg for å handheve.

Regjeringa har merka seg at kyrkje-, utdanings- og forskingskomiteen gjennom handsaminga av Dokument nr. 8:84 for 2005-2006 i ein samrøystes merknad ber om ei vurdering av behovet for endringar og presiseringar i vegtrafikklovgivinga, eventuelt ny forskrift til opplæringslova – dette for å sikre elevar ein forsvarleg skuleskyss. Eg vil vurdere saka i samarbeid med dei andre involverte ministrane og på ein eigna måte rapportere attende til Stortinget på dette. Som eit fyrste skritt i så måte kjem eg no til å starte opp eit arbeid med å oppdatere undersøkinga som vart gjennomførd av SINTEF i 1998, for å få ytterlegare innsikt i om bruk av ståplassar i skulebarntransport medfører auka risiko for tryggleiken, og for å få eit betre bilete av kostnader ved eventuelt å forby bruk av ståplassar ved skulebarntransport i grunnskulen.

Ib Thomsen (FrP) [12:29:24]: Jeg vil takke for svaret, og jeg kunne lese mellom linjene at det var et positivt svar. Det er riktig som statsråden sier, at Fremskrittspartiet og Venstre tidligere har tatt opp denne saken i Stortinget og ikke fått det store gjennomslaget. Men det er en problemstilling vi får presentert ukentlig fra foreldre som er bekymret for sine barn, og da må jo statsråden være enig i at vi alle må ta et ansvar – fylkeskommunen, Stortinget og ikke minst statsråden – for å kunne unngå ulykker i framtiden.

Det er foreslått noen steder at det skal brukes bilbelter i buss. Kan statsråden si noe om det også i forhold til sikkerheten i buss?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:30:16]: Det er alt slik at i ein del bussar er det påbod om bilbelte i dag. Eg har sjølv vore busspassasjer og har vorte mint på å feste sikringsselen. Samtidig er det ikkje forbod mot å ha ståplassar i bussar i dag, og det vil få svære konsekvensar dersom Stortinget ynskjer at ein skal gå i den retninga at ein skal forby ståplassar i buss.

Men tryggleiken er viktig, og alt heng saman med alt. Kanskje noko av det viktigaste me kan gjere, er å gje fylkeskommunane så gode økonomiske rammer at dei kan prioritere dette opp. Me veit at tronge økonomiske rammer pressar fylkeskommunane i deira avtalar med transportselskapa. Difor vil eg minne representanten om at alt heng saman med alt, og kutt i frie midlar til kommunesektoren heng dårleg saman med ynsket om at ein skal satse betre på trafikktryggleik for skuleelevar.

Ib Thomsen (FrP) [12:31:15]: Det å gamble og sette barna våre opp mot budsjettpenger synes jeg er dramatisk. Jeg skjønner foreldrene når de er bekymret. Jeg skjønner skolebarna når de er redde for bussturen sin.

For noen uker siden skjedde det en skolebussulykke i Kristiansand. Det var kun 35 elever i skolebussen, og fem ble skadet. Hadde bussen vært full, hadde det vært fullt på ståplassene av folk som stod, hadde vi nok fått et helt annet antall skadede. Kan vi måle dette opp mot penger?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:32:00]: Eit liv, anten det er eit barn eller ein vaksen, kan aldri målast opp mot pengar. Samtidig veit ikkje minst dei som sit i denne salen, at dei rammene som ein gjev her i Stortinget til ulike område, vil vise seg att i kva gode tilbod ein kan gje innbyggjarane. Difor har denne regjeringa satsa på kommuneøkonomien nettopp for at me skal både få betre skular og få sikra skulevegane betre. Eg høyrde seinast ordføraren i Sogndal som sa at med budsjettet til denne regjeringa satsa kommunen 2,5 mill. kr meir på vegar. Dersom alle kommunane gjer det, har me 1 milliard kr meir til å sikre både skulevegar og anna. At fylkeskommunane fekk trongare rammer frå den førre regjeringa, og at Framstegspartiet vil kutte i rammene for dei frie midlane til fylkeskommunane og kommunane, vil klart få betydning for bl.a. høvet kommunane og fylkeskommunane har til å sikre elevane ein trygg skuleveg.

: