Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag 25. oktober 2006 kl. 10

Dato:
President: Thorbjørn Jagland
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 10

Arne Sortevik (FrP) [12:17:45]: Spørsmålet er som følger:

«Inngått avtale med EU om satellittutstyr i nye biler fra 2009 gir sammen med EFC-direktivet mulighet for total overvåkning av alle kjøretøybevegelser. Dette er et sterkt personverninngripende tiltak. Ivaretakelsen av personvernet er overlatt til den enkelte medlemsstat. Datatilsynet har omfattende merknader til konsekvenser for personvernet av avtale og direktiv.

Hvordan vil statsråden sikre at Stortinget får god informasjon om og bred drøfting av personvernspørsmål vedrørende bruk av ny teknologi i veitrafikken?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:18:36]: EU-kommisjonen har inngått avtale med bilindustrien om at alle bilar frå 1. september 2009 skal ha utstyr som automatisk varslar ein alarmsentral om eit køyretøy har vore innblanda i ei ulukke. For å medverke i utviklinga av dette systemet og for å vurdere eventuelle verknader eit slikt system har i Noreg, har Samferdselsdepartementet underteikna eit såkalla «Memorandum of Understanding», MoU. Underteikninga inneber ikkje økonomiske eller andre forpliktingar, og i samband med ei framtidig avgjerd om å innføre eit slikt system i Noreg vil sjølvsagt òg omsyn til personvern verte grundig vurdert, i tillegg til omsyn til trafikktryggleik og økonomi.

EFC-direktivet fastset dei nødvendige rammevilkåra for å sikre utbreiing av og innbyrdes kompatibilitet mellom elektroniske betalingssystem på veg over heile EØS-, EFTA- og EU-området. Kort sagt skal tenesta sikre at systema skal kunne «snakke saman». Sentralt i tenesta er eit mål om at trafikantar skal kunne nytte same elektroniske betalingsbrikke i alle betalingsstasjonar. Direktivet omfattar både system baserte på mikrobølgjeteknologi og system baserte på satellitt- og mobilteknologi. Med enkelte unnatak skal tenesta gjelde for heile vegnettet.

Direktivet er eit rammedirektiv. Det konkrete innhaldet i direktivet skal utviklast gjennom eit særskilt regelverksarbeid under leiing av EU-kommisjonen. Noreg deltek aktivt i dette arbeidet. Regelverket vil verte vedteke som eigne rettsakter gjennom kommisjonsvedtak. Desse rettsaktene vil på vanleg måte måtte verte vurderte med sikte på eventuell innleming i EØS-avtalen.

Direktivet vart etter vedtak i møte i EØS-komiteen 7. juli 2006 innlema i EØS-avtalen, med atterhald om Stortinget sitt samtykke. Ein samtykkeproposisjon vil verte lagd fram for Stortinget i haustsesjonen.

Eg vil understreke at eg legg til grunn at Stortinget i samtykkeproposisjonen vert gjeve ein tilfredsstillande omtale av relevante personvernspørsmål. Med utgangspunkt i at direktivet omhandlar rammer for framtidige system for betalingsinnkrevjing på veg, er dette både naturleg og viktig. Omfanget og innretninga av denne omtalen vert no vurdert av Samferdselsdepartementet i samråd med Justisdepartementet og Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

Fornyingsministeren vil i sitt svar på spørsmål 17, frå stortingsrepresentant André Oktay Dahl, kome nærare inn på korleis Regjeringa meir generelt vil handtere personvernutfordringar framover.

Arne Sortevik (FrP) [12:21:28]: Jeg takker for svaret.

Statsråden bekrefter nå at det som er knyttet til personvern og inngrep mot personvern når ny teknologi tas i bruk innenfor veitrafikken, vil bli behandlet stykkevis og delt. Jeg forstår det slik at det er Regjeringens politikk, at man altså er lite opptatt av at man stykkevis og delt utvanner personvernet.

Har Regjeringen ingen mening om personvern – i en tid da muligheten til overvåkning og kontroll er sterkt økende og bruk av ny teknologi i flere atskilte deler samlet sett innebærer et angrep på og en reduksjon av nettopp personvernet?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:22:27]: Regjeringa er oppteken av personvern og personvernspørsmål. Blant anna er det derfor at eg etter eit tidlegare spørsmål, der eg sa at eg ville ta opp Vegdirektoratet sin dialog med Datatilsynet for å sikre ein god dialog og ei rett og god sakshandsaming, i etterkant har fått eit system på det som fungerer godt. Og det er særdeles viktig.

I forholdet til Stortinget har ikkje Regjeringa konkludert med omsyn til om ein eventuelt på eit seinare tidspunkt skal leggje fram ei melding. Det ligg ikkje til samferdselsministeren. Samferdselsministeren har sjølvsagt ansvaret for dei spørsmåla som ligg til samferdsla spesielt, men det er justisministeren og fornyings- og administrasjonsministeren som sit med andre viktige spørsmål kopla til den totale problematikken kring personvern. Så det må eg få be om at ein kjem tilbake til på eit seinare tidspunkt, og då frå dei statsrådane som er rette vedkomande.

Arne Sortevik (FrP) [12:23:35]: Innenfor veisektoren trodde jeg at statsråden, samferdselsministeren, var rette vedkommende når det gjelder å vurdere de teknologiske endringer som etappevis gjennomføres innenfor veitrafikken, og som stykkevis og delt angriper personvernet. Jeg er kjent med svaret som er gitt på et skriflig spørsmål fra en annen representant tidligere. Jeg er også kjent med brevet som ble sendt til Samferdselsdepartementet fra Datatilsynet så sent som 10. oktober, og som er ganske omfattende. Det går jeg ut fra at statsråden også er kjent med. Jeg skal kort sitere fra brevet:

«Med mindre det også vedtas begrensninger i overvåkingsmulighetene, vil implementeringen innebære et av de mest personverninngripende tiltak som er plassert på den politiske dagsorden de 26 år Datatilsynet har eksistert.»

Bare det burde jo være grunn nok til at samferdselsstatsråden, som ansvarlig for det departementet som anbefaler innføring av nye teknologitiltak innenfor veitrafikken, også kommer til Stortinget med en melding om personvernet knyttet til teknologibruk og personvern innenfor samferdselssektoren.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:24:53]: For det fyrste kjem samtykkeproposisjonen til å ta opp desse problemstillingane på ein grundig måte. For det andre omfattar personvernspørsmål eit langt breiare felt enn berre samferdsle. Det er derfor eg vil ha ein diskusjon innad i Regjeringa om korleis ein på brei basis skal diskutere personvernspørsmål, og korleis ein skal ha den diskusjonen i Stortinget, i kva form dette skal kome til Stortinget. Samferdsle er ein viktig bit av dette, men det er òg andre viktige bitar, slik òg Datatilsynet påpeikar i andre samanhengar, som i så fall bør lyftast fram for å få ein brei og god diskusjon om dette temaet.

: