Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 10. mai 2006 kl. 10

Dato:
President: Carl I. Hagen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 11

Arne Sortevik (FrP) [12:38:18]: Mitt spørsmål til samferdselsministeren er følgende:

«Bilistene betalte i 2005 over 4,1 mrd. kr i bompenger, en økning på ca. 300 mill. kr fra året før. En betydelig del av bompengene brukes til betaling av finansierings- og innkrevingskostnader og ikke til betaling for bruk av anleggene. Bompengefinansiering er nå blitt en betydelig finansieringskilde i den samlede finansiering av offentlig veinett i Norge. Det vil derfor være naturlig at staten legger til rette for at slike kostnader blir lavest mulig.

Hva vil statsråden gjøre for å redusere slike kostnader?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:39:08]: Den årlege kostnaden til drift av bompengeselskapa består av innkrevjingskostnader, kostnader til drift av bomstasjonane, inkludert bompengeselskapa sine interne kostnader, som då er administrasjonskostnader. Det er til dels store forskjellar i bompengeselskapa sine driftskostnader. Det har si årsak i bompengeselskapa sjølve, men også i karakteristika ved dei ulike prosjekta, m.a. organisering og trafikkmengd.

I tillegg til innkrevjingskostnadene pådreg bompengeselskapa seg rentekostnader knytte til nedbetaling av låna som prosjekta er finansierte med. Dette er ei følgje av at bompengeinnkrevjinga startar etter at veganlegget er ferdig bygt. Lånefinansiering er altså ei naturleg følgje av etterskotsinnkrevjing av bompengar. Med forskotsinnkrevjing, det vil seie innkrevjing av bompengar fram til ein har nok midlar til å fullføre veganlegget, ville ein unngått rentekostnadene. Men ei slik løysing ville ha redusert koplinga mellom nytte og betaling, eit prinsipp som norsk bompengefinansiering i stor grad er basert på.

Eg er oppteken av at kostnadene ved bompengefinansiering skal reduserast. Det er ifølgje Vegdirektoratet eit betydeleg potensial for reduksjon av kostnadene. For at dette skal bli mogleg, er det viktig at dei prosjekta som blir valde for bompengefinansiering, er eigna for ei slik finansieringsform. Mellom anna vil låg trafikk i eit prosjekt med dagens innkrevjingsmetode føre til at ein høgare del av bompengane går med til innkrevjing enn det som er tilfellet i prosjekt med høgt trafikknivå. Vidare er det viktig at det vert fokusert på låge innkrevjingskostnader under planlegging av prosjektet, slik at dei mest kostnadseffektive løysingane vert valde. Moderne teknologi kan vere eit viktig hjelpemiddel for å oppnå låge kostnader, men det må vere ein føresetnad at dei teknologiske moglegheitene vert utnytta på den mest hensiktsmessige måten. Ynsket om å tilgodesjå einskilde grupper og kome ulike lokale ynske til møtes fører i mange tilfelle til at innkrevjingskostnadene vert høgare enn dei elles ville ha vore.

Samferdselsdepartementet har tidlegare varsla at departementet i 2006 vil vurdere organiseringa av bompengeselskapa og eventuelt kome tilbake til Stortinget med saka. Eg ventar no på eit forslag frå Vegdirektoratet om dette. Eg vil i den samanhengen understreke at me uansett må ha ei ordning som sikrar ei lokalpolitisk forankring for alle bompengeprosjekt òg i framtida.

Arne Sortevik (FrP) [12:41:35]: Jeg takker for svaret. Jeg håper at det kommer en tilbakemelding til Stortinget om organisering av og kontroll og tilsyn med bompengeselskapene, og at det også etter hvert blir klare forskrifter for hvordan bompengefinansierte prosjekter skal gjennomføres.

Fra denne regjeringen er det jo lite som tyder på at omfanget av bompengefinansieringen vil avta. Det som er viktig etter Fremskrittspartiets syn, er at man ser på den store merkostnaden ved dette, nemlig finansieringskostnadene som ligger på bompengeselskapene. Etter vårt syn ville det være rimelig at når andre betaler regningen for staten for selve byggingen, så burde staten medvirke på en mer aktiv og tydelig måte for å få ned finansieringskostnadene, altså sørge for egne lån med særlig lav rente eller rett og slett i en oljepengefylt statskasse å sørge for lån til bompengefinansierte prosjekter uten renter.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:42:40]: Eg har registrert frå Framstegspartiet sitt landsmøte at med Framstegspartiet ved roret skal det brukast så store summar til samferdsel at eg er ikkje sikker på om eg greier å hugse så store tal, eg trur det var snakk om 100 milliardar. Eg trur Framstegpartiet i ein potensiell regjeringsposisjon kjem i ein situasjon der dei kanskje må prioritere midlane på ein litt annan måte. Det vert ikkje så lettvint.

Eg er einig med representanten Sortevik i at me skal sjå på finansieringskostnadene, og det gjer me. Her jobbar me òg saman med dei som lokalt har eit ansvar for dette. Me arbeider aktivt for å få ned desse kostnadene. Me gjer det ved hjelp av ny teknologi. Ved antenneinnkrevjing vil ein òg få ned innkrevjingskostnadene på ein veldig god måte.

Arne Sortevik (FrP) [12:43:46]: Jeg er selvfølgelig alltid interessert i statsrådens syn på Fremskrittspartiets politikk, men i konkrete spørsmål er jeg mer interessert i konkrete svar på hva denne regjering og denne statsråd vil gjøre.

Det er ofte slik at bompengefinansiering fremstilles som et spleiselag, der staten, den rike staten, deltar i spleisen. Da er det altså to forhold som er knyttet til rimelighet, foruten renten, som jeg var inne på i forrige oppfølgingsspørsmål. Det er forskjellen i andeler mellom staten og de andre som betaler. Et ferskt eksempel er fra Fredrikstad, Kråkerøybroen – saken er på vei til Stortinget – der 6 pst. er betaling fra staten og 94 pst. er betaling fra bompengebetalerne. Det er ofte også slik at staten bidrar med sin del sent i byggefasen, og det gjør at bompengeselskapene får ekstra finansieringsbehov og ekstra finansieringskostnader.

Vil statsråden se på dette og få en bedre balanse i de bompengefinansierte prosjektene?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:44:50]: Det er jo ikkje slik at me ikkje har retningsliner for bompengefinansiering – me har retningsliner for bompengefinansiering i dag. Det som har skjedd, er at Stortinget i mange saker har tøygd litt på retningslinene, slik at det lokalt kanskje er vanskelegare å sjå kva som eigentleg er den faste lina. Det er ein av grunnane til at eg har varsla ein gjennomgang av dette. Den er me i gang med, nettopp for at det skal vere enklare både for dei som vil ta initiativ til bompengeprosjekt, og for andre, slik at dei skal vete at me held oss til dei same reglane.

Når det kjem til finansieringskostnad, vil eg gå tilbake til det som er ein viktig basis for bompengeprosjekt: Det er lokale initiativ, det er lokale forhandlingar, det er lokale vedtak, og det er lokal finansiering – altså det er eit lokalt ansvar for å framforhandle den biten. Når det då eventuelt kjem ei sak om dette, får me ta diskusjonen om noko av dette skal endrast. Men pr. i dag er det det som ligg fast.

: