Stortinget - Møte onsdag den 22. november 2006 kl. 10
President: Carl I. Hagen
Spørsmål 10
Øyvind Halleraker (H) [12:21:15]: Jeg har et spørsmål til samferdselsministeren:
«Undertegnede er kjent med at Vegdirektoratet vurderer en forskriftsendring om krav til 3 mm mønsterdybde på tyngre kjøretøy i vintersesongen mot dagens én, for å kunne foreta kontroll i større utstrekning enn man kan med hjemmel i f.eks. aktsomhetsbestemmelsen i vegtrafikkloven og bruksforskriften.
Har statsråden hjemmel til å fravike 3 måneders høring for å sikre omgående hjemmel, om nødvendig av midlertidig karakter, for krav om 3 mm når det åpenbart er påkrevd ut fra nasjonale behov?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:21:55]: Eg er oppteken av at tunge køyretøy – norske så vel som utanlandske – skal vere tilstrekkeleg skodde for å køyre på norske vintervegar. Ei rekkje ulike tiltak, m.a. omfattande kontroll- og informasjonsverksemd, vert nytta for å sikre at køyretøy fyller krava i det norske regelverket.
Som opplyst i budsjettproposisjonen for 2007, kan eitt aktuelt nytt tiltak vere å innføre krav om at dekk på tunge køyretøy skal ha ei mønsterdjupn på minst 3 mm i vinterhalvåret.
Vegvesenet skal no gjere ei vurdering av ulike konsekvensar av eit slikt krav. Dersom Vegvesenet konkluderer med at eit krav til 3 mm mønsterdjupn bør innførast, vil eg ta stilling til behovet for alminneleg høyring nasjonalt og i EØS-området, og kva fristar ei eventuell slik høyring skal ha. Det er i dag heimel for i særlege høve å setje høyringsfristen nasjonalt kortare enn tre månader, og det vil verte vurdert.
Øyvind Halleraker (H) [12:22:53]: Jeg takker for svaret. Mange er bekymret for de stadige utforkjøringene og ulykkene med tunge kjøretøy på norske vinterveger, og det bekymrer selvsagt også oss som samferdselspolitikere. Mener statsråden at det regelverket som gjelder for tunge kjøretøy i dag, er tilfredsstillende for norske forhold?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:23:19]: Det er ingen tvil om at me spesielt i oppstarten av vintersesongen, men også utover vinteren, har altfor mange hendingar med tunge køyretøy, grunna i at dei er for dårleg skodde. Det gjeld ikkje berre utanlandske køyretøy – det er viktig for meg å understreke at dei statistikkane me har, viser at ein stor del av desse køyretøya er norske. Men ut frå delen utanlandske køyretøy er det klart at det er ein høg prosentdel av desse igjen som er for dårleg skodde. Det er sjølvsagt det som er bakgrunnen for at me vurderer ei mengd ulike tiltak. Me har styrkt kontrollverksemda, og me konsentrerer kontrollane betre. I det heile har me ei jamleg vurdering av tiltak, og dette er eit av dei tiltaka som me no skal vurdere. Ein skal ikkje bruke veldig lang tid på det, så eg håpar at me skal få denne saka avgjord rimeleg kjapt.
Øyvind Halleraker (H) [12:24:22]: Da har jeg ikke flere oppfølgingsspørsmål. Jeg oppfatter svaret som positivt, og at statsråden er villig til å rydde opp i dette.