Stortinget - Møte onsdag den 15. mars 2006 kl. 10
President: Carl I. Hagen
Spørsmål 13
Øyvind Halleraker (H) [12:51:29]: Jeg har følgende spørsmål til samferdselsministeren:
«Vi har i Norge etter hvert lange tradisjoner for vår spesielle form for organisering av bompengeinnkreving, hvori initiativet både tas og bæres lokalt. Dette er viktig for oppslutning om trafikantbetaling ved bompenger som institutt. I etatsforslaget til Nasjonal transportplan var spørsmålet reist om man burde etablere et statlig bompengeselskap. Samferdselskomiteen fulgte ikke opp dette. Spørsmålet er senere reist fra tid til annen, men har også da blitt avvist.
Er statsråden enig i at dette ikke er en god idé?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:52:18]: Bruk av bompengar til vegfinansiering har lang tradisjon i Noreg. Organiseringa av bompengeinnkrevjinga er basert på at kvart bompengeprosjekt er administrert av eit lokalt eigd bompengeselskap, ei ordning som har vore uendra sidan denne finansieringsforma fyrst vart innført.
Eg meiner bompengeinnkrevjinga har forandra seg ein god del det siste tiåret. I dag er hovuddelen av dei samla bompengeinntektene basert på elektronisk innkrevjing. Dette gjer harmonisering av takstsystem og koordinering mellom dei ulike selskapa viktigare og samtidig meir utfordrande.
Det omfanget som bompengefinansiering etter kvart har fått i landet vårt, gjer det ekstra viktig å fokusere på korleis denne finansieringsforma best kan organiserast, med vekt på låge kostnader og eit einsarta system for brukarane.
Vegdirektoratet meiner at kostnadene ved bompengeinnkrevjing kan knyttast til måten bompengefinansieringa er organisert på. I fyrste rekkje gjeld dette for bompengeselskapa sjølve, men òg for brukarane og for Statens vegvesen, som har ansvaret for å følgje opp prosjekta gjennom heile innkrevjingsperioden.
Samferdselsdepartementet har tidlegare varsla at departementet i 2006 vil vurdere organiseringa av bompengeselskapa og eventuelt kome tilbake til Stortinget med saka. Eg avventar no eit forslag frå Vegdirektoratet som eventuelt skal på høyring. Eg vil i den samanhengen understreke at me uansett må ha ei ordning som sikrar ei lokalpolitisk forankring knytt til bompengeprosjekt òg i framtida.
Øyvind Halleraker (H) [12:53:59]: Jeg takker for svaret.
Jeg registrerer at jeg ikke får det svaret jeg kanskje fryktet, nemlig at statsråden var enig i at det er en god idé å organisere dette i et statlig selskap. Hun presiserer jo nettopp at det er det lokale initiativet, det at det er lokale som står for kombinerte finansieringsløsninger, og at pengene går til det enkelte konkrete prosjekt, som er mye av bærebjelken for den ordningen vi har hatt i Norge. Det motsatte ville jo være å betrakte nærmest som en skatt eller avgift på vei som skulle fordeles av sentrale myndigheter. Jeg går da ut fra at statsråden ikke syns at et sånt opplegg er en god idé.
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:54:53]: Eg er som samferdselsminister, som eg er elles, særdeles oppteken av lokaldemokratiet. Eg er oppteken av at dei lokale initiativa som vert tekne ved bompengeinnkrevjing, òg skal følgjast opp med eit lokalt ansvar for å sjå desse prosjekta vel i hamn. Det var ei sak på dette området som fylkeskommunen hadde til høyring, og dei høyringssvara var særdeles negative. Det tek eg med meg.
Som sagt kjem det ei vurdering frå Vegdirektoratet. Ho er i gjenge, og eg skal sjølvsagt handtere ho på sedvanleg vis. Men mi haldning, må eg få gi uttrykk for, og det kan eg i alle fall forsikre representanten om, er at eg ikkje kjem til å kome til Stortinget med ei sak som overkøyrer lokaldemokratiet på dette området.
Øyvind Halleraker (H) [12:55:51]: Jeg takker for svaret.
Jeg syns statsrådens holdning til denne saken er veldig bra. Jeg tror som statsråden at det er mulig å finne fram til bedre og mer rasjonelle løsninger på en del av de operasjonene som utføres, og at kanskje noe av det kan gjøres i større enheter. Så vidt jeg kjenner til, foregår det også et arbeid på det planet, som jeg ikke har noe imot. Men det som gjorde meg litt urolig, var at det kunne se ut til at det var skapt et inntrykk, ikke fra statsråden selv, riktignok, men fra underetatene, om at man fortsatt arbeidet med saken om det statlige selskapet.
Da er mitt spørsmål til statsråden: Det er vel ikke noen grunn til å bruke tid på et slikt arbeid når det ikke ser ut til å være politisk vilje til det?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:56:54]: Det er interessant for statsråden å få dokumentasjonen frå Vegdirektoratet, for eg er oppteken av om det går an å finne løysingar som er meir kostnadseffektive enn dei me har i dag, utan dermed å overkøyre lokale organ. Difor har eg ikkje stoppa arbeidet som Vegdirektoratet har på gang. Eg synest det er interessant å sjå kva som vert lagt fram, og skal vurdere det når det vert lagt fram. Kvar einaste krone me kan spare på dette leddet, kjem jo bilistane, altså brukarane, til gode, og eg vil forsikre meg om at me kan ta ut dei gevinstane me kan. Eg trur som representanten at det sannsynlegvis er fleire måtar å gjere dette på, utan at me nærast skal sentralisere innkrevjinga til eit statleg selskap. Men dette er som sagt ei sak eg må få kome tilbake til Stortinget med når eg har fått ho til behandling og gjort dei vurderingane som eg skal gjere.