Stortinget - Møte onsdag den 10. mai 2006 kl. 10
President: Carl I. Hagen
Spørsmål 10
Presidenten: Dette spørsmålet, frå representanten Per Roar Bredvold til samferdselsministeren, blir teke opp av representanten Morten Ørsal Johansen.
Morten Ørsal Johansen (FrP) [12:32:46]: «Hedmark mangler 333 mill. kr bare for å ta igjen etterslepet på vedlikehold av veidekkene i Hedmark. Veiene er i dag i stor grad preget av dype hjulspor, hull og sprekker. Den verste er kanskje riksvei 3.
Hva vil statsråden bidra med for at etterslepet blir tatt, og at vi får en forbedring og dermed sikrere veier å kjøre på?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:33:11]: Det er rett, slik representanten Bredvold seier, at det er eit stort etterslep i vegvedlikehaldet i Noreg, både på riksvegar og på fylkesvegar. Etterslepet har bygt seg opp gjennom mange år, og det auka vesentleg på grunn av nedprioritering av vedlikehaldet i den fireårsperioden Framstegspartiet hadde vesentleg påverknad på statsbudsjettet. På tre budsjettforlik fekk Framstegspartiet auka vedlikehaldsposten – post 23 – med 1 mill. kr i statsbudsjettet for 2005, medan budsjettframlegget til Bondevik II totalt innebar store kutt på vegvedlikehaldet.
Etterslepet på løyvingar til asfalt er spesielt synleg og merkbart for trafikantane. Ein analyse Statens Vegvesen har gjennomført for 2005, viser at av dei totalt 28 000 km riksveg i Noreg er det vel 30 pst., eller om lag 8 600 km, som vert vurdert å ha dårleg eller svært dårleg dekkestandard. Med slike tal kan eg lett skjøne den kritikken som kjem frå vegbrukarane.
Det er eit klart mål å redusere dette etterslepet. Regjeringa auka derfor midlane til vegvedlikehald med 70 mill. kr i høve til budsjettframlegget for 2006 frå Bondevik II-regjeringa. Dette er eit fyrste steg på vegen til å minske konsekvensane av at det tidlegare har vore for lite midlar til vedlikehald av vegane, men dette er dessverre eit arbeid som vil måtte ta noko tid. Vi snakkar trass alt om store midlar her.
Midlane til drift og vedlikehald skal dekkje mange føremål. Det vert derfor alltid ein konkurranse mellom midlar til asfaltering og midlar til andre gode føremål.
Dei tala som representanten Bredvold refererer frå Hedmark, gjeld både riksvegar og fylkesvegar. Av dei 333 mill. kr som er etterslepet på vegdekket, gjeld meir enn 60 pst. fylkesvegar, som fylkeskommunen har eit hovudansvar for.
Eg er godt kjend med problemstillinga om etterslep av vedlikehald av både riks- og fylkesvegar. Regjeringa vil difor snu utviklinga frå førre periode og arbeide for å få til ein auke i løyvingane til slike føremål i dei komande budsjetta.
Hans Frode Kielland Asmyhr hadde her overtatt presidentplassen.
Morten Ørsal Johansen (FrP) [12:35:15]: Statsråden sier her at Regjeringen har økt veibevilgningene med 70 mill. kr. Det rimer i grunnen dårlig med at Hedmark har fått en nedgang på sine veivedlikeholdsmidler på 20 pst. Og uten at det er noen trøst for Hedmark, har faktisk alle fylker fått en nedgang på veivedlikeholdsmidlene. Har statsråden en god, og jeg gjentar en god, forklaring på hvorfor alle fylker har fått en nedgang, når statsråden påstår at det har vært en økning?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:35:49]: Det eg sa, var at Regjeringa auka løyvingane utover Bondevik II-regjeringa sitt forslag med 70 mill. kr, og det er korrekt. Det eg òg sa, var at Bondevik II-regjeringa hadde store kutt på vedlikehaldssida både i dette budsjettet og i tidlegare budsjett, som òg Framstegspartiet var med og framforhandla. Det er sjølvsagt årsaka til at det i fylka er kutt totalt sett.
Det tek tid å snu ei slik skute, som eg sa i mitt førre svar. Me er i gang med den jobben, og det skal me fortsetje med i regjering.
Morten Ørsal Johansen (FrP) [12:36:31]: Jeg bad om en god forklaring, og forklaringen til statsråden var at de hadde økt bevilgningene i forhold til Bondevik II-regjeringens budsjett for 2005. Jeg gjentar spørsmålet igjen, og jeg vil ha en god forklaring: Hvorfor er det en nedgang i alle fylker i forhold til 2005, når Regjeringen påstår at de har økt bevilgningene med 70 mill. kr? Jeg skjønner ikke det.
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:37:03]: Det er ei veldig enkel forklaring på det, nemleg at det som låg i budsjettet frå Bondevik II, innebar ein endå større reduksjon. Så enkelt er det. Og at me ikkje greidde å leggje inn nok midlar i forhold til å få ein pluss totalt sett, beklagar eg. Men det er òg slik, og det er kanskje det som er ei hovudårsak til etterslepet gjennom mange år, at mykje av det som ligg av midlar, er bunde opp i investeringsprosjekt. Det krevst faktisk ganske mykje politisk handverk, og eg vil òg seie politisk mot, å omprioritere frå investering til drift, for på investeringssida ventar veldig mange folk på midlar nettopp til sitt prosjekt, stortingsrepresentantar medrekna. Det har ein politisk kostnad å ta midlar. Eg var f.eks. i Gudbrandsdalen og varsla mange hundre menneske som ventar på midlar til E6, om at dei må vente lenger om me skal omprioritere til vedlikehald, gitt dei rammene ein har.
Regjeringa har ambisjon om å auke rammene. Det kjem me til å gjere, og me skal òg prioritere drift og vedlikehald på ein betre måte enn det tidlegare regjeringar har gjort.