Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 24. mai 2006 kl. 10

Dato:
President: Carl I. Hagen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 6

Bård Hoksrud (FrP) [12:08:41]: Først vil jeg gjerne få lov til å gjøre oppmerksom på en feil. Det står i spørsmålet at det er undertegnede som har vært og vist bilen syv ganger. Det er ikke riktig. Det er en bilforhandler som måtte vise bilen syv ganger på trafikkstasjonen.

Jeg tillater meg da å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren – i rettet versjon:

«En bilforhandler måtte vise bilen syv ganger på trafikkstasjonen. Dette er bare ett eksempel i tillegg til rekken av andre oppslag som vitner om at trafikkstasjoner og Statens vegvesen arbeider med et forskrifts- og regelverk som er umulig å forstå. Mange som skal registrere biler opplever store problemer med å få gjort dette på en enkel og effektiv måte.

Skyldes dette et stivbent og uklart regelverk, er statsråden tilfreds med situasjonen, og hva vil bli gjort for å forenkle og effektivisere rutinene på trafikkstasjonen?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:09:37]: Regelverket for godkjenning og registrering av køyretøy er komplisert, særleg på grunn av internasjonal harmonisering og internasjonale bindingar. Godkjenninga skal sikre at krava til trafikktryggleik og miljø er oppfylte, men òg at rette avgifter vert fastsette.

Statens vegvesen ynskjer sjølvsagt å dekkje kunden sitt behov så langt det lèt seg gjere innanfor omsyna til tryggleik, lik handsaming og sporbarheit i forvaltninga. Det vert kontinuerleg arbeidd med å effektivisere og forenkle rutinane for dei kurante godkjenningane og registreringane. Som døme på dette nemner eg at bilforhandlarane no sjølve kan registrere typegodkjende bilar, utan kontroll på trafikkstasjonen. Dei kan òg registrere alle køyretøy som er godkjende på førehand, og føreta omregistreringar.

Dei fleste køyretøya som skal registrerast i Noreg, har europeisk typegodkjenning. Det vil seie at dei i utgangspunktet òg er godkjende for registrering i Noreg, og at ei eventuell framvising for kontroll berre er for å få fastsett identitet og for å få fastsett rette tekniske data som grunnlag for rett avgiftsklassifisering.

For bruktimporterte køyretøy, og for einskilde køyretøy som er importerte utan europeisk typegodkjenning, kan behovet for kontroll vere meir omfattande. Det er likevel berre i spesielle tilfelle at eit køyretøy må visast fleire gonger for å verte godkjent. Dei aller fleste vert godkjende ved ei enkelt framvising for kontroll. At forhandlaren sitt køyretøy er vist sju gonger, må seiast å vere eit heilt unormalt tilfelle. Utan meir kjennskap til det konkrete tilfellet kan eg sjølvsagt ikkje kommentere det konkret nærare.

Statens vegvesen vurderer ytterlegare spesialisering av godkjenningstenesta for køyretøy som krev særskild kompetanse og/eller har låge volum. Dette gjeld ombyggingar, oppbyggingar, hobbyprosjekt mv., som i mange tilfelle er svært kompliserte og såleis òg krev lengre sakshandsamingstid.

Statens vegvesen har i det siste hatt kapasitetsproblem enkelte stader. Eg er orientert om at Statens vegvesen har sett i verk tiltak for å utbetre dette. Regjeringa har vidare gjort framlegg om ei tilleggsløyving på 5 mill. kr i revidert nasjonalbudsjett til utvida opningstid i 2007 for å få redusert ventetida.

Bård Hoksrud (FrP) [12:12:01]: Jeg takker statsråden for svaret.

Jeg har bare lyst til å komme med et eksempel på hvordan dette er: Vegdirektoratet har jo gitt klar beskjed til trafikkstasjonene om at de skal behandle like biler likt. Da er det ganske interessant å se at når man skal registrere en gassbil på to forskjellige trafikkstasjoner, så holder det å levere inn ett skjema på den ene trafikkstasjonen, mens man på en annen trafikkstasjon bare noen få mil bortenfor må levere inn en hel haug med skjemaer for godkjenning av akkurat den samme biltypen. Det virker noe merkelig at man faktisk er avhengig av hvordan det enkelte biltilsyn og den enkelte trafikkstasjon håndterer ting.

Ser statsråden at dette er forhold man bør rydde opp i, slik at det blir likhet over hele landet når man skal forholde seg til det regelverket som foreligger for denne type biler?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:12:51]: Det har i den seinare tida m.a. vore sterkt fokusert på lik handsaming og kvalitet i samband med godkjenning av køyretøy. Det er sjølvsagt slik at brukarane skal forvente at dei får lik handsaming, uavhengig av kvar dei vender seg.

Det som er teke opp her som døme, vonar eg sjølvsagt ikkje er utbreitt. Eg skal likevel ta med meg saka over til Vegdirektoratet og be dei sikre – ved å sende tydelege signal til trafikkstasjonane, men òg sjølvsagt gjennom ytterlegare fokusering på opplæring – at ein får ein lik praksis ved alle trafikkstasjonane.

Me er òg i gang med utvikling av eit nytt system, det såkalla Au2sys. Innanfor det er det ei målsetjing å få så mykje som mogleg av regelverket inn i eitt system, slik at ein kan få eit datasystem som vil gjere det enklare å sikre ei likebehandling, noko som vi alle sjølvsagt ynskjer.

Bård Hoksrud (FrP) [12:13:58]: Jeg takker også for dette svaret, og ser fram til at det forhåpentligvis skjer noe på dette området.

Mange opplever også nå at mangellappen går ut fordi man må vente på vegstasjonen og ikke får time. Vil statsråden se hva hun kan gjøre for å kunne hjelpe også i den situasjonen, og sørge for at ikke det fortsetter å være slik?

I tillegg er sikkert også statsråden kjent med at man nå har en ordning ved trafikkstasjonene og ved biltilsynet som er slik at når man skal kontrollere en bil, så må en kontrollør kontrollere at kontrolløren har kontrollert bilen korrekt. Dette er jo en helt uholdbar situasjon i forhold til tillit til de ansatte som er satt til å gjøre denne jobben. Hva vil statsråden gjøre for å rette opp denne meningsløse ordningen, hvor man altså kontrollerer en annen kontrollør, at denne faktisk har gjort jobben korrekt? Det er jo tydelig at det er et problem når det gjelder regelverket.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:14:54]: Statens vegvesen gjennomførte under den førre regjeringa endringar for å tilpasse strukturen til nye kostnadsrammer og òg for å tilpasse innføring av ny teknologi. Det har vist seg at brukarane ikkje nyttar Internett i den grad ein kanskje tenkte seg då ein gjorde dei endringane. Det har i tillegg til andre element m.a. ført til lengre køar og ventetider som er heilt uakseptable, spesielt i det sentrale austlandsområdet.

Eg har bedt Vegdirektoratet om å påleggje regionane straks å setje i verk tiltak for å betre tenestetilbodet og redusere ventetidene ved trafikkstasjonane. Konkret skal kontrollar utan timebestilling gjerast meir vanlege – såkalla «drop in» – og meir tilgjengelege, og òg slik at me får høgare grad av fleksibilitet og effektivitet med omsyn til å ekspedere enkle oppgåver der volumet er stort. Det er kanskje i samband med dei enkle oppgåvene at folk opplever å måtte vente lenge. Med denne bakgrunnen gav me ei løyving på 5 mill. kr i revidert nasjonalbudsjett, slik at me kunne få auka omfanget av dette arbeidet.

: