Stortinget - Møte onsdag den 8. november 2006 kl. 10
President: Carl I. Hagen
Spørsmål 10
Dagfinn Sundsbø (Sp) [12:53:47]: «Styret i Oslo Lufthavn AS har vedtatt å bygge nytt parkeringshus som gir stor økning i parkeringskapasiteten for privatbiler på Gardermoen.
Er det i denne sammenheng gjort vurderinger av konsekvensene for kollektivtrafikken til flyplassen, som år for år har fått redusert sin andel av passasjertrafikken?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:54:17]: Departementet har som målsetjing å styrkje kollektivtransporten som verkemiddel for å oppnå god framkomst og betre miljø. Det er Regjeringa sin politikk.
Oslo Lufthamn AS, som er eit heileigd dotterselskap av Avinor AS, er ansvarleg for å leggje til rette for parkeringsområde på flyplassen. Eg meiner det er naudsynt med funksjonelle parkeringstilhøve på flyplassen. Eg tek difor ikkje sikte på å gripe inn i selskapet si utbygging av parkeringskapasitet på det noverande tidspunktet. Men eg vil presisere for Avinor det ansvaret selskapet har for å sikre at ein høg kollektivdel vert halden oppe. Dette vil òg tydeleg verte presisert i eigarmeldinga om verksemda til Avinor, som Regjeringa tek sikte på å presentere for Stortinget om kort tid.
Eg vil nytte høvet til å peike på at dei rikspolitiske retningslinjene, vedtekne i samband med planlegginga av ny hovudflyplass, la til grunn ei målsetjing om ein kollektivdel på 50 pst. Målsetjinga er stadfesta i St.prp. nr. 90 for 1991-1992, Utbygging og finansiering av hovudflyplass for Oslo-området på Gardermoen med tilhøyrande tilbringarsystem og konsekvensar for Forsvaret. Her går det fram at det bør vere realistisk å nå målet om ein kollektivdel på 50 pst. Det vil seie at vi ved dagens kollektivdel på 59 pst. framleis er godt over målet.
Kva gjeld kollektivdelen ved lufthamnene i dei andre nordiske hovudstadene, kan det seiast at Arlanda i 2005 hadde ein kollektivdel på 43 pst., medan Kastrup har ein svært høg kollektivdel. Nesten tre gonger så mange passasjerar tek tog i forhold til dei som nyttar privatbil.
Eg vil til slutt vise til Regjeringa sine generelle tiltak for å auke kollektivtrafikken sin del av persontransporten, og igjen streke under at det er ei målsetjing for Regjeringa å halde oppe og utvide kollektivdelen ved transport til hovudflyplassen vår.
Dagfinn Sundsbø (Sp) [12:56:32]: Jeg er glad for at statsråden sier at hun vil presisere overfor Avinor at målsettingen om en høy kollektivandel skal holdes oppe. Jeg er også klar over at vi fortsatt er over de 50 pst. som er satt som forutsetning fra Stortinget. Men så er jeg nervøs, fordi denne kollektivandelen er synkende i stedet for stigende i en situasjon hvor vi har så sterkt fokus på å få overgang fra vei til tog, ikke minst i Oslo-regionen.
Jeg har registrert at ledelsen i OSL sier noe slikt som at markedet bestemmer, og at det fra flyplassens side er helt uaktuelt å nedprioritere tilgjengelighet og parkeringsmuligheter for biler, for på den måten å tvinge flere til å velge kollektivtransport til hovedflyplassen. Mitt problem er at vi også vet at veisystemet i Akershus, veisystemet mot Gardermoen, er presset. OSLs målsettinger bør ikke bli satt over ambisjonene om høy kollektivandel generelt.
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:57:42]: Eg deler representanten Sundsbø si uro over at fleire og fleire køyrer bil til flyplassen. Det er ikkje ynskjeleg, verken ut frå den generelle tilstanden på vegnettet eller ut frå den store trafikken i området. Det er sjølvsagt heller ikkje ynskjeleg ut frå miljøsynspunkt og mange andre moment. Difor vil eg på grunnlag av bl.a. dette spørsmålet ta opp med Avinor den plikta dei har til å sjå arbeidet sitt som ein del av det samfunnet dei sjølve er ein del av. Flyplassen – OSL og sameleis Avinor, som er morselskapet – har sjølvsagt eit ansvar ikkje berre for å la marknaden styre, men òg for å ta politiske signal. Og for den regjeringa som no styrer, er det politiske signalet tydeleg: Me ynskjer ei satsing på kollektivtrafikk.
Dagfinn Sundsbø (Sp) [12:58:44]: Jeg takker for svaret. Det viser at Regjeringen vil følge opp dette med utviklingen av persontransporten til Gardermoen og satse kollektivt. Det var det som var utgangspunktet for spørreren, så jeg takker for svaret.