Stortinget - Møte onsdag den 11. oktober 2006 kl. 10
President: Thorbjørn Jagland
Spørsmål 9
Torbjørn Andersen (FrP) [12:12:00]: Vi befinner oss fortsatt på de sørlandske veier. Jeg har følgende spørsmål til samferdselsministeren:
«E18 mellom Harebakken og Rannekleiv i Arendal er planlagt utbygget til en to- og trefelts motorvei i første omgang, for så senere å utvides til en firefeltsvei når den økte bevilgningen kommer på plass. Hele strekningen mellom Arendal og Grimstad vil dermed kunne bli liggende som en to- og trefeltsvei, mens strekningen mellom Grimstad og Kristiansand nå bygges ut som en sammenhengende firefeltsvei.
Hva vil statsråden gjøre for at E18 i Agder blir bygget ut som firefeltsvei når nye strekninger skal utbedres?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:12:55]: Med utgangspunkt i politiske føringar og økonomiske rammer som er gitte gjennom Nasjonal transportplan for 2006–2015 og i påfølgjande handlingsprogram for stamvegnettet, vert E18 mellom Harebakken og Rannekleiv trafikktryggleiksmessig oppgradert i løpet av 2008.
I 2006 vart fyrste del av strekninga mellom Stoa og Rannekleiv opprusta med midtrekkverk og forbikøyringsfelt. Midtrekkverk mellom Harebakken og Stoa er planlagt i 2007–2008. Desse tiltaka vil betre trafikktryggleiken og framkomsten på strekninga. Det vert òg etablert midtdelar på strekninga mellom Grimstad og Kristiansand som del av det pågåande OPS-prosjektet.
I Aust-Agder er det dei seinare åra gjort vesentlege utbetringar av E18 mellom Telemark grense og Risør, med ny to- og trefeltsveg og midtrekkverk på delar av strekninga. Ut frå trafikkmengda på strekninga som i dag ligg på ca. 5 500 ÅDT, er standarden rekna for å vere tilfredsstillande i mange år framover.
Vidare utbygging av E18 mellom Risør og Arendal er ikkje prioritert i Nasjonal transportplan for perioden 2006–2015. Strekninga vert vurdert ved revisjonen av Nasjonal transportplan for perioden 2010–2019. Dersom utbygging av strekninga vert prioritert, vil planlegginga ta utgangspunkt i gjeldande stamvegnormalar. I dag tilseier desse at det skal byggjast firefeltsveg når årsdøgntrafikken er rekna å vere over 10 000 køyretøy 20 år etter trafikkopning. Dersom strekninga mellom Risør og Arendal vert prioritert i Nasjonal transportplan 2010–2019, vert standardval gjort gjennom ein ordinær planprosess, som m.a. legg til grunn trafikktal og prognosar for strekninga.
Regjeringa har vedteke at større byggjeprosjekt skal underleggjast kvalitetssikring i ein tidleg fase, såkalla KS 1. E18 gjennom heile Telemark og fram til Grimstad vert gjenstand for ei slik konseptvurdering.
Torbjørn Andersen (FrP) [12:15:04]: Jeg takker statsråden for svaret. Som statsråden er kjent med, har E18 på Sørlandet vært den viktigste kampsaken på de kanter av landet i mange, mange år nå. Det har vært oppnådd positive resultater, men det gjenstår fremdeles mye før vi kan si at stamveien på Sørlandet har tilfredsstillende standard.
Jeg vil si at det er en lite tilfredsstillende løsning å bygge to- og trefeltsveier når vi vet at det ikke er det som er framtidens vei på Sørlandet. Når det gjelder nye utbygginger av E18 på Sørlandet, er det vel slik at statsråden mener at det ville være en fordel om dette ble bygd som firefelts sammenhengende vei, og at vi ikke får denne klattvise utbyggingen av to- og trefeltsveier som vi nå får, som gjør det vanskelig å få en fullgod firefelts sammenhengende vei gjennom Agder-fylkene.
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:16:18]: For statsråden og for Regjeringa er det viktig at me har eit system som sikrar likebehandling i alle delar av landet. Då må me ha eit system med standardar som er knytte til trafikktal. Det er det som er lagt til grunn òg ved dei planane som no ligg for E18 på Sørlandet. Dei tala tilseier ikkje firefeltsveg på heile E18.
Det er lett å fylgje representanten og seie at akkurat her skulle me ha gjort det. Men så kjem det ti, og kanskje tjue og tretti andre representantar frå andre delar av landet som har sin veg som dei òg gjerne skulle hatt ein betre standard på enn trafikktalet tilseier.
I NTP vil me leggje fram dei nye normene og standardane som skal gjelde for vegnettet. Då får Stortinget seie sitt om det. Men for meg handlar dette òg om likebehandling i heile landet. Det må vi òg ha på E18.
Torbjørn Andersen (FrP) [12:17:26]: Hovedproblemet til denne regjeringen er at det bevilges for lite penger til veiformål over statsbudsjettet. Regjeringen har alle muligheter til å øke budsjettet for vei i Norge. Det er ikke slik lenger at Norge er et fattig land som har problemer med å øke bevilgningene til bygging av flere nye og mer trafikksikre veier.
Representanten før meg viste til et oppslag som tallfestet hvor mange trafikkulykker det har vært nettopp først og fremst på stamveinettet på Sørlandet. Jeg har selv opplevd å få trafikkulykker nært innpå meg og sett konsekvensene av dem. Bedre veier, og da snakker jeg om firefeltsveier, er det som vil bidra mest til å spare liv.
Jeg håper statsråden kan komme fram til den konklusjon at all stamveibygging på Sørlandet for framtiden skal skje etter firefeltsstandard.
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:18:41]: Når representanten hevdar at det blir løyvt for lite pengar, må eg med respekt å melde seie at me nettopp har lagt fram eit budsjett der me aukar ramma for samferdsle med 2 milliardar kr utover det som den førre regjeringa la til grunn. Det var ei regjering som Framstegspartiet aktivt støtta og hadde aktive budsjettforlik med. Det er ikkje slik at desse behova har kome opp dei siste åra, dei har vore der veldig lenge. Noreg var heller ikkje eit fattig land då budsjetta vart snekra saman i førre periode.
Når det gjeld firefeltsveg eller ikkje, har eg ansvaret for det. Me har standardar me held oss til. Me skal i gang med ein ny NTP, og den diskusjonen som representanten tek opp, vil heilt sikkert også kome att i diskusjonen om denne.
Presidenten: Neste spørsmål minner oss om at det går mot jul.