Stortinget - Møte onsdag den 15. februar 2006 kl. 10
President: Thorbjørn Jagland
Spørsmål 17
Bård Hoksrud (FrP) [12:59:37]: Jeg vil tillate meg å stille samferdselsministeren følgende spørsmål:
«I statsbudsjettet for 2006 vedtok Stortinget å styrke bevilgningene til asfaltering med 70 mill. kr. Dette skulle innebære at rammene til dette formålet økes. Statens vegvesen oppgir at rammene til Telemark er foreslått redusert med 4 mill. kr for 2006, samtidig som man må tilbakebetale 5 mill. kr som rammene ble øket med i 2005. Dette resulterer i at Telemark får en reduksjon på 14 mill. kr fra 2005 til 2006.
Hvordan er disse 70 mill. kr blitt disponert, og kan statsråden samtidig gi en oversikt pr. fylke?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [13:00:13]: Løyvinga til asfaltering i 2006 vart gjennom handsaminga av tilleggproposisjonen auka med 70 mill. kr. Dette er lagt inn i den ordinære løyvinga til kvar region og fordelt med 10–19 mill. kr til kvar region. Region sør, som omfattar m.a. Telemark, fekk 15 mill. kr. Vidare fekk Region aust 19 mill. kr, Region vest 13 mill. kr, Region midt 10 mill. kr og Region nord 13 mill. kr.
Regionane fordeler midlane til asfaltering ut frå fastsette kriterium som skal sikre fordeling av midlane i høve til tilstandsutvikling av vegdekka. Midlane vert fordelte til dei vegstrekningane i regionen der behovet er størst. Dette gjer at dei årlege overføringane til kvart fylke òg relativt sett vil variere.
Sjølv med vår auke i forhold til Bondevik II sitt budsjett er den totale ramma til Region sør for 2006 for post 23, som omfattar dette området, om lag 63 mill. kr lågare enn i 2005. Det betyr at regjeringa Bondevik kutta ganske mykje på dette. Sjølv om vi prøvde å følgje opp noko av det, vart det ikkje nok. Dette vil resultere i at òg innsatsen til asfaltering i regionen vert redusert. I 2005 gav Vegdirektoratet regionen høve til å overskride budsjettet til asfaltering med 15 mill. kr. Telemark sin del av dette var 5 mill. kr. Denne overskridinga vil i samsvar med tidlegare praksis verte dekt av ubrukte midlar på andre postar, og dei oppgitte 5 mill. kr vert såleis for Telemark sitt vedkommande ikkje kravde tilbake.
Thorbjørn Jagland hadde her gjeninntatt presidentplassen.
Bård Hoksrud (FrP) [13:01:54]: Jeg vil stille et spørsmål til statsråden.
Det blir hevdet fra enkelte at en del av disse midlene som var tenkt å skulle gå til asfaltering, nå blir benyttet i omstillingsprosessen i Statens vegvesen. Kan statsråden bekrefte eller avkrefte den type rykter eller påstander?
Statsråd Liv Signe Navarsete [13:02:15]: Eg er ikkje kjend med rykte eller fakta som går i den retninga. Eg skal sjølvsagt, når slike rykte verserer, undersøkje om det er tilfellet. Dette er svært nødvendige midlar, som absolutt må sikrast dei områda dei skal gå til. Eg kan forsikre representanten om at eg i alle fall skal sikre at så skjer.
Bård Hoksrud (FrP) [13:02:44]: Jeg takker statsråden for svaret. Jeg er veldig glad for det siste, at statsråden vil følge opp den problemstillingen.
Jeg har likevel lyst til å utfordre statsråden på én ting. Med de bevilgningene som nå foreligger, og det som ligger der til fordeling, vil E134 mellom Kongsberg og Notodden ikke få asfaltering, noe som var planlagt fra Statens vegvesens side. Dette er en svært ulykkesbelastet strekning, der det er store problemer med vegdekket. Vi vet også at Telemark er et fylke som dessverre har hatt en negativ ulykkesutvikling i 2005, og det ser heller ikke så veldig lystig ut for 2006.
Så spørsmålet mitt er om statsråden vil se nærmere på muligheten for å gjøre noe med den strekningen. Dette lå inne og var forutsatt gjort noe med i 2006, men det er nå skjøvet ut.
Statsråd Liv Signe Navarsete [13:03:33]: Det viktigaste Regjeringa og statsråden kan gjere, vert å auke ramma for vegløyvingane, slik at ein innanfor den fylkesfordelte ramma kan prioritere dei prosjekta som låg inne som dessverre ikkje har vorte gjennomførte fordi me allereie har fått eit etterslep.
Min jobb – eg skal gjere det eg kan for å få det til – er sjølvsagt å auke ramma til vegløyvingane i tråd med Soria Moria-erklæringa og slik sikre at òg Telemark kan få meir midlar til veg, både til bygging og vedlikehald, i tida framover. Men det får me kome tilbake til, for budsjettprosessen har berre så vidt begynt.