Stortinget - Møte onsdag den 11. januar 2006 kl. 10
President: Carl I. Hagen
Spørsmål 7
Presidenten: Dette spørsmålet, fra representanten Torbjørn Hansen til miljøvernministeren, er overført til olje- og energiministeren som rette vedkommende. Spørsmålet vil bli besvart av samferdselsministeren på vegne av olje- og energiministeren.
Torbjørn Hansen (H) [11:36:40]: Jeg vil stille statsråden følgende spørsmål:
«Statkrafts planer om å legge en 420 kV-kraftlinje i luftspenn gjennom Hardanger, fra Sima til Samnanger, har reist betydelige protester lokalt som følge av de store og skjemmende inngrep dette medfører i det vakre Hardanger-landskapet. Saken ble også tatt opp av flere partier i valgkampen.
Hva er statsråden sin vurdering av de miljømessige sidene ved dette og tilsvarende inngrep, og ser statsråden at slike inngrep i naturen kan være en konsekvens av manglende utbygging av nye energikilder i regionen?»
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:37:17]: Eg skal svare på spørsmålet frå representanten Torbjørn Hansen på vegner av olje- og energiministeren.
Statnett SF sine planar om bygging av ny 420 kV kraftleidning frå Sima kraftverk til Samnanger transformatorstasjon er under handsaming i NVE. Kraftleidninga vil vedrøre Eidfjord, Ulvik, Granvin, Kvam og Samnanger kommunar i Hordaland. NVE handsamar Statnett SF si melding med forslag til utgreiingsprogram etter reglane om konsekvensutgreiingar i plan- og bygningslova. Meldinga har vore ute på høyring og vekte, som representanten peikar på, store protestar lokalt.
Det er reist krav frå lokalt hald om ulike kabelløysingar. På bakgrunn av høyringa av meldinga og eigne vurderingar vil NVE fastsetje eit program for kva konsekvensar av tiltaket Statnett må utgreie. Her er luftleidning og kombinasjon av luftleidning og kabel moglege utgreiingsalternativ.
Etter gjennomførte konsekvensutgreiingar må Statnett SF søkje om konsesjon etter energilova for kraftframføringa. Søknaden og dei gjennomførte konsekvensutgreiingane vil verte underlagde ei omfattande sakshandsaming med eiga høyring der alle interesserte vil få uttale seg. Også i denne fasen vert det gjennomført lokale møte i regi av NVE.
NVE sitt konsesjonsvedtak kan ein deretter påklage til Olje- og energidepartementet. Departementet vil då føreta ein fullstendig gjennomgang av saka og halde synfaring og møte i distriktet før det vert gjort endeleg vedtak. Eg bed difor om forståing for at eg ikkje kan uttale meg konkret om denne aktuelle saka no.
420 kV kraftleidningar er hovudåra i kraftsystemet og utgjer naudsynt og vital infrastruktur for samfunnet vårt. Slike leidningar kan medføre store inngrep i naturlandskapet. Under konsesjonshandsaming skal alle relevante miljømessige tilhøve vurderast nøye. I alle saker skal det vurderast tilpassingar og avbøtande tiltak for å redusere ulempene ved tiltaket, og NVE kan setje vilkår om slike tiltak i ein konsesjon. Eit avbøtande tiltak kan vere traséjusteringar. Når det gjeld kabling som avbøtande tiltak, viser eg til gjeldande forvaltingsstrategi, fastsett av Stortinget, som fastslår at 420/300 kV som hovudregel skal byggjast som luftleidning. Ved særdeles sterke miljøomsyn kan det vere aktuelt med pålegg om kabling.
Forholdet mellom nett og produksjon vert vurdert av NVE i samband med konsesjonshandsaming etter energilova. Eg er trygg på at naudsynte vurderingar vil verte gjorde i handsaminga av denne saka. På generelt grunnlag er det sjølvsagt slik som representanten antydar, at investeringar i lokal eller regional kraftproduksjon i eit underskotsområde etter omstenda vil kunne erstatte, utsetje eller redusere trongen for bygging av nye overføringsanlegg inn til området. På den andre sida kan ny kraftproduksjon lokalt eller regionalt, enten dette er vasskraft eller gasskraft, medføre trong for auka overføring ut av området og slik aktualisere trongen for nye overføringssamband.
Alle desse spørsmåla er det opp til Statnett som systemansvarleg nettselskap i Noreg å vurdere. Ut frå samfunnsøkonomiske kriterium er det så Statnett sitt ansvar å gjennomføre investeringar i det sentrale overføringsnettet.
Torbjørn Hansen (H) [11:40:54]: Jeg vil takke statsråden for svaret, selv om jeg synes det er underlig og litt uheldig at miljøvernministeren ikke vil svare på et spørsmål som åpenbart handler om de miljømessige sidene av planene om luftspenn.
Hardanger er en del av et unikt nasjonalt fjordlandskap, og kraftlinjer vil være et stort inngrep over en lang strekning i fjordlandskapet. Linjen går også tvers over Kvamskogen, som er et viktig rekreasjonsområde for bergensregionen. Samtlige kommuner på strekningen er imot og organiserer seg for å bekjempe planene. Saken var også oppe i valgkampen, og stortingsrepresentant Rune J. Skjælaaen fra Senterpartiet uttalte til Bergens Tidende 18. august i fjor:
«Hardanger som turistmål står på spel, og vi må finne andre løysingar enn luftspenn.» […] «Den rekninga får vi heller ta – ikkje berre bergensarane, men fordelt på alle straumabonnentane.»
Skjælaaen kommenterte da å legge kabelen i sjøkabel.
Har Regjeringen vurdert en ny politikk i forhold til bygging av kraftlinjer, eller var kommentarene fra Skjælaaen heller uforpliktende valgkamputspill?
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:41:57]: Som eg har gjort greie for i svaret mitt, er det ein omfattande prosess før denne saka vert avgjord, og i sin tur vil saka kome på olje- og energiministeren sitt bord. Når ho kjem dit, vil olje- og energiministeren gje uttrykk for Regjeringa si haldning i dette spørsmålet. Eg kan difor ikkje gå lenger inn i detaljane omkring det, og heller ikkje i dag uttrykkje Regjeringa si haldning, i og med at saka ikkje er komen inn til handsaming enno.
Torbjørn Hansen (H) [11:42:32]: Jeg vil takke for dette svaret også.
Jeg vil si at egentlig burde denne kraftlinjen vært helt unødvendig. Den åpenbare løsningen her er å få dekket kraftbehovet regionalt gjennom bygging av gasskraftverk. Vi har store gassressurser i Nordsjøen. Alt ligger til rette for bygging av gasskraftverk i denne regionen, og da vil disse kraftlinjene antakelig ikke være nødvendige i overskuelig framtid. Dette var også noe som stortingsrepresentant Olav Akselsen fra Arbeiderpartiet kom inn på i Bergens Tidende 4. januar, hvor han foreslår å bygge et gasskraftverk i Rådalen i bergensområdet, hvor man også kan bruke spillvarmen effektivt til oppvarming. Det er et forslag som jeg er hjertens enig i.
Ser statsråden at vi her risikerer store inngrep i naturlandskapet som følge av passivitet i kraftutbyggingen, og at man kunne unngått disse utbyggingene hvis man realiserte gasskraftutbygging i vestlandsregionen?
Statsråd Liv Signe Navarsete [11:43:33]: Som eg gjorde greie for i mitt hovudsvar, kan òg auka produksjon føre til auka trong for overføringsleidningar, då ikkje for å ta kraft inn til området, men for å føre kraft ut.
Eg er kjend med at det ligg føre konkrete planar i området, m.a. om eit gasskraftverk på Mongstad, som for tida er under handsaming i NVE. Eg vil òg vise til Soria Moria-erklæringa der ein slår fast at det ikkje vert sett i gang arbeid med nye gasskraftverk utan at CO2-handtering er på plass. Det er eit arbeid som no er i gang, og som har den største merksemd i Olje- og energidepartementet. Olje- og energiministeren vil sjølvsagt arbeide kontinuerleg med det i tida framover.