Stortinget - Møte onsdag 25. oktober 2006 kl. 10
President: Thorbjørn Jagland
Spørsmål 17
Presidenten: Dette spørsmålet, frå representanten André Oktay Dahl til justisministeren, vil bli svara på av fornyings- og administrasjonsministeren som rette vedkomande.
André Oktay Dahl (H) [13:57:18]: Jeg er glad for at vi har gode personvernrutiner på Stortinget etter den langspurten som jeg hadde for å komme bort hit når det gjelder lagring av videoovervåking.
«Stortinget skal om kort tid ta stilling til EFC-direktivet (2004/52/EF). Datatilsynet etterlyser i brev av 10. oktober til Samferdselsdepartementet en helhetlig gjennomgang av hvilke personvernmessige konsekvenser direktivet får for den enkelte. Datatilsynets brev og den etterfølgende debatt aktualiserer en mer prinsipiell tilnærming til personvernspørsmål generelt.
Vil Regjeringen komme tilbake til Stortinget med en stortingsmelding om personvern, slik at vi får en overordnet drøftelse av dette temaet?»
Statsråd Heidi Grande Røys [13:58:02]: Eg er glad for spørsmålet.
Å ta vare på personvernet for den einskilde er ei viktig utfordring på dei fleste samfunnsområda, og det er òg ei utfordring innanfor transportsektoren.
Når det gjeld den konkrete handsaminga av EFC-direktivet, vil eg vise til spørsmål nr. 10, til min kollega Liv Signe Navarsete, som ho svara på i dag. Som det går fram av hennar svar, vil samtykkeproposisjonen gi ein omtale av dei relevante personvernspørsmåla. Datatilsynet er sjølvsagt ein sentral bidragsytar i utarbeidinga av den samtykkeproposisjonen.
Eg er svært einig med representanten Oktay Dahl i at det er viktig med ei overordna drøfting av dei utfordringane vi står overfor på personvernområdet. Denne oppfatninga deler eg og Regjeringa med både Datatilsynet og Personvernnemnda, og vi har konkrete drøftingar med kollegaer i både Justisdepartementet og Samferdselsdepartementet. Men eg synest det er for tidleg å konkludere med at vi skal ha ei eiga melding om saka, som det einaste alternativet.
Eg vil gjerne fortelje representanten Oktay Dahl at vi på ulike måtar skal drøfte personvernspørsmåla i Stortinget i tida som kjem. For det fyrste skal eg leggje fram ei stortingsmelding om IT-politikk før jul. Ho kjem til å ha eit eige kapittel om personvern, med prinsipielle drøftingar der ein vil vege ulike omsyn opp mot einannan. Vonleg er meldinga så opa i forma at Stortinget tek utfordringa og diskuterer personvern, sjølv om det der er knytt spesielt til IT-sektoren.
Så har vi i Justisdepartementet no ein pågåande etterkontroll av personopplysningslova, der ein òg drøftar personvernspørsmål både prinsipielt og konkret i forhold til heilt konkrete forslag til lovendringar.
Så fremja eg så seint som førre fredag i statsråd årsmeldingane til Datatilsynet og Personvernnemnda, som jo òg er ei glimrande anledning for Stortinget til nettopp å ta den breie debatten om desse spørsmåla. Då vil eg gjerne utfordre Dahl til å nytte den sjansen, til å bruke dei anledningane som Stortinget no får. Dette er i alle fall to konkrete meldingar som kjem før jul. No har eg ikkje datofesta kva tid Justisdepartementet kjem med den lovreguleringa, men her er det mange moglegheiter, og så brukar vi dei fyrst. Så får vi sjå om det vil vere ytterlegare behov for å leggje fram eigne meldingar om spørsmålet.
André Oktay Dahl (H) [14:00:39]: Jeg takker for svaret, som jeg oppfatter som til dels positivt.
Jeg har også registrert, som statsråden påpeker, at Samferdselsdepartementet på sin side har tatt opp den dårlige dialogen som det har vært mellom Datatilsynet og Vegdirektoratet om implementering av direktivene som gjelder overvåking av trafikk. Da vil proposisjonen behandle i likhet med de andre tilfellene som statsråden tok opp, problemstillingen som handler om personvern.
Det er imidlertid som sagt mer enn én god grunn til å anta at dette ikke gjelder spesielt samferdselssektoren eller IT-sektoren. Regjeringen har da vegret seg, men jeg oppfatter statsråden som litt mer positiv nå. For kort tid siden behandlet vi ytringsfrihetsmeldingen i erkjennelsen av at internasjonaliseringen, åpne grenser og ny teknologi stiller oss overfor helt andre utfordringer. Karikaturdebatten viste vel at vi kanskje kunne gått enda dypere inn i det når vi først diskuterte det.
Jeg gjentar oppfordringen: Vil statsråden relativt raskt avklare hvorvidt hun, når man behandler de sakene som det vises til, vil ta initiativ til å fremlegge en stortingsmelding, slik at vi får det klart forankret her i Stortinget på et mer helhetlig nivå?
Statsråd Heidi Grande Røys [14:01:50]: Eg er heilt einig med representanten Dahl i at personvernspørsmåla er sektorovergripande – eg meiner at eg brukte mitt svar til å seie meg 100 pst. einig med representanten Dahl i det. Man han sjølv viser jo til eit heilt konkret eksempel på samferdselsområdet, som jo vert handtert gjennom ei sak som kjem til Stortinget.
Så viser eg til at det har kome to saker, Personvernnemnda og Datatilsynet sine årsmeldingar, som allereie er presenterte for Stortinget. Dei gir oss eit grunnlag for å ha ein sektorovergripande debatt i Stortinget om personvern, som eg absolutt oppfordrar Stortinget til å ta. I tillegg kjem det ein kan kalle ein sektordebatt, men samtidig grip IT inn med nye teknologiske løysingar på så mange område for oss som innbyggjarar. Så eg vil seie at det vert eit sektorovergripande kapittel, sjølv om det kjem i ei stortingsmelding om IT-politikk.
Så kjem vi kanskje til å følgje opp Dokument nr. 8-forslaget frå Venstre om personvernkommisjon. Eg synest det er svært spennande. Så her har vi alle moglegheiter til å forfølgje spørsmålet utan å leggje fram ei eiga stortingsmelding.
André Oktay Dahl (H) [14:03:06]: Det er sikkert mulig å gjøre veldig mye stykkevis og delt. Jeg oppfatter det slik at man fortsatt er innstilt på å gjøre det stykkevis og delt og overlater til mindretallet på Stortinget å sørge for å få en helhetlig debatt. Den utfordringen skal mindretallet på Stortinget ta, og jeg håper at Regjeringen i de separate debattene følger opp.
På hvilken måte vil statsråden prøve å koordinere de ulike sakene? Det er jo slik at statsrådens departement har et klart koordinerende ansvar. Det er en oppgave som jeg håper statsråden er seg bevisst. Dagens teknologi ville vært en drøm for enhver Stasi- eller Gestapo-agent, men man trenger ikke å gå til tidligere diktaturer for å finne ut om menneskers trang til å snuse og sjekke hverandre ut. Jeg oppfatter det som viktig at statsråden er opptatt av Internett, men det jeg etterlyser, er hvilket initiativ statsråden vil ta for å sørge for at det blir en helhetlig gjennomgang, uavhengig av om det blir i en stortingsmelding. Hvilke konkrete initiativ vil hun ta for å få en bredere debatt kanskje i Regjeringen og i samråd og dialog med Stortinget?
Statsråd Heidi Grande Røys [14:04:10]: Det vert litt merkeleg at representanten har bestemt seg på førehand for at den einaste måten vi kan ha ein debatt om personvern på, er ved at Regjeringa skal leggje fram ei eiga sak. No har eg gitt fleire ulike tilbod her. Eg legg fram ei sak. Justisministeren jobbar med ein eigen lovgjennomgang, og i tillegg har eg lagt fram Personvernnemnda og Datatilsynet sine årsmeldingar. Det er tre glimrande moglegheiter til nettopp å diskutere personvern i eit overordna og breitt perspektiv. Lat oss ta den sjansen fyrst, og dersom representanten Dahl framleis synest at vi ikkje har diskutert nok om personvern, ja vel, så får vi sjå om vi skal leggje fram ei eiga melding. Men eg vil verkeleg mildt oppfordre representanten Dahl til å nytte dei instrumenta vi har. Kanskje kan desse årsmeldingane gjerast betre, gjerast meir aktive, men kom med gode forslag og merknader til dei, så skal vi diskutere det. Men å ha bestemt seg på førehand for at ei eiga stortingsmelding om personvern er den einaste moglege måten å få ein debatt om dette på, vil eg seie er litt avgrensa i denne svært interessante diskusjonen.
Presidenten: Då har Stortinget behandla ferdig sak nr. 1 på dagsordenen.