Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 1. mars kl. 10

Dato:
President: Carl I. Hagen
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 8

Gunn Berit Gjerde (V) [12:13:25]: «Noreg har rikeleg tilgang på LNG-gass, men nyttar i svært liten grad denne gassen som drivstoff. Berre nokre få ferjer og eitt supplyskip er i dag bygde for LNG som drivstoff. Den førre samferdselsministeren sytte for at store stamvegsamband i Rogaland og Hordaland kom ut på anbod med gassalternativet for å spare miljøet for NOx- og CO2-utslepp.

Vil statsråden medverke til at nye store ferjesamband, t.d. sambandet mellom Molde og Vestnes i Møre og Romsdal, får gassferjer?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:14:05]: Gassdrift har generelt gode miljøeigenskapar. Representanten Gjerde spør spesielt om sambandet Molde–Vestnes. Eg kan i den samanhengen opplyse om at Vegdirektoratet har fått vurdert miljøeigenskapane ved gassdrift i dette sambandet. Med ein ruteproduksjon som i dag i sambandet vil nye LNG-ferjer gje NOx-utslepp på berre 10 pst. av utsleppa for ei tilsvarande ny dieselferje. Utsleppa av CO2 vil kunne reduserast med om lag 25 pst.

Oppfylling av pliktene etter Göteborgprotokollen er krevjande. Noreg skal som kjent redusere utsleppa av NOx med 30 pst. innan 2010. Gassdrift i ferjesektoren er derfor svært interessant i denne samanhengen.

I statsbudsjettet er det opplyst om at Regjeringa arbeider med å utgreie spørsmålet om ei NOx-avgift. Dette arbeidet byggjer på teknologinøytralitet. Òg regjeringa Bondevik II la vekt på teknologinøytralitet i arbeidet med dette spørsmålet. Nøytralitet fører til at ein vil få redusert utsleppa til så låg kostnad som råd er. Val av avgiftsnivå er viktig i den samanhengen. Rett avgiftsnivå gjer at aktørane vel den mest effektive løysinga utan at det vert sett krav til ein bestemt type teknologi i utlysingane.

NOx-avgift er ikkje fastsett enno. Det er difor vanskeleg å byggje inn usleppskrav i dei utlysingane som skal gjerast med det første. På den andre sida synest eg det ville vere uheldig dersom vedtakstidspunktet for NOx-avgift skulle føre til at det ikkje vert valt gassferjer for sambandet Molde–Vestnes. Kalkylane som er utførte av Vegdirektoratet, viser nemleg at med aktuelle avgiftssatsar for NOx-avgift vil det kunne vere rekningssvarande med gassdrift. Det er ein viktig kunnskap for Regjeringa når ein med det aller første skal ta stilling til driftsform for sambandet Molde–Vestnes.

Gunn Berit Gjerde (V) [12:16:02]: Eg takkar for svaret, som eg tolkar optimistisk når det gjeld ferjesambandet Molde–Vestnes og gjerne også andre ferjesamband langs kysten vår.

Eg lurer på om ikkje samferdselsministeren kan vere litt klarare. Det kom ikkje noko regelverk på plass med den førre regjeringa, men det vart då arbeidd slik at dei ferjeselskapa som skulle trafikkere i Hordaland og Rogaland, valde det alternativet. Det er slike ferjer som er i drift i dag.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:16:43]: Nei, dessverre gjorde ikkje Bondevik II-regjeringa noko for å implementere eit regelverk for å redusere NOx-utslepp. Det burde ein ha gjort. Tida går, og fram til 2010 og innfriinga av Göteborgprotokollen er det berre tida og vegen for at Noreg skal innfri dei forpliktingane som me har. Så det var på høg tid at det kom ei handlekraftig regjering. Me utarbeider no eit regelverk som me skal leggje fram i samband med budsjettet.

Det er ikkje så mykje meir å kommentere. Eg er positiv til bruk av gassferjer, og eg meiner det som den førre regjeringa gjorde på det området, var positivt. Dette er nemnt i Soria Moria-erklæringa, i positiv forstand, og eg vil arbeide for å følgje opp det.

Gunn Berit Gjerde (V) [12:17:42]: Sjølv om det ikkje vart utarbeidd eit regelverk då, vart det starta på, og det var ein samferdselsminister som var handlekraftig nok til å få gjennom gassferjedrift den gongen. Det ventar eg at det er denne gongen også, ut frå dei signala som vert gjevne her.

Eg har eit spørsmål som går litt vidare når det gjeld LNG-gass på skip. Dette er ein ny teknologi som har vore prøvd ut ganske lite. Det har, slik som eg kjenner det, vore på supplyskip og nokre ferjer. Ser samferdselsministeren, saman med næringsministeren, dette som ei mogleg teknologiutvikling som norske skipsverft kan ha profitt på i framtida, når det store presset på skipsverfta vert vekke ein gong – vi veit det går opp og ned? Næringsministeren har i dag hatt problem med å vise til nye satsingsområde. Dette kunne vere eit nytt satsingsområde for skipsindustrien vår.

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:18:45]: Det er ingen tvil om at bygginga av dei fem gassferjene som skal setjast i drift, er eit spennande prosjekt for norske verft. Å vidareutvikle den teknologien ser eg absolutt som ei moglegheit. Regjeringa arbeider kontinuerleg med å utvikle ein god og aktiv næringspolitikk, òg på dette området.

Det som kan gjere det problematisk for oss, er at alt som skal ut på anbod i denne sektoren, skal ut i EØS-området, og det er slik sett ikkje gjeve at ei satsing på dette området kan kome berre norske verft til gode, sidan utanlandske verft sjølvsagt òg vil melde seg på i den konkurransen.

Men den maritime næringa er definitivt ei viktig strategisk næring som me må utvikle vidare.

: