Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 15. februar 2006 kl. 10

Dato:
President: Thorbjørn Jagland
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 16

Borghild Tenden (V) [12:53:45]: Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«Posten har lyktes i å foreta store omstillinger i sin virksomhet siden 2000 og gjennom dette styrket sin konkurransekraft og lønnsomhet. Modernisering er den beste garanti for at Posten står rustet til full konkurranseutsetting, forventet i hele EU i 2009. Dette vil også bidra til tilfredsstillende lønnsomhet, service for brukerne og trygge arbeidsplasser.

Vil statsråden sørge for at Posten får fortsette denne vellykkede prosessen?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:54:24]:   Posten Norge AS har gjennomført ei omfattande omstilling og effektivisering av verksemda dei siste åra, og selskapet kan i dag vise til svært gode resultat. Dette har skjedd samtidig som Posten har lagt vinn på auka service og kvalitet på dei leveringspliktige posttenestene.

Eg er som forvaltar av staten sitt eigarskap i Posten oppteken av at selskapet skal fortsetje med å utvikle verksemda til ei moderne og effektiv verksemd som tek samfunnsansvar. I dag kjem i underkant av 90 pst. av Posten sine inntekter frå konkurranseutsette område. Konkurransen i marknaden legg press på verksemda til å effektivisere drifta og vidareutvikle tenestene. Samtidig vil inntektsbortfall på grunn av nedgang i A- og B-postvolumet, saman med den generelle løns- og kostnadsveksten, framleis vere ei stor utfordring for Posten si lønsemdsutvikling i åra framover. Utviklinga i postmarknaden legg med andre ord, uavhengig av om og eventuelt når postmarknaden vert liberalisert, eit press på Posten til å gjennomføre tiltak for å underbyggje lønsemda i selskapet.

Eg veit at styret og leiinga i Posten vil vidareføre den vellukka utviklinga i selskapet, og at dei gjer dei nødvendige tilpassingane for å sikre at vi òg i framtida vil ha ei god og effektiv postverksemd, som skal vere til stades for alle brukarane i heile landet.

Borghild Tenden (V) [12:55:52]: Jeg takker statsråden for svaret.

Det er riktig som statsråden sier, at det står bra til i Posten. Transport- og kommunikasjonskomiteen har nylig besøkt Posten og fått en grundig orientering om Postens virksomhet. Vi opplevde dyktige, entusiastiske ansatte som var stolte av arbeidsplassen sin og genuint opptatt av Postens ve og vel. Posten sier selv at den beste garantien for at Posten skal videreutvikle et godt landsdekkende posttilbud, er ikkeskjerming mot konkurranse, fordi Posten er konkurransedyktig. Mener statsråden at Posten tar feil når de hevder dette?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:56:33]: Som sagt, Posten har ansvaret for den daglege drifta av selskapet etter at det vart omdana til eit AS. Som generalforsamling har Samferdselsdepartementet og eg ansvaret for dei store politiske linene. Stortinget har gjort vedtak om å utsetje liberaliseringa av Posten si verksemd. Det er ikkje noko særsyn i Noreg. EU har ikkje innført liberalisering pr. i dag, og på møte i førre veke med ansvarleg kommissær for m.a. posttenester fekk eg tydeleg inntrykk av at dette er ei sak som ikkje på nokon måte er avklara innan EU. Me får difor kome tilbake til liberaliseringa i Posten ved eit seinare høve. Så langt har Stortinget gjort vedtak om at den liberaliseringa skal utstå.

Borghild Tenden (V) [12:57:37]: Jeg takker igjen statsråden for svaret.

Som jeg sa i mitt forrige spørsmål, ønsker Posten selv å bli bedre. Posten bruker – og bør bruke – hver dag til å bli bedre og gjøre tingene litt smartere. Alle som har drevet med idrett, vet at det er viktig å ha noe å måle seg mot. Posten ønsker å måle seg mot Norden og Europa for øvrig, men da må de ha de samme virkemidlene som de som de skal konkurrere med, har. Ellers blir de tapere i konkurransen. Hvilke virkemidler vil statsråden gi Posten? Og: Er statsråden trygg på at hun ikke påfører Posten banesår dersom hun ikke gjennomfører den varslede liberaliseringen?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:58:19]: Eg vil, når eg skal leggje fram § 10-meldinga for Stortinget, gjere greie for dei framtidige strategiane som Posten arbeider etter. Som representanten sikkert er kjend med, aukar Posten no sitt marknadsområde ved òg å byggje seg opp i Danmark. Det er ei utvikling som statsråden synest er god, for me ser at spesielt innanfor den bedriftsretta marknaden er det etter kvart vorte ein nordisk marknad, og då vil det vere eit stort konkurransefortrinn for Posten å kunne etablere seg på desse områda.

Når det gjeld konkurransefortrinn i høve til andre, er det ikkje på nokon måte svekt, i og med at heller ikkje andre EU-land enno har innført full liberalisering. Det er nokre få unntak frå det, men så langt har me ikkje på dette området påført Posten noka konkurranseulempe. Me støttar fullt opp om dei strategiane som Posten har i høve til å utvikle ein nordisk marknad på dei områda som er konkurranseutsette både i Noreg og i våre naboland.

: